Dec 31, 2010

Oppsummering av 2010

Leseåret 2010 har vore prega av lange periodar med lite tid, ork og overskot til å lese. I vår, like før eg leverte masteren min, var det veldig hektisk og det blei lite tid til bøker. I haust har eg vore ny i norsklærarjobben. Mykje av tida eg elles ville brukt til å lese skjønnlitteratur, har gått med på å lese elevtekstar og repetere pensum.

Etter å ha tald opp, kjem eg til 32 bøker eg har lese ferdig, og 3 bøker eg har lagt bort. 21 av bøkene er skrivne av nordiske forfattarar, 13 av desse er norske. 2 av dei tre bøkene la bort, er skrivne av norske debutantar. Av dei bøkene som ikkje er nordiske, er 11 skrivne i USA eller England og 2 i Japan. 27 av bøkene er skrivne frå 2005 og fram til i dag. Bare 3 av bøkene eg las i år, er skrivne for meir enn ein generasjon sidan, og kan kallast klassikarar.

Høgdepunkta kan oppsummerast slik:

Den beste boka:
I år er det påfallande lite vanskeleg å plukke ut ei beste bok. Det er Utrensking av Sofi Oksanen som blir ståande som den sterkaste lesaropplevinga i 2010.

Det nyoppdaga forfattarskapet:
Takka vere Ingrid har eg også oppdaga Richard Yates. Eg har lese Påskeparaden, og eg veit heilt sikkert at eg kjem til å lese meir av han.

Den største overraskinga:
I sommar stod eg på flyplassen, svært skuffa over at novellesamlinga Den du ringer kan ikke nås for øyeblikket av Lisa Niemi viste seg å ikkje vere leseleg. Alle dei andre bøkene mine var pakka ned i baggasjen, og eg trong noko å lese på, på flyturen. Eg kjøpte Rebecca av Daphne du Maruier i kiosken, fordi det var det beste eg fann der. Boka viste seg å vere ei langt større lesaroppleving enn eg kunne forestille meg.

Årets guilty-pleasure:
Mi gode venninne Amylin er hekta på Twilight-serien. Etter å ha høyrd henne snakke om Bella og Edward i nokre timar, samanlagt, måtte eg også finne ut kva dette var. Eg har lese tre av dei fire bøkene nå, og både Twilight og New Moon har vore bøker eg har kosa meg med. Etter Eclipse kjende eg at eg trong ein pause. Det blei litt mykje av det same.

Den største nedturen:
Som eg skreiv her om dagen blei eg veldig skuffa over Din nestes hus av Jette A. Kaarsbøl. Boka svara ikkje til forventningane i det heile tatt.

Det største forfattarmøtet:
Den største opplevinga knytta til eit forfattarmøte, var Murakamifestivalen på litteraturhuset i august. Eg lo så tårene trilla, då Frode Grytten hadde sitt foredrag om Murakami, bøkene hans og den japanske kulturen. Og eg blei svært sjarmert over Murakami sjølv, då han seinare blei intervjua, og på gebrokkent engelsk fekk presentert nokre av tankane sine kring forfattarskapet.

Den beste debutanten:
Både Du av Thomas J.R. Martinsen og Jo fortere jeg går jo mindre blir jeg av Kjersti Annesdotter Skomsvold er svært gode debutar. Eg veit faktisk ikkje kva for ein som er best av desse to, og dei er så forskjellige at det nesten blir kunstig å skulle samanlikne dei. Dei kjem på delt førsteplass i debutantkategorien, og begge kjem høgt oppe på lista over bøker som er verdt å lese.

Mål for 2011
Eg ser jo at dei bøkene eg vel er innafor eit snevert geografisk og historisk område. Eg har definitivt lese mest nordisk samtidslitteratur, dette året. Målet mitt for 2011 er å lese fleire klassikarar og å lese fleire bøker frå andre område enn Norden, USA og England.

6 comments:

Thomas said...

Bai, så hyggelig! Ha et ordentlig godt nytt år!

Ingrid said...

Det var en mycket intressant sammanfattning! Nu ser jag väldigt fram emot att följa dina läsutmaningar för det kommande året. Gott Nytt År kära Bai!!

torbjørn hauken said...

Du har vel ikke bare norskklasser!? Som gammel traver i bransjen vet jeg at mer enn to klasser i norsk blir i overkant for hvem som helst. I så fall imponerende å få lest noe i det hele tatt.

Godt nyttår!

Bai said...

Takk, alle tre og godt nytt år til dykk også!

Eg sitter og tenker på at eg skal fortsette med søndagslyrikken, vidare nå, Ingrid. Håper det framleis er nokon som vil vere med. Veldig mange av diktsamlingane og oppslagsbøkene eg treng for å skrive postane ligg på jobb, så eg trur eg startar opp igjen søndag om ei veke.

Torbjørn - eg har 4 norskklassar (2 ST og 2 YF) og 2 religionsklassar, og du har rett - det er alt for mykje! Eg har mykje eg kunne sagt om leseplikt, utrekning av stillingsbrøk og rettebyrde. Eg kjem ikkje til å takke ja til ein slik timeplan igjen, men når ein ikkje veit heilt kva ein går til, tek ein gjerne det ein får tildelt. Mitt største nyttårsforsett er at eg dette halvåret skal prioritere å sette av tid til fritid (lesing, blogging, trening og andre ting som gir overskot), slik at det ikkje kjennest som om eg bare jobbar og søv.

Anonymous said...

Jeg har nettopp lest Utrenskning og stemmer i at det er en fantasisk roman. Men jeg synes nok at Stalins kyr var enda litt bedre. Gleder meg til mer fra Oksanen.

Godt nyttår!

Bai said...

Eg har ikkje lese Stalins kyr ennå, men eg skjønner jo at eg må gjere det.