May 16, 2011

Kva skal du lese - veke 20?

Det er mandag igjen. Fortel om leseplanane dine for veka!

Eg held framleis på med Tårnet av Uwe Tellkamp, som eg begynte på i påsken. Det er ei god bok, men ho er lang og tung.

Eg har også begynt på Elskeren av Marguerite Duras. Denne skal lesast saman med ei rekke andre bloggarar, etter initiativ frå Linesbibliotek, og bloggast førstkommande søndag. Halvvegs i boka, liker eg ho godt, og eg er spent på kva dei andre samlesarane synest.

Elles held eg framleis på Seierherrene på lesebrettet mitt. Eg er ikkje klar for å melde meg inn i Roy Jacobsen sin fanklubb heilt ennå, men det er greit lesestoff på bussturar og liknande.

Kva skal du lese denne veka?

4 comments:

Ingrid said...

Jag vet att jag ska läsa klart Jan Mosanders bok om Berlin och så håller jag på att kämpa med "Tornet"- det är en mycket bra bok men jag kan inte påstå att den är lättläst.... och så 900 sidor på det... den måste man nog ge lite tid...

Bai said...

Tårnet er ei slik bok det er greit å lese litt om gongen av. Kva synest du om ho, så langt?

Ingrid said...

Jag har läst klart första avdelningen- och jag är mest intresserad av Christians upplevelser i boken- de känns något mera lättforcerade- det är väldigt ordrikt och kompakt- men jag kan förstå att den här boken blivit bästsäljande i Tyskland- den återger säkert både känslan och "realiteten" att bo i DDR.

Bai said...

Eg har komme eit stykke ut i del 2, og synest også det som dreier seg om Christian og Richard er mest lettfatteleg. Samtidig er dette med sensur og korleis dei avgjer kva som blir trykka, i miljøet rundt Meno ganske interessant på eit plan, det også.

Eg lar meg fascinere over realitetsskildringane, sjølv om dei tidvis er litt meir ordrike enn strengt tatt nødvendig.