Jan 17, 2011

Ingen lyrikkpost denne søndagen

Som de har sett blei det ikkje lagt ut nokon lyrikkpost denne søndagen. Det er ei ekstra travel veke denne veka, eg skal for første gong sette 289 terminkarakterar. Eg har rett og slett ikkje klart å samle tankane nok til å skrive noko vettugt, i dei korte rettepausane eg har hatt denne helga.

Eg har nokre tankar om kva N-posten skal innehalde, så det er ikkje utenkeleg at han plutseleg dukkar opp i løpet av veka. Elles kjem eg til å skrive han neste helg.

Jan 15, 2011

Gratis e-bøker

Planetebook er det gratis e-bøker til nedlastning. Det er i all hovudsak klassikarar. Eg skal lese ei e-bok i løpet av 2011 og gjere meg opp ei meining (det vil seie, finne ut om eg skal behalde den fordomsbaserte motvilja mi mot å lese på skjerm, eller forkaste ho og vurdere å skaffe meg eit lesebrett). Det er ikkje som om eg ikkje ser det miljømessige aspektet eller det praktiske aspektet ved å lese på skjerm. Eg er bare skeptisk til kva auga mine eigentleg synest om å lese på skjerm.

Jan 13, 2011

3/52 "Slik skjer det ikke" av Line Berg

Tittelnovella i debutsamlinga til Line Berg, Slik skjer det ikke, er dagens lesaroppleving. Hovudpersonen kryssar sebrastripene over vegen og blir påkøyrd. Denne ulykka fører henne til sjukehuset, kor ho møter legestudenten, som ho seinare presenterer for foreldra sine. Også kjem vendepunktet, for "slik skjer det ikke"...

"Slik skjer det ikke" er ei novelle med ei klassisk spenningskurve og eit veldig tydeleg vendepunkt. Tittelen peikar fram mot slutten, noko som er med på å dempe overraskinga. Novella er ganske enkelt så oppskriftsmessig byggja opp, at det grensar mot det kjedelege. Men så er det språket då, som gjer teksten verdt å lese likevel. Bare sjå:
Du ser at den unge gutten har falt sammen ved siden av bilen, og nå er det folk som løper bort til ham, tar rundt ham og sier at det gikk bra, de stryker ham på ryggen og gjentar at det gikk bra, og du hører ham si at det bare var en time siden han fikk lappen, at det var hans aller første tur alene, han skulle bare ned til sentrum og plukke opp en kompis. Det var han som kjørte inn i deg og slengte deg opp på sebrastripene der du egentlig skulle gått. Men alle krysser jo gata der uansett, noen meter før stripene, det er jo mye kjappere, og du tenker, hvis du bare hadde gått på stripene, ville ikke dette skjedd. Du får lyst til å rope til gutten at det ikke var hans feil.
Det forteljartekniske grepet med å leggje stemma til ein du-person er også med på å skape spenning og gjere novella til ei god lesaroppleving.

Eg kjenner eg begynner å like dette novelleprosjektet godt. Det passar veldig bra å ta ein novelle-lese-pause, i den travle kvardagen. Noveller passar godt, når lesetida er knapp.

Triste forsider


Forsidene i avisene i dag er triste. Dei er fulle av det smilande ansiktet til Maria Amelie, som blei arrestert i går kveld på Lillehammer. Ny tid melder at det blir spekulert i om det er kronikken hennar i Aftenposten forrige veke, "Ikke et menneske", som utløyste arrestasjonen. Med fare for å gjenta meg sjølv: Boka til Maria Amelie, Ulovlig norsk, blir sendt på P2 i Verdt å lese for tida.

Eg skjønner prinsippa i denne saken, at det kan vere snakk om å sette eit eksempel, at det er snakk om å vere like for lova. Eg skjønner at det å gjere forskjell på illegale flyktningar og illegale flyktningar som tar mastergrad på NTNU og jobbar aktivt og engasjert i det frivillige kulturnorge, medan dei skriv gode bloggtekstar og bøker, er i ei juridisk gråsone.

Men eg skjønner ikkje at det skal vere nødvendig å gjere pågripinga på den måten VG melder her. Og eg skjønner ikkje at ikkje fokuset kan liggje på å hjelpe denne jenta til å få papira i orden, framføre å pågripe henne. Og skal ein sette eit eksempel og demonstrere juridiske paragrafar, er Maria Amelie den rette å ta? Det er ikkje nødvendig å behandle fredelege og ressurssterke folk på denne måten! Til Aftenposten seier Heikki Holmås:
- Det er fullstendig mangel på sammenheng i innvandringspolitikken når vi den ene dagen klager på manglende kompetanse hos innvandrere og den neste pågriper og kaster ut innvandrere med den kompetansen vi etterlyser. Hun ville være en ressurs for oss, sier Holmås til NTB.
- Det absurde er at hun under normale omstendigheter kunne søkt om opphold i Norge fra Russland, siden hun har spesialistkompetanse, fortsetter Holmås.
For det er forskjell på etikk, moral og jus. Og om det kanskje er juridisk riktig å arrestere Maria Amelie, så er det ikkje moralsk riktig å behandle eit menneske på denne måten.

Jan 10, 2011

2/52 - "Renslighet er en dyd" av Kim Småge

Etter å ha lese om Lena som fann noveller i norskbøkene, tenkte eg at eg kunne jo gjere det same. Og jammen stod ikkje Kim Småge si "Renslighet er en dyd" i ei av mine norskbøker også.

I novella er det eit eg som fortel om mannen sin, om korleis han grev opp plenen, bygg svømmebasseng, stupebrett, fem-meter og ti-meter. Eg-et fortel om stupebrettet som blir viktigare enn både henne og barna. Mannen har ei sterk trong til å vise seg fram, som den beste stuparen i hageselskap, framføre publikum. Kona vasker bassengkanten og serverer drinker.

Forteljarstemma blir stadig krassare og meir ironisk, og vi skjønner raskt at bak den perfekte fasaden er det eit monster av ein sjølvoppteken ektemann. Spenninga stig, og lesaren får gradvis forstå at kona kjem til å gjere noko med situasjonen sin.

Eg har ikkje lese mange kriminalnoveller, så eg har fint lite å seie om sjangeren. Men eg synest karakterskildringane er levande og presise, og spenningskurva er bratt. Novella gir meg lyst til å lese meir av Kim Småge.
Er det verkeleg slik at det er dobbelt så dyrt å skrive, trykke, marknadsføre og distribuere bøker på norsk som på svensk?


Eller er det ein annan god grunn til at En dåre fri kostar 323 kroner i på norsk og 150 kroner på svensk?

Jan 9, 2011

Smakebit på en søndag - 2




Eg har begynt å lese Vågen av Harald Voetmann, og eg liker innleiingssekvensen veldig godt:













Det er mig det samme, hvor jeg begynder, for jeg skal atter komme tilbage dertil. Jeg skal atter komme tilbage hertil, hvorfra jeg begyndte. Konstateringen, i dette tilfælde. Jeg skal atter komme tilbage til konstateringen af, at begyndelsespunktet er uden betydning. Dog må det siges, at netop denne begyndelse - konstateringen af begyndelsespunktets ligegyldighed og dermed også egentlig begyndelsens ligegyldighed, ja dens helt egen lille ligegyldighed - netop denne begyndelse er på en måde alligevel mere egnet end nogen anden mulig begyndelse, da den springer ud af en sandhed på trods af, at den lander i en løgn.
s. 7.

Lyrikk på ein søndag - M


Nå er det tid for å fortsette der vi slapp med søndagslyrikken. Siste posten før sommaren var knytta til bokstaven L, og her kjem M.

Dersom du ikkje har vore med og reflektere rundt lyrikken og sprørsmåla eg har stilt tidlegare, er du likevel velkommen til å henge deg på nå. For å delta, svarer du på dei tre lyrikkoppgåvene under i eigen blogg, og så legg du igjen ein kommentar, slik at eg finn svaret ditt.

Du er også velkommen til å delta i diskusjonen rundt spørsmåla, i kommentarfeltet, dersom du ikkje vil svare på heile utfordringa i eigen blogg.

1. Den franske filosofen og kunstteoretikaren Maurice Merleu-Ponty er oppteken av måten mennesket sansar og persiperer verda på, i The Phenomenolgy of Perception. Han vil at kunsten, også litteraturen, skal sjå verda på ein opprinneleg måte og dermed sjå verda slik ho eigentleg er. Han brukar malaren sitt blikk som eksempel. Malaren ser tingen og gjenskaper han, og må dermed sjå tingen som han er. Malaren sitt blikk skil seg frå kvardagsmennesket sitt blikk, fordi i kvardagen ser vi tingen for å sette han inn i ein samanheng og skape ei meining rundt tingen. Mennesket har ofte hastverk med å skape meining rundt tingen, og dette i hastverket gløymer vi å sjå tingen slik han er. Overført til litteraturen kan den lyriske skildringa vere ei hjelp til å sjå ting som dei er, ikkje bare å sette dei inn i ei meiningssamanheng.

Presenter eit dikt, som viser fram tingen, slik han er.

2. Metaforen er eit mykje brukt omgrep i diktanalyse. Ein metafor er definert som eit språkleg bilete eller ei samanlikning, som ikkje gjer nytte av ordet "som". Sidan ordet "som" ikkje er brukt, er ikkje samanlikninga åpenbar, og det blir opp til lesaren å finne fram til dette språklege biletet. Tradisjonell lyrikkforskning har lagt stor vekt på biletbruk i det heile tatt og metaforbruk spesielt, i forståing og lesing av dikt. Samtidig er fleire av dei nyare retningane i forlenginga av fenomenologi og dekonstruksjon meir kritiske til å overdrive vektlegginga av metaforar. Eit for stort fokus på å leite etter metaforar i teksten, er med på å ta fokuset vekk frå språket og tingen. Eller sagt med den danske Tranströmer-forskaren Birgitte Steffen Nielsen sine ord:

”Vi må undlade at erstatte allegorien med en betydning, fiktionen med en sandhed - og i stedet for sådanne oversættende, erstattende operationer forsøge at fornæmme tekstens liv” (Den grå stemme, 2002)
Kva tenker du om å lese med vekt på metaforar og språklege bilete? Er det viktig å avsløre metaforane i diktet, eller er liker du betre å lese som Nielsen og "forsøge at fornæmme tekstens liv"?

3. Apropos metaforar: Presenter eit dikt, kor du synest at metaforbruken er heilt sentral for diktet si meining.

------------------------------------
1. Eg er veldig glad i lese som Merleau-Ponty. Faktisk var det slik at det at eg oppdaga teoriane og lesemåtane hans i ulike emne eg fulgte i 2005, var med på å utgjere ein viktig motivasjon for at eg endte opp med å skrive den masteroppgåva eg skreiv. Eg er veldig glad i å tenke at lyrikk (eller i det heile tatt litteratur) skal vise fram noko slik det er.

"Mitt" dikt i dag, kom eg over i bloggen til Ingrid i sommar. Det er skrive av Ragnar Thoursie, ein diktar eg gjerne vil lese meir av:
"Det ofattbara"

Det vanliga, det ofattbara.
Tre gamla sitter framåtlutade i sin handikappbuss,
med öppen mun åser de undret.
Det är ett par dagar in i maj, vårmånaden,
undrens tid. På en natt har grönska fallit över träden.

I sjuttio, åttio år har de sett det återkomma,
ändå är de likna gripna nu som för första gången.
Den plötsliga grönskan i träden en morgon i maj.

Det vanliga.
Det ofattbara.

(Frå Sångar från äldreomsorgen).
2. Sjølv om eg er veldig glad i måten fenomenologar som Merleau-Ponty les tekstar på, trur eg det er viktig å ikkje sjå heilt bort i frå betydninga til metaforen. Bruken av metaforar kan vere med på å forsterke den umiddelbare opplevinga av diktet, gi teksten ei djupare meining og vise fram det språket elles ikkje vil klare å vise fram. Faren med ei vektlegging av metaforbruken er at diktlesinga blir ei oversettingsoppgåve, slik Nielsen beskriver i sitatet over. Denne oversettinga krev at lesaren kjenner igjen og identifiserer metaforane, noko som ofte kan synast vanskeleg og vere med på å forsterke ei utbredt oppfatning av at diktet er ein utilgjengeleg tekst. Eg trur at mange dikt krev at vi ser nærare på metaforbruken, men at det likevel er viktig å hugse på at diktet er noko meir enn bruken av metaforar. Diktet kan også vere det det er, i overflata. Og dei umiddelbare assosiasjonane ein får, ved å lese diktet er minst like gyldige, som dei tolkningane ein kan trekke ut av teksten ved å leite fram og oversette metaforane. Og det treng ikkje alltid vere så stor avstand mellom desse to.

3. "Rose" av Marie Takvam er eit dikt, kor metaforbruken er sentral for forståinga av diktet:
Fordi eg er kvinne
sette dei håret mitt opp i krans
slipte neglene mine
måla munnen min raud,
ville skape meg om til ei rose.

Nå i kveldssola
ser eg skuggen min drage seg ut,
bli til eit kvasst sverd.

Jan 8, 2011

Veka som har gått - 1

Denne veka har blogginga og nettiketten fått stor plass i dei norske avisene, etter at den 15 år gamle rosabloggaren Voe slutta å blogge, på grunn av all hetsen ho har fått av andre bloggar og i anonyme kommentarar. Same dag som Voe la ned bloggen, meldte også Aftenposten at "barnebloggarar er fritt vilt". Her kan vi lese om ei ti år gammal jente, som med rosabloggarane som forbilete har blitt grovt mobba over internett. Det å opprette ein blogg og utlevere seg sjølv i denne, er å ta eit val om å gå inn i ei offentleg sfære. Men er det inga grense for kva folk som tar dette valet må tåle? Er det etisk og moralsk riktig å seie at dette må ein tåle, når ein først vel å gå inn i denne offentlegheita, eller er dei anonyme kommentatorane ansvarlege, også på nett? Det er skremmande å lese om Ole Morten Knudsen i slettmeg.no, som fortel at når nokon blir mobba lenge nok over YouTube eller facebook, blir dei "kjendisar" og då blir vanskelegare å slette dei frå servaren. Ein viktig debatt om ansvar for adferd på nett er aktualisert, og eg trur ikkje han kjem for seint.

Kva er det som gjer at lyrikken får så lite merksemd i dei store mediene, spør Byavisen, etter at Henning Bergsvåg si siste lyrikksamling bare fekk ei omtale i BT. Bergsvåg forklarer dette med geografiske omsyn, NRK seier at dei har for få lyrikkanmeldarar. Det blir også peika på at debutantar tar fokus frå etablerte, men lite kjende forfattarar. Knut Olav Åmås meiner at sjølv om lyrikken er ein sjanger som er mindre i omfang enn roman og sakprosa, er han ikkje marginalisert. Overskrifta på denne kommentaren er "Om sutring og lyrikk", henta frå Åmås si uttaling:
"Jeg tror for øvrig ikke det spiller noen stor rolle hvor mye plass vi bruker, hvor kompetente artikler vi trykker og hva jeg sier som kulturredaktør:Det norske lyrikkfeltets alltid like pessimistiske sutrere vil uansett alltid insistere på å innta en bedrøvelig offerrolle. Kanskje det skremmer folk bort fra lyrikkfeltet?"
Mitt inntrykk er at lyrikkinteressa er stor, i visse kretsar. Inntrykket mitt er også at det er vanskeleg å finne fram til dei gode diktsamlingane, bare ved å følgje med på medieomtaler. Ein må gjere ein stor eigeninnsats, for å få med seg kva slags diktsamlingar som blir gitt ut, til tross for at interessa er det. Men i staden for å sutre over manglande omtale i norske medier, vil eg heller trekke fram ein svært god tekst frå New York Review of Books sin blogg. I "Lost Rituals, Found Poems" fortel Cristopher Benfrey om korleis vi kan leite etter vakre mønstre eller "lost poems" i tekst.

Maria Amelie si bok Ulovlig norsk blir sendt i P2 sitt "Verdt å lese" frå og med denne veka. Eg anbefaler også den sterke kommentaren hennar i Aftenposten, kor ho seier "Jeg er en illegal, ikke et menneske".

Norsk film skal ha 40 premiærer i år. Filmbransjen er uroleg for at ingen vil sjå alle filmane, og at små privatfinansierte selskap vil gå konkurs, samtidig som andre spår ein god vår for norsk film.

Morgenbladet foreslår også å hylle norsk film, ved å la Sara Johnsen flytte inn i Grotten, medan Erlend Loe held ein knapp på Knausgård. (Eg har ikkje komme lengre enn til bok 2 i Min Kamp, men vil verkeleg Knausgård flytte til Oslo?) Om du heller meiner at Mari Boine, Jon Fosse eller Jan Erik Vold skal få æresbustaden ved Slottet, er det bare å gå inn på Dagbladet og stemme (det kjem ikkje fram kor stor gjennomslagskraft denne avstemminga har).