Jun 8, 2009

Paul Auster - Brooklynsk dårskap

Brooklynsk dårskap
Oversett av Knut Ofstad
Aschehoug 2006
349 sider
Original tittel: Brooklyn Follies
2005.

Denne boka kjøpte eg for lenge sidan, fordi eg syntest biletet på framsida var så nydeleg. Her ser vi ein gammal mann som står i eit vegkryss og kikkar oppi ein bærepose. Bak han står ein yngre mann midt i vegen med ein badeball. Til venstre for mannen med bæreposen (eller, til venstre for han i biletet, men strengt tatt til høgre for mannen; eg blir alltid usikker på om det kallast høgre eller venstre i slike tilfelle) ligg det ein caps på gata. Bak capsen står det ei dame og ser på mannen med badeballen. Det er sjeldan eg kjøper bøker fordi eg blir betatt av framsida til boka, men denne var eit unntak. Eg blir fascinert av biletet, og særlig av den gamle mannen med bæreposen. Han har stoppa opp i eit vegkryss og kikker oppi posen og ser ut til å lure på kva han har gløymd å kjøpe.

Dersom eg ikkje hadde vore så impulsiv og kjøpt boka fordi eg likte omslaget, ville eg nok ha tenkt meg om to gonger og fått tak i boka på engelsk. For det er ei god bok, men det er mange ordspel som forsvinn i oversettinga, og som derfor ser snodige ut. Så nå har eg notert meg at Paul Auster ikkje er ein forfattar som skal lesast i oversett utgåve, neste gong.

Heldigvis var Brooklynsk dårskap ei så god bok at det var verdt å lese ho sjølv om oversettinga innimellom baud på nokre underlege ordspel. Vi møter den pensjonerte forsikringsselgjaren Nathan Glass som har fått lungekreft, mista kontakten med eks-kona og dottera og flytta til Brooklyn. Her samlar han på anekdoter som han skal sette saman til Boken om menneskelig dårskap. Plutseleg møter Nathan nevøen sin, Tom, som arbeider i eit antikvariat. Desse to einsomme mennene tar opp kontakten og etablerer eit sterkt vennskap. Dei møter ei rekke menneske. Nokre av desse er familiemedlem, medan andre er nye bekjentskap. Felles for dei menneskene dei møter er at historia deira blir sentral i boka.

Brooklynsk dårskap er ein roman med ei einheitleg handling. Samtidig er det ein roman som er bygga opp av ei rekke små historier om ulike menneske og møtene mellom desse. Boka er svært rik på detaljerte skildringar og digresjonar og avstikkarar frå forteljinga om Nathan og Tom. Desse små forteljingane som blir fortalde innimellom, gir boka eit lett og humoristisk preg.

Språket er også lett og humoristisk, og boka får eit preg av å verkeleg vere ei forteljing. Forteljarstemma i boka, Nathan, henvender seg innimellom direkte til lesaren gjennom utsegn som for eksempel "med fare for å kjede leseren" og liknande. Dette er eit grep eg vanlegvis ikkje er så begeistra for, men i Brooklynsk dårskap er dette preget av at boka er ei forteljing som blir fortald meg som lesar så godt gjennomført, at eg synest det er greit. Brooklynsk dårskap er ein underhaldande roman - som i tillegg har eit fascinerande bilete på framsida.

Jun 4, 2009

Å vere i ei forteljing

For nokre dagar sidan skreiv Spectatia eit blogginlegg omkring Athol Fugards formulering The only safe place in the world is inside a story. Etter å ha lese dette innlegget har eg gått omkring med dette Fugard-sitatet i bakhovudet dei siste dagane.

Eg leser for tida Brooklynsk dårskap av Paul Auster. Det er ei av desse bøkene eg merkar at eg burde ha lese på engelsk, men som eg likevel har lånt på norsk på biblioteket. Brooklynsk dårskap er ein roman som inneheld svært mange anekdoter og korte forteljingar. Og i går kveld las eg ei anekdote om Kafka som møter ei lita jenta som gret over at ho har mista dukka si. Kafka seier, for å trøyste henne at dukka er ikkje borte, ho har bare lagt ut på ei reise. Han veit dette fordi han har fått eit brev frå dukka, som han skulle gi til jenta. Kafka går heim, skriv brevet. Ikkje nok med at han skriv dette brevet, men han let dukka love å skrive til jenta kvar dag. Kvar dag i tre veker skriv Kafka eit nytt brev frå dukka til jenta, om oppvekst, skulegang og etterkvart avslutter han brevskrivinga med å fortelje jenta at dukka har forlova seg og skal gifte seg.

"På det tidspunktet har piken selvfølgelig kommet over savnet av dukken. Kafka har gitt henne noe annet i stedet, og innen de tre ukene er omme, har brevene leget sorgen hennes. Hun har fortellingen, og når et menneske er så heldig å leve inne i en fortelling, å leve i en fantasiverden, forsvinner den virkelige verdens smerter. For så lenge fortellingen fortsetter, eksisterer ikke lenger virkeligheten." (Brooklynsk dårskap, s. 182).

Denne historia om Kafka og breva frå dukka er veldig rørande. Ho har også gitt meg mykje å tenke på, særskilt sidan eg las ho i forlenginga av dette sitatet frå Fugard. Eg er ikkje sikker på om eg ville ha bite meg merke i denne forteljinga, på same måten, hadde det ikkje vore for at eg hadde tenkt på dette sitatet dei siste dagane.

Kanskje ein av grunnane til at den einaste trygge plassen vi kan vere, er inni ei forteljing, er nettopp dette som Paul Auster skriv: "Så lenge fortellingen fortsetter, eksisterer ikke lenger virkeligheten". Og dette er med på å gjere forteljinga til ein trygg stad, så langt unna alle dei verkelege farane og truslane vi kan møte i kvardagen.

Jun 2, 2009

Lesestoff i sommarsola

Bloggen har blitt nedprioritert dei siste dagane, til fordel for det utruleg fine veret. Eg har prioritert å smøre meg inn med solkrem og ta med bøkene mine ut dei siste dagane. Her kjem ei rask presentasjon av det eg har lese:

Utskudd av Sadie Jones var ei, for meg, ukjendt bok av ein ukjendt forfattar. Eg hadde gløymd å avbestille ho i bokklubben.

Vi møter Lewis som mister mora si som tiåring og følgjer han gjennom tenåra. Lewis blir sett på som eit håplaust tilfelle av fleire av sambygdingane. Folkesnakket og folk sine haldningar til Lewis gjer at han får vanskeleg for å vise fram dei gode sidene ved seg sjølv og historia til Lewis blir ein stadig meir negativ spiral. Lewis er ein plaga gut, som trenger å bli sett. Den vesle nabojenta Kit ser han og dei to utvikler eit spesielt forhold.

Utskudd er ei mørk og dyster historie, som viser korleis mennesker kan påverke kvarandre både på godt og vondt. Det er ei veldig god bok.






William Goldings Lord of the Flies er ein klassikar det kanskje ikkje er nødvendig å seie så mykje om. Eit fly har styrta og ei gruppe born er aleine på ei aude øy, kor dei må klare å samle inn det dei treng av mat på eiga hand. Det danner seg raskt to grupperingar på øya, med to leidarar. For Ralph er bålet det viktigaste. Bålet gjer det mogleg å vise forbipasserande skip at det er folk på øya og dermed representerer det det langsiktige håpet om å bli redda. Den andre gruppa har ein leiar som er i stand til å skaffe dei kjøt, og dermed gjere borna mette umiddelbart. Det er ei sterk og grusom forteljing om kva slags krefter som bur i folk.

Seinast i det siste nummeret av Morgenbladet, var det ein notis om at Lord of the Flies var anbefalt å lese på BI, fordi det var ei bok som sa langt meir om ulike formar for leiarskap enn fleire psykologibøker. Så denne boka frå 1954 er framleis aktuell.






Den siste boka eg har lese den siste tida er Hvermann av Philip Roth. Boka åpner med ei skildring av gravferda til den namnlause hovudpersonen, kor vi møter dottera som forguder faren og dei to sonane som avskyr han. I fortellinga om livet til hovudpersonen er dei mange møtene med døden sentrale. Forteljarstemma høyer til den gamle mannen som ser tilbake på livet sitt, som misliker den han sjølv har blitt og som ikkje har ei forklaring på kvifor livet har utvikla seg som det har gjort. Han framstår til tider som ein usympatisk type, særskilt når han fortel om då han sveik den andre kona si til fordel for den tredje kona, som var halvparten så gammal som han. Han forsøker å begrunne og forklare bort dei svika han har gjort, men han framstår ikkje som ein som tar ansvar for måten livet har utvikla seg.

Forteljinga er kort, med sine 156 sider er det vanskeleg å vite om eg skal kalle ho ein kort roman eller ei lang novelle. Den namnlause karakteren og tittelen Hvermann, gir inntrykk av at boka handlar om noko som gjeld alle menneske. Døden står som eit sentralt tema i teksten og undergangsstemninga er dominerande. Denne kombinasjonen av det allmennmenneskelege og det forgjengelege, gjer at boka blir ei påminning om døden som den uungåelege avslutninga på livet.

May 27, 2009

Bokhylla.no

Til stor glede for alle bokelskarar melder dei norske avisene om at Nasjonalbiblioteket har lagt ut 10 000 bøker tilgjengeleg på nett, på det nye nettstedet bokhylla.no. Tekstane skal representere eit tverrsnitt i den norske litteraturen, og er dermed frå 1690-, 1790-, 1890- og 1990-talet. Dei nyare bøkene kan lesast, medan eldre bøker kor rettigheitstida har gått ut kan lastast ned.

Eg gleder meg over dette tiltaket. Eg gleder meg over at det i større og større grad blir mogleg å få tak i tekstar av ulike slag, elektronisk. Eg må ikkje lenger ut av huset, til bibliotek eller bokhandel for å finne ei bok eg gjerne skulle slått opp i. Eg kan i stadig større grad finne boka på nett.

Likevel er eg framleis veldig glad i å lese bøker på papir som heng saman i bokformat. Dei gongene eg har fått pdf av bøker som ennå ikkje er gitt ut, har eg printa dei ut fordi eg synest det er slitsomt å lese på skjerm. Då har eg endt opp med å sitte med ei lefse med A4-ark, som ikkje er langt unna ei pocketbok i pris. Slike lefser er uhåndterlige og dårleg egna til for eksempel lesing på senga. Eg innser at det er på tide å få tak i eit lesebrett. Eg er litt nysgjerrig på desse. Korleis er dei for eksempel i sterkt sollys? Blir skjermen svart, som på laptopen, eller går det an å ha med lesebrettet på stranda?

Til tross for at eg er av den konservative typen som faktisk liker bøker, som bøker, med papir og papirlukt, spennande omslag og i eit praktisk format, synest eg bokhylla.no er eit flott prosjekt. Eg gleder meg til å kunne hente fram tekstar der.

May 24, 2009

Eit kvardagsdikt

Stillheten, sier jeg
og mener dette som er mer enn ordene
alt det vi strekkes oss mot bakenfor
og gjennom ordene
De hvite skyer, høye trær med mørke
tunge kroner, speilet
i dypet av ditt øye
Og jeg strekker meg imot det
strekker fram et ord, som på
et sølvbrett, og med hvite
eller sorte hansker
Stillheten, sier jeg
og vannet kruses, alle bilder
krølles sammen
Kan du tie, mann!
Jeg kan ikke

Av Paal Brekke. Samlede dikt [1], s. 224.

May 22, 2009

PoemHunter.com

Eg har oppdaga ei fantastisk webside, nemlig PoemHunter.com. Dette er ein database som i følgje reklamen inneheld 310 931 dikt av 24 752 ulike poetar, 124 601 songar av 10 145 artistar og 64 870 sitat.

Eg kjem stadig over namn på poetar eg gjerne skulle ha lese meir av og forsøker å henge opp ein post-it-lapp inni hovudet mitt. Denne ramlar gjerne vekk innan eg kjem meg til ein bokhandel eller eit bibliotek, og poeten forblir ulesen. Nå har eg funne ein ny plass og leite etter tekstar, med ein gong eg tenker på dei. Så nå gjenstår det bare å overvinne dei mentale sperrene mot å lese på skjerm.

May 20, 2009

Ian McEwan - Lørdag

Saturday
Oversatt av Halvor Kristiansen
Lørdag
Gyldendal 2005
270 sider


I Lørdag møter vi den lykkeleg gifte og veltrente hjernekirurgen, Henry Perowne, som bur i eit stort og dyrt hus sentralt i London saman. Rosalind, kona er vellukka advokat og sonen Theo er ein lovande gitarist. Denne laurdagen skal dottera Daisy komme heim frå Paris med prøvetrykket av diktsamlinga ho skal gi ut. Det er ein svært trygg, rik og vellukka familie som har det godt og er glade i kvarandre. Handlinga i romanen er lagt til ein laurdag i februar 2003. Perowne våknar midt på natta og ser eit brennande fly flyge over London. I og med at det skal vere demonstrasjonar mot Storbritania si deltaking i krigen i Irak denne dagen, er dette urovekkande. Frykta for terror og redsla for at alt det trygge skal gå i grus blir aktivert med synet av dette flyet, og er eit av dei gjennomgåande tema i boka. På veg til ein squash-kamp kolliderer Henry Perowne med ein brutal type, Baxter. Perowne kjem unna konfrontasjonen med å audmjuke Baxter ved hjelp av sine kunnskaper som lege. Seinare viser det seg at Baxter ønsker å få gjenoppretta ryktet sitt, og kjem etter Perowne for å ta igjen.

Eg klarte ikkje bli heilt engasjert av Lørdag. Historia er fortald gjennom Henry Perowne sine synsvinkel, men i tredjeperson. Til tross for denne tredjepersonsforteljinga har lesaren tilgang til alle tankane og kjenslene til Perowne, og ikkje til dei andre karakterane. Dermed ligg synsvinkelen og forteljaren sine sympatier hos Perowne. Likevel blir hovudpersonen omtala med etternamn gjennom heile romanen. Dette irriterer meg, fordi det skaper ei unødvendig distanse mellom hovudpersonen, som skal vinne min sympati og meg som lesar. Lørdag har ei spennande forteljing med mange interessante betraktningar om samtida, kulturen og verdssamfunnet anno 2003. Historia om Perowne og familien hans, og etterkvart om Baxter si rolle i forhold til dei andre karakterane er spennande og godt fortald. Eg vil gjerne vite kva som skjer vidare på handlingsplanet. Men likevel er det noko i teksten som skaper ei distanse til karakterane på det personlege planet. Sidan dette er ein roman der den personlege utviklinga, tankane og kjenslene til karakterane har fått stor vekt, blir denne distansa forstyrrande. Dermed blir eg verken overbegeistra eller målbunden etter å ha lese Lørdag.

May 18, 2009

Jorda rundt på 8 bøker: En dag i Ivan Denisovitsj liv av Aleksandr Solzjenitsyn

Jorda rundt på 8 bøker starter i Aust-Europa, og eg har vald å lese En dag i Ivan Denisovitsj liv denne månaden. Dette er ei av dei mange bøkene eg lenge har tenkt på at eg skulle ha lese.

Sidan det framleis er mai ei stund til, skal eg ta meg ein tur på biblioteket og sjå om eg får tak i Kafkas Forvandlingen også, og forlenge opphaldet i Aust-Europa med denne.

Men først, litt om En dag i Ivan Denisovitsj liv.

En dag i Ivan Denisovitsj liv
Aleksandr Solzjenitsyn
USSR 1962
Oversatt av Natalia Fredriksen
Tiden Norsk Forlag 1963
214 sider

Ivan Denisovitsj Sjukhov er dømd til ti års straffearbeid i ein russisk fangeleir, etter å ha blitt anklaga for spionasje. En dag i Ivan Denisovitsj liv er historia om ein dag i denne fangeleiren, frå morgonrevelja til sola går ned.

"Klokka fem klang som alltid reveljen - hammerslag mot en skinnestump utenfor stabsbrakka. Kimingen trengte svakt inn gjennom det fingertjukke rimlaget på rutene og stilnet snart. Vokteren var ikke lysten på å slå lenge i denne kulda."

Første avsnittet i boka presenterer lesaren for den uuthaldelege kulda, voktaren og brakkene fangane bur i. Vidare gir boka detaljerte skildringar av livet til fangane sett gjennom Sjukhovs auge. Desse skildringane er til tider i overkant detaljerte for min smak, arbeidet fangane gjer blir for eksempel gjenfortald på eit slikt detaljnivå at det nesten blir litt langdrygt. Samtidig er kanskje dette eit poeng i seg sjølv, murararbeidet Sjukhov gjer denne dagen er langdrygt og hardt i den uuthaldelege kulda. Mykje av dagen til Sjukhov og dei andre fangane går med på å finne på små ting han kan gjere for å gjere dagen lettare og sikre seg goder. Ved å vere hjelpsom og vennleg mot dei rette personane, kan han kanskje skaffe seg ein ekstra porsjon suppe eller brød i løpet av dagen.

Eg lar meg imponere over den usentimentale og nøkterne tonen i forteljinga. Sjukhov ser ikkje på seg sjølv som eit offer, til tross for at han blir drive til slavearbeid i fleire titals minusgrader. Han tar sjølv ansvar for å gjere det beste utav akkurat denne dagen, og denne grunnleggjande haldninga til livet er beundringsverdig. Eg er vanlegvis ikkje så veldig glad i å trekke inn biografiske element frå forfattaren sitt liv i lesinga av bøker, men i forhold til En dag i Ivan Denisjovitsj liv klarer eg ikkje å sjå vekk i frå at denne romanen er basert på forfattaren sine eigne erfaringar frå straffearbeid i fangeleir. Den grunnleggjande positive haldninga til Ivan Denisovitsj gjer romanen til ei sterk lesaroppleving, og lesaropplevinga blir endå sterkare sett i lys av forfattaren si eiga historie.

Tematrio - svenske favoritter


Lyran utfordrer denne veka alle nordmenn til å fortelje om sine svenske favorittar. Eg synest dette er ei flott utfordring. Vi nordmenn har godt av å sjå vekk frå vårt eige, etter denne helga. Nasjonalkjensla toppa seg allereide på vorspielet i Moskva, lenge før gatene blei fyllte av norske flagg og bunadar, pølser og is og glade barn i sola. Så nå treng vi verkeleg litt svensk drahjelp for å komme ned på landjorda igjen.

Berätta om tre norska/svenska favoriter. Välj om du vill berätta om en speciell bok eller en författare.

1. Gunnar Ekelöf. Selvfølgeleg. Han er og blir min svenske favoritt. Det er vanskeleg å trekke ut ein bestemt tekst av Ekelöf, men eg vil likevel presentere han med eit dikt:

"En värld är varje människa"

En värld är varje människa, befolkad
av blinda varelser i dunkelt uppror
mot jaget konungen som härskar över dem.
I varje själ är tusen själar fångna,
i varje värld är tusen världar dolda
och dessa blinda, dessa undre världar
är verkliga och levande, fast ofullgångna,
så sant som jag är verklig. Och vi konungar
och furstar av de tusen möjliga inom oss
är själva undersåtar, fångna själva
i någon större varelse, vars jag och väsen
vi lika litet fattar som vår överman
sin överman. Av deras död och kärlek
har våra egna känslor fått en färgton.

Som när en väldig ångare passerar
långt ute, under horisonten, där den ligger
så aftonblank. - Och vi vet inte om den
förrän en svallvåg når till oss på stranden,
först en, så ännu en och många flera
som slår och brusar till dess allt har blivit
som förut. - Allt är ändå annorlunda.

Så grips vi skuggor av en sällsam oro
när något säger oss att folk har färdats,
att några av de möjliga befriats.

Gunnar Ekelöf (1907-1968)
frå "Färjesång" 1941

2. August Strindberg kjem på andreplassen, med Ett Drömspel, som er ein av desse tekstane som blir større og sterkare for kvar gong eg les han. Gudedottera Agnes blir sendt til jorda for å undersøke kvifor menneska syter og klager slik. Ho reiser rundt i eit draumeliknande landskap og får sjå kvifor det er synd om menneska. Eg har endå ikkje fått anledning til å sjå ei oppsetjing av stykket, men eg liker teksten svært godt.

3. På tredjeplass blir det meir lyrikk, og eg tar meg i å lure litt på om det er den syngande klangen i det svenske språket som gjer at eg er så glad i svensk lyrikk, eller om det er ei anna grunn til at eg liker svenske lyrikarar betre enn andre lyrikarar. Saman med Ekelöf er i alle fall Karin Boye ein anna av mine favorittlyrikar. Eit av dei mest kjendte dikta hennar er diktet "Ja visst gör det ont".

"Ja visst gör det ont"
Ja visst gör det ont när knoppar brister.
Varför skulle annars våren tveka?
Varför skulle all vår heta längtan
bindas i det frusna bitterbleka?
Höljet var ju knoppen hela vintern.
Vad är det för nytt, som tär och spränger?
Ja visst gör det ont när knoppar brister,
ont för det som växer och det som stänger.

Ja nog är det svårt när droppar faller.
Skälvande av ängslan tungt de hänger,
klamrar sig vid kvisten, sväller, glider -
tyngden drar dem neråt, hur de klänger.
Svårt att vara oviss, rädd och delad,
svårt att känna djupet dra och kalla,
ändå sitta kvar och bara darra -
svårt att vilja stanna och vilja falla.

Då, när det är värst och inget hjälper,
Brister som i jubel trädets knoppar.
Då, när ingen rädsla längre håller,
faller i ett glitter kvistens droppar
glömmer att de skrämdes av det nya
glömmer att de ängslades för färden -
känner en sekund sin största trygghet,
vilar i den tillit som skapar världen.

May 13, 2009

Bøker eg vil lese

Eg har lenge hatt ei mental liste over bøker eg til ein kvar tid vil lese. Denne lista er lite systematisk og dårleg organisert. I nokre tilfelle tar ho fysisk form, men ofte er ho svært abstrakt.

Den mest konkrete delen av leselista mi, er ein stabel med bøker eg har kjøpt, som endå ikkje har fått plass i bokhylla fordi dei skal lesast først. Denne stabelen er spredt litt rundt omkring, noko som har ein tendens til å medføre støv og rot, så eg leiter etter ein betre løysning på korleis eg skal organisere desse skal-snart-lese-bøkene mine.

Leselista mi kan også ta form av ei skrivebordsskuffe med avisutklipp av bokmeldingar frå ulike aviser. I denne skuffa har eg også heile aviser med ikkje-utklipte bokmeldingar. Eg har ambisjonar om å putte desse i ein perm og organisere dei. Permen er til og med klar, men innhaldet er fattigsleg i og med at utklippa mine blir liggjande i ei skuff.

Den mest strukturerte forma for leseliste, er den virituelle leselista. Den består av ei mappe i "Bokmerker" kor eg linker til bøker eg har lese om. Den siste tida har eg også oppdaga ei rekke spennande og gode bokbloggar som eg følgjer gjennom Google Reader. Innimellom dukker det opp omtalar av bøker eg svært gjerne vil lese. Då fester eg ei slik google-stjerne til innlegget og markerer det med labelen "Til Leseliste". Dette fungerer svært godt, og har ingen biverknadar i form av rot og støv.

Ulempa med samtlege av desse listeformene er at eg ikkje er så veldig flink til å ta dei med meg til biblioteket eller bokhandelen. Dermed hugser eg ikkje alltid kva eg har liggjande av avisutklipp i skuffa eller linkar i favorittar. Dette minner meg om at eg må investere i ei notisbok til dette formålet.

Eg har lyst til å dele nokre av dei bokomtalane frå andre bloggar, som eg har notert.
Denne lista skal eg forsøke å ta med meg, neste gong eg skal på eit bibliotek eller i ein bokhandel. Kanskje eg kan klare å få med meg nokre av desse bøkene heim igjen, då.