May 2, 2011

Kva skal du lese? Veke 18

Eg prøver meg på ei ny spalte, her på boklesebloggen min. Ho heiter "Kva skal du lese?" og handler om kva vi alle har tenkt å lese denne veka. Eg håper dette kan bli ei spalte til inspirasjon, kor vi kan finne gode tips til lesestoff hos kvarandre. Om du vil vere med, så kan du svare i eigen blogg og leggje igjen ein kommentar her, slik at eg finn deg. Viss du ikkje har blogg, kan du svare i kommentarfeltet.

Kva har du tenkt å lese denne veka?


Mine leseplaner for veke 18 er:

- Lese ferdig Tårnet av Uwe Tellkamp.
- Lese vidare i Don Quijoute, som eg begynte på i går som eit ledd i ei samlesing på bokelskere.no.
- Fortsette å kose meg med russiske noveller.
- Få tak i Elskeren av Margueritte Duras, til samlesingsprosjektet av 1001 bøker på linesbibliotek.

7 comments:

fjord said...

Ho-ho-ho! Hva skal jeg lese ja... Det er vel mer et spørsmål om at jeg selv burde skrive, men jeg leser på Guards, guards (Terry Pratchett) og Tillers Innsirkling 2, og blir kanskje ferdig med de i løpet av uka. Hva jeg skal lese etter det vet jeg ikke, men jeg har plenty av alternativer i hylla, ser det ut som.

Gled deg til Elskeren! Gleder meg til å lese hva du skriver om den.

Elida said...

Eg og skriver noko liknande kvar mandag. Don Quijote er eg og med på, og blir spennande å sjå kor lenge eg held ut:-)

torbjørn hauken said...

Jeg ikke bare skal, men må finlese brosjyren'Hvordan flytte uten å få psykisk sammenbrudd. Om jeg mot formodning har tid til overs holder jeg også på med Philip Roths siste roman, 'Nemesis',

Bai said...

Det er forskjell på å skulle lese og burde skrive, fjord. Tillers Innsirkling 2 har eg også på heimlån frå biblioteket for tida. Kanskje eg burde prioritere den også, før lånetida går ut.

Elida, når du seier det, så har eg sett det hos både deg og Labben. Idéen min var kanskje ikkje så unik som eg først trudde. Men denne mandagsgreia er litt mindre omfattande enn den de er med på, så det blir jo ikkje heilt det same.

Torbjørn, kjempemasse lykke til med flyttinga! Det er eit pes, eg veit det! Sett av litt tid til Philip Roth innimellom flyttinga, så kanskje det reduserer faren for psykisk samanbrot. Også er det godt når det er over.

ziarah said...

Jeg skal lese Truman Capote's In Cold Blood, som jeg har på pensum i år. Eksamen er 13. mai, men er ellers godt forberedt, heldigvis.

annkolaas said...

Etter å ha lese så mykje fint om Alice Hoffmann, har eg vore og lånt Lysnatt og Hvite hester. Eg tenkjer å begynne med Lysnatt, sjølv om Hvite hester er debuten.

Bai said...

Både Capote og Hoffmann er namn eg også har på lista mi, men som eg ikkje har fått lese ennå. Blir spennande å lese kva de synest om dei.