Nov 27, 2009
Lyrikkalender
Det er ikkje mange dagane igjen til første desember - og den første desember kan vi begynne å snakke om førjulstida (ikkje før, etter mi meining). Eg skal (mellom anna) bruke førjulstida til å få liv i denne - i haust - nedprioriterte bloggen min. Dette skal eg gjere gjennom ein lyrikkalender: 24 dagar med 24 presentasjonar av lyrikarar og smakebitar av tekstane deira.
Er det fleire som vil vere med å lese, oppdage og presenter ny lyrikk i førjulstida?
Labels:
Om lyrikk,
Utfordringar
Nov 19, 2009
Knausgård sin kamp
Deichmanske sitt reservasjonssystem har tvunge meg til å ta ein pause i den tidlegare omtalte Amos Oz boka. Det er litt trist, for det siste året har eg nesten fått kurert motvilja mi mot å lese bibliotekbøker, men nå fekk eg ei påminning om kor denne motvilja kom frå.
I denne pausen fann eg fram Min kamp. Første bok, den første boka i det omdiskuterte 2500-siders
sjølvbiografiske verket til Karl Ove Knausgård. Dette er nok ei av dei bøkene eg las om i avisa, og tenkte at eg ikkje kom til å bruke tid på å lese. Prosjektet har blitt omtala som ein roman som grensar opp mot kvardagsblogginga og prosjektet har blitt kritisert for å utlevere familie og venner. Det første eg tenkte då eg såg tittelen på dette planlagte 6-bindsverket omtala i media, var: Det der gjer han bare for å bli lagt merke til! Noko av skepsisen min er knytta til at eg slit med serievegring. Det er noko forpliktande over det å gå i gang med å lese bind 1 av 6 planlagte - tenk om eg ikkje får tid til å lese noko anna før til sommaren? Men så kom boka i posten - nok ein gong fordi eg hadde gløymd å avbestille henne. Og nysgjerrig som eg er, klarte eg ikkje sende ho tilbake. Og eg likte jo Ute av verden og En tid for alt veldig godt, så korfor skulle eg ikkje gi dette prosjektet ei sjanse?
Typografien og dei luftege sidene er eit godt avbrekk etter å ha lese halve boka til Oz (som har eksepsjonelt mykje tekst pressa inn på sidene), og gjer boka langt meir egna til å lese på sengekanten og på tbanen, enn den opprinnelege boka. Sånn sett er det eit godt bokval, akkurat nå. Godt språk og god framstillingsevne er, etter hundre sider, med på å gjere boka- og eg er langt meir begeistra enn eg hadde trudd eg skulle vere. Eg liker vekslinga mellom essayistiske betraktningar og barndomsskildringar, som også Thauke2 har peika på. Og eg liker den springande stream-of-consciousness-liknande forteljarmåten, sjølv om eg har ei kjensle av å ha lese eit par andre bøker om tenåringsgutar for 25-35 år sidan, i løpet av dei siste åra.
Boka reiser ei rekke spørsmål, i og med at ho utgjer seg for å vere sjølvbiografisk, både i forhold til problemstillingar omkring fiksjon og fakta, forteljarstemme og biofaktisk forfattar, hukommelsen og minnene si rolle og forhaldet mellom sjangrane biografi og roman. For det står roman på framsida, og korfor gjer det eigentleg det, når forfattaren frå starten av er så oppteken av å understreke det sjølvbiografiske? Dette er spennande spørsmål, som også får meg til å tenke på Meg eier ingen av Åsa Linderborg, som i fjor haust reiste mange av dei same spørsmåla, riktignok i eit mindre format. Mange av desse problemstillingane er det for tidleg å seie noko om etter å bare ha lese ein fjerdel av romanen, men eg gleder meg til å lese vidare, og sjå korleis Knausgård har utført resten av prosjektet sitt. Samtidig håper eg eg skal få tid til å lese andre forfattarar i løpet av det neste halvåret.
(Fotografiet er lånt frå Oktober forlag sine nettsider.)

2000-talet,
Av Karl Ove Knausgård,
Frå Norge
Nov 15, 2009
Ei helsing frå inni bobla
Eg er inni ei boble for tida. Dei siste månadane har eg stort sett bare vore oppteken av masteroppgåva mi, som sakte men sikkert begynner å like på ein samanhengande og meiningfull tekst. Nokre veker til nå, også er eg tilbake til vanlege dagar igjen. Det er kjekt å fordjupe seg i eit emne, skrive om det og sjå at teksten tek form. Likevel merkar eg at hovudet blir brukt mykje meir enn kroppen, nå for tida. Det er nesten vanskeleg å tenke på andre ting enn denne oppgåva, og eg er redd eg er i ferd med å utvikle asosiale tendenser. Men nå begynner eg å bli redd eg har mista blogglesarane mine. Så eg gjer eit forsøk på å halde bloggen i live, på fridagen min.
I løpet av hausten har det blitt lite boklesing og lite blogging. Når eg har komme heim, etter mange lange timar med abstrakt lyrikkanalyse, har eg vore for trøytt i hovudet til å sette meg ned og kose meg med ei bok. Eg har heller ikkje orka å sette meg ned og skulle produsere tekst, etter ein lang dag med skriving. Til gjengjeld har eg sett ganske mange episodar med Cold Case og CSI i ulike variantar, denne hausten. Og eg må seie at slik lett og enkel tv-underhaldning er undervurdert.
Den første halvdelen av romanen handlar om kameratane til Passolini, som bare blir omtala i tredjeperson, og som har forsvunne. Skildringane av oppveksta på Kolbotn og artistlivet er velskrivne, men inneheld lite nytt. Likevel er det spenninga med denne forsvunne kameraten Passolini, som gjer at eg får lyst til å lese vidare.
I andre halvdel av boka dukkar Passolini opp igjen, i forbinding med 8 mord i Santiago i Chile. Bakgrunnshitoria til dei involverte blir nøsta opp, og dette kunne vore ei storslått skildring av miljøet i dei latin-amerikanske storbyane, særlig Buenos Aires. Men eg sitter med ei kjensle av at potensialet i dei mange samtidige forteljingane ikkje blir utnytta. Nokon av dei fortalde historiene er veldig rørande og engasjerande, andre er direkte kjedelege og oppramsingsprega. Det irriterer meg også litt at eg må bruke post-it-lappar for å bla tilbake og hugse kven som var kven. For meg er det at karakterpresentasjonane og skildringane av personane i utgangspunktet ikkje gjer sterkt nok inntrykk, til at eg hugser personane 40 sider seinare, ein svakheit. I alle fall i denne romanen.
Rust har potensiale, både i første og andre halvdel. Men eg synes ikkje dette potensialet er utnytta godt nok.
Eg liker stemninga og tonen i denne boka, fortald frå den vesle guten sitt perspektiv, om tida før staten Israel blir oppretta, om jødane som på trettitalet blei jaga frå resten av Europa, til Palestina, og som seinare blir ønska ut av Palestina igjen. Det er små historier - om kjærleik og mørkre - frå ei oppvekst fyllt av begge deler.
Eg er omlag halvvegs i boka, og gleder meg til å lese vidare.
Rust av Pedro Carmona-Alvarez
Det seier seg kanskje sjølv, at ein murstein på over 700 sider, slik som Carmona-Alvarez Rust tar lang tid å komme gjennom, når lesing ikkje blir prioritert, utover dei ti minuttene på sengekanten før eg sovnar. Men for eit par veker sidan blei eg omsider ferdig med denne boka. Eg er ikkje overbegeistra. Det jamne inntrykket er at teksten er uferdig og uredigert, sjølv om boka innimellom har passasjar som er så gode at forventningane blir halde oppe.Den første halvdelen av romanen handlar om kameratane til Passolini, som bare blir omtala i tredjeperson, og som har forsvunne. Skildringane av oppveksta på Kolbotn og artistlivet er velskrivne, men inneheld lite nytt. Likevel er det spenninga med denne forsvunne kameraten Passolini, som gjer at eg får lyst til å lese vidare.
I andre halvdel av boka dukkar Passolini opp igjen, i forbinding med 8 mord i Santiago i Chile. Bakgrunnshitoria til dei involverte blir nøsta opp, og dette kunne vore ei storslått skildring av miljøet i dei latin-amerikanske storbyane, særlig Buenos Aires. Men eg sitter med ei kjensle av at potensialet i dei mange samtidige forteljingane ikkje blir utnytta. Nokon av dei fortalde historiene er veldig rørande og engasjerande, andre er direkte kjedelege og oppramsingsprega. Det irriterer meg også litt at eg må bruke post-it-lappar for å bla tilbake og hugse kven som var kven. For meg er det at karakterpresentasjonane og skildringane av personane i utgangspunktet ikkje gjer sterkt nok inntrykk, til at eg hugser personane 40 sider seinare, ein svakheit. I alle fall i denne romanen.
Rust har potensiale, både i første og andre halvdel. Men eg synes ikkje dette potensialet er utnytta godt nok.
En fortelling om kjærlighet og mørke av Amos Oz
Etter at eg blei ferdig med Rust begynte eg på En fortelling om kjærlighet og mørke av Amos Oz. Dette er ei samling sjølvbiografiske småtekstar med eit novellistisk preg, noko som passar veldig godt i ein slik periode kor eg ikkje har så mykje lesetid. Kapitla kan lesast kvar for seg, men dei har også ein plass i ein større samanheng.Eg liker stemninga og tonen i denne boka, fortald frå den vesle guten sitt perspektiv, om tida før staten Israel blir oppretta, om jødane som på trettitalet blei jaga frå resten av Europa, til Palestina, og som seinare blir ønska ut av Palestina igjen. Det er små historier - om kjærleik og mørkre - frå ei oppvekst fyllt av begge deler.
Eg er omlag halvvegs i boka, og gleder meg til å lese vidare.
Poesikatalogen 2009
I går fekk eg pakke i posten, med Audiatur-katalogen, som inneheld over 700 sider ny poesi. Eg har såvidt fått tid til å bla litt i denne katalogen, men eg gleder meg veldig til å sette meg ned og kose meg med han, etter innlevering. For her er det mange timar godt lesestoff, det er eg sikker på.
Labels:
2000-talet,
Av Amos Oz,
Av Pedro Carmona-Alvarez,
Frå Israel,
Frå Norge
Subscribe to:
Posts (Atom)