Jun 23, 2011

Never Let Me Go

Never Let Me Go
Kazuo Ishiguro
Faber and Faber, 2005.
282 sider.



Never Let Me Go er ei bok det er vanskeleg å skrive eit handlingsreferat frå. Ikkje fordi ho ikkje har handling, men fordi eit handlingsreferat vil avsløre for mykje. Boka handler om den 31-år gamle Kathy som fortel om oppveksta si. Til å begynne med, verkar det som ein vanleg oppvekstroman, men vi forstår raskt at oppveksta til Kathy og vennene Tommy og Ruth på pensjonatskulen Halisham er langt frå vanleg.

Kathy fortel, men ho forklarer ikkje lesaren det ho sjølv er innforstått med. Dermed blir det brukt mange ord og uttrykk som verkar uforståelege i starten. Eg trudde først eg hadde gått glipp av noko, og las dei første kapitla to gonger. Etterkvart skjønte eg at det skulle vere slik. Eg skulle ikkje forstå alt, før boka sjølv avslørte det. Mykje av spenninga i Never Let Me Go ligg dermed i denne meisterlege oppbygginga, kor lesaren gradvis forstår meir og meir.

Kontrasten mellom det idylliske livet på pensjonatskulen og skrekkvisjonen av eit samfunn som boka etterkvart viser seg å skildre er også sterk. Og dette er også med på å drive boka framover. Forteljinga om Kathy, Tommy og Ruth vekker sterke kjensler i meg, eg blir sint og eg blir redd. Og sjølv om eg heile tida er i den så godt fortalde historia, vekker boka også ein refleksjon rundt aktuelle etiske problemstillingar.

Never Let Me Go er verkeleg ei bok det er verdt å lese! Eg har funne ut at boka også er filmatisert, og eg merkar at eg er nysgjerrig på filmen. Eg trur eg kjem til å sjå han om ei stund.

Du kan lese meir om Never Let Me Go hos Bokmerker og Migrating Coconuts.

5 comments:

Little Man From Another Place said...

Eg hev kjøpt denne boki, men eg hev ikkje fenge lese henne enno. Mange bøker stend i kø (eit velkjent problem?)! Men ho verkar spanande. Viss du ikkje hev lese henne allereie, må eg berre få tilrå "The Remains of the Day" av same mann. Filmatiseringi av denne romanen er sers god au!

Ingrid said...

Jag hade boken i min hylla väldigt länge innan jag läste den- en väldigt otäck dystopi och precis som du undrade jag också i början om jag hade missat något- innan allt det hemska gick upp för mig. Jag är glad att jag läste, trots allt för det är en mycket bra bok. Jag vill gärna se filmen (om jag vågar....)

Bai said...

@Little Man... Eg har ikkje lese noko anna av Ishiguro, men eg har også lyst til å lese The Remains of the Day.

@Ingrid: Ja, eg tenkte at eg skulle lese denne, etter å ha lese om ho i din blogg. Men eg klarte ikkje finne igjen innlegget, for å lenke til det nå når eg skreiv.

Har du Lest? said...

Godt skrevet om en helt fantastisk bok!!! En av mine favoritt forfattere som leverer på et imponerende høyt nivå.

labben said...

Du kan trygt se filmen. Jeg likte den godt, selv om det finnes momenter fra boken den ikke klarer å fange opp.