Sep 5, 2009

Den underlege boka

Eg les Rust av Pedro Carmona-Alvarez. Sjølv om eg seier at eg ikkje bryr meg om kritikarar, at eg vil gjere meg opp ei meining sjølv, kan eg ikkje unngå å leggje merke til at boka har fått sprikande omtaler. Mange seier ho er for mykje, eit heilt bibliotek, skreiv Dagsavisen, full av uredigert tekst. Bergens Tidende kaller ho "en svimlende god bok", "en bok du vil andre skal lese".

Eg har passert side 200 i denne underlege mursteinen på over 700 sider. Eg både liker og ikkje liker boka. Det gjer at boka er underleg. Eg pleier å kunne gjere meg opp ei meining om ei bok. Men nå veit eg ikkje. Eg liker ho innimellom og innimellom liker eg ho ikkje. Dagsavisen har rett i at ho er mykje og omfattande. Bergens Tidende har rett i at ho er svimlande. Så langt ser det ut som ein godt fortald og svært detaljert oppvekstroman. Eg føler eg har lese dette før, om kameratgjengen frå Kolbotn som startar band. Likevel vil eg lese vidare. Det er noko som driv meg. Eg veit bare ikkje heilt kva.

Innimellom kjem det avsnitt som svarar til forventningane at Pedro Carmona-Alvarez skulle ha eit språk og eit uttrykk som var godt å lese. Som dette avsnittet her:

Dagen etter, på lørdagen, begynte det å regne. Og det fortsatte. Jeg mener ikke at det betyr noe, men som sagt, døden gjør oss alle så følsomme, dens berøringer er så lette, mer enn noe annet kjennes de som snitt, som papirkutt.
Jeg sier bare at det regnet, det er alt jeg sier.
Lørdagen regnet bort.
Søndagen likeså.
Tunge skyer. Tungt regn.
(s. 189)

Eg trur det er desse avsnitta som gjer at eg må lese vidare i boka.

Sep 4, 2009

Haustvêr

I går var det skikkeleg haustvêr. Det bles og regna vannrett. Det knirka og knaka i veggane. I dag er det vått og sørpete ute. Men det er frisk luft. Det er så godt å vere ute om hausten, særleg i den friske lufta, etter at ruskevêret har lagt seg. Eg liker hausten.

Sep 2, 2009

Cormac McCarthy - The Road


The Road
Cormac McCarthy
Picador, 2007
307 sider

The Road er sterk lesning. I boka møter vi ein far og ein sønn som går gjennom eit utbrent landskap. Vi får ikkje vite kor dei kjem frå, men dei skal mot havet. Dagane deira består av å leite etter mat og forsøke å unngå "the bad guys". Kvar kveld legg dei seg, med frykta om å døy av kulde hengande over seg.

Dialogane mellom faren og sønnen er sterke. Dei snakkar stadig om mareritt, redsle, frykt for å døy og frykt for "the bad guys". Samtalane deira er fulle av guten si tillit til faren og faren sin kjærleik til sønnen. Det poetiske språket inneheld eit nærvær, i desse korte setningane som blir veksla mellom far og sønn, som både er fyllt av alt det vakre og alt det grusomme på same tid.

Aug 25, 2009

Tematrio - yrker

Lyran spør etter tre bøker som skildrar hovudpersonens yrker, denne veka.

1. Den første yrket eg tenker på, er dei middelaldrande og frustrerte norsklærarane. I Genanse og verdighet av Dag Solstad møter vi gymnaslærar Elias Rukla, som får ei overveldande innsikt i det han underviser ein avgangsklasse på Fagerborg Videregående Skole i Ibsens Villanden. Når han så ikkje får opp paraplyen sin, skjeller han ut elevane, før han går inn i ein ransakingsprosess, der han tenker gjennom kva som har gått gale i livet sitt. Solstad har også skrive om Gymnaslærer Pedersens bereting om den store politiske vekkelsen. Den nyare norske litteraturen har fleire slike frustrerte, middelaldrande norsklærarar som spør etter meininga med livet, som Georg i den svært underhaldande Veke 53 av Agnes Ravatn. Desse bøkene skremmer meg litt, fordi dei fortel om unge, entusiastiske nordiskstudentar, slik som meg sjølv, som midt i livet finner seg sjølv og oppdagar at livet ikkje har blitt som dei førestilde seg då dei studerte.

2. Eg har nyleg lese, og skrive om Siri Hustvedt sin nyaste roman The Sorrows of an American. Hovudpersonen Erik er psykiater. I tillegg til dei store og sentrale plotta som eg har skrive om under, dukkar det stadig opp anekdoter om pasientar av ulike slag.

3. Ei tredje bok, som eg ikkje har lese endå, men som eg er veldig nysgjerrig på er Presten av Hanne Ørstavik. Denne skal handle om ein ung, kvinneleg prest i ein liten by i Finnmark.

Eg må leggje til at dette var ein underleg tematrio. Då eg las temaet, tenkte eg først korleis skal eg klare å skrive om tre yrker i bøker. Etter at eg har skrive ferdig, og delvis tydd til naudløysinga med ei bok eg ikkje har lese, går det opp for meg at nesten alle romanfigurar har eit yrke. Tenk bare på alle politifolka, advokatane og journalistane i kriminallitteraturen. Tenk på dei unge kunstnarane til for eksempel Cora Sandell, Sigrid Undset og Knut Hamsun, som går og venter på det store gjennombrotet. For ikkje å snakke om alle arbeidarane i både nyare og eldre litteratur, frå Oscar Braathen til Per Pettersson. Desse litterære yrkene er ofte viktige. Dei blir ofte brukt til å seie ganske mykje om dei litterære personane. Den hardt arbeidande aleinemora Ida Elisabeth (Undset) ville ikkje vore den same, hadde ho ikkje vore sydame. Det ville heller ikkje Katinka Stordahl i Kranes Konditori ha vore. Og likevel er dei så ulike, dei to.

Aug 23, 2009

Når "teaseren" blir ein "spoiler"

Hermina skriv om Sadie Jones Outcast i dag. Eg har skrive om same boka tidlegare i sommar.
Hermina skriv:

"En sak jag funderar på är citatet på romanens omslag "En gripnade kärlekshistoria med en oväntad vändning". Dels tänker jag på att jag inte ser det som en berättelse om kärlek i första hand och dels tänker jag - vilken vändning? Det finns flera vändningar i romanen som alla spelar in i det som sker. Flera dramatiska ögonblick, men just vilken är det som avses här?"

Eg forsøker gjerne å ikkje lese bakpå bøker. Eg synest ofte at forlaga sine omtaler er øydeleggjande for lesinga. Eg blir sittande å vente på det "dramatiske vendepunktet" som forlaget har lova meg. Og i tilfellet Utskudd av Sadie Jones, var det direkte frustrerande å vente på denne uventa vendinga i kjærleikshistoria, som etter mi meining aldri kom.

Eit anna eksempel er La den rette komme inn av John Ajvide Lindquist. Medan eg las denne boka, tenkte eg fleire gonger på kor annleis boka ville vore, dersom eg ikkje visste at Eli var ein vampyr. Men eg visste jo det, på førehand, noko som prega lesinga mi veldig. Dei store overraskingane uteblei, sjølv om teksten la opp til ei gradvis avdekking av kva det eigentleg var med Eli.

Sjølvsagt les eg bakpå bøker, særleg når det er snakk om bøker eg ikkje har høyrd om tidlegare. Men alt for ofte blir denne "teaseren" til ein "spoiler", og eg må lese meg gjennom to tredjedeler av ei bok, før eg kjem til det boka, i følgje baksideteksten "handlar om". Derfor forsøker eg å la vere å lese teksten bakpå boka, i alle fall rett før eg begynner å lese boka.

Eg synest ofte at lesaropplevinga blir betre, jo mindre eg veit om boka på førehand. Kva synest de?

Aug 22, 2009

Ingen må vite - Aina Basso

Ingen må vite
Aina Basso
Samlaget 2008
158 sider


Eg tar ein pause i presentasjonen av feriebøkene mine, for å fortelje om den siste boka eg har lese. Eg har lenge tenkt på at eg skulle lese boka til Aina, bak bloggen Flimre. Tidlegare i veka fann eg Ingen må vite på biblioteket, og i går fekk eg endeleg lese denne korte, vakre og grusomme romanen.


Eg er ikkje ei slik som gret når eg blir rørt. Eg blir bevega inni meg, men eg kan ikkje hugse sist eg las ein tekst som var så sterk at eg faktisk fysisk felde tårer. Det gjorde eg i går, medan eg las historia om 14-år gamel Ingeborg, kjærleiken hennar til husmannssonen Mikkel og redsla for stefaren Gabriel, som forgrip seg på henne når han er full.


Språket er svært poetisk, og fullt av sanseleg nærvær. Eg kjenner også lukta av det lysegrønne vårbladet som Ingeborg gnir mellom fingrane sine, eg frys med Ingeborg og eg blir redd med Ingeborg. Det er kanskje dette nærværet i språket som rører meg så sterkt, også. For eg er på 1700-talet, dei timane det tar å lese denne boka. Dette vakre språket gjer den grusomme forteljinga om Ingeborg endå sterkare. Eg synest jo alltid det er ekstra kjekt å lese ei god bok på godt nynorsk. All ære til Aina Basso, som har fått til å skrive ei slik bok!

Aug 21, 2009

Desse bokklubbane...


Eg er medlem i ei rekke bokklubbar. Den siste eg meldte meg inn i, var Bokklubben Epp, oppkalla etter Axel Jensens roman Epp. Bokhandelen er driven av Tanum.

I dei andre bokklubbane eg er med i, har det stort sett vore greit å avbestille eit fleirtal av bøkene. Det er alltids bøker som kunne vore kjekke å hatt, men eg kan vente dei kjem i billegare utgåver.

I tilfellet med Bokklubben Epp, har eg til nå fått tre medlemsblad, kor alle tre ber meg avbestille bøker eg bare må ha! Dette er vel eigentleg eit teikn på at eg har meldt meg inn i ein veldig god bokklubb. Men ein kan desverre ikkje kjøpe alt ein vil ha, alltid. Så det var med tungt hjarte at eg avbestilde Sin egen herre, Tore Rem sin nye Bjørneboe-biografi i dag. Eg får ønske meg ho til jul, som mor mi alltid pleidde seie.

Til gjengjeld har eg fått ei bok eg er veldig spent på, og har høge forventningar til i posten, nemleg Pedro Caramona-Alvarez siste roman, Rust. Det er ein murstein av ei bok, på nesten 750 sider. Men ho skal visstnok representere "forfatterens store gjennombrudd, og vil stå igjen og lyse mens de andre bøkene fra bokhøsten 2009 slukkes en etter en." (Karl Ove Knausgård, frå Kolon Forlag si heimeside).

Eg gleder meg veldig til å ta fatt på denne boka, som kom i postkassa i går. Eg er bare litt redd eg ikkje skal få tid til å lese noko anna.

Aug 19, 2009

The Sorrows of an American - Siri Hustvedt


The Sorrows of an American
Siri Hustvedt
Hodder&Stoughton 2009
306 sider

Pocketutgåva mi av The Sorrows of an American er heilt utslitt etter at boka har vore "veskebok" heile sommarferien. The Sorrows of an American er ein multiplotroman, med fleire parallelle historiar. Hovudpersonen er også denne gongen ein mann, psykiateren Erik Davidsen. Som forfattaren sjølv har han norsk mor og norskamerikansk far. Faren til Erik døyr, og han og søstera Inga skal rydde opp i papirene hans. Her finn dei eit notat, som får det til å sjå ut som om faren har vore delaktig i eit mysitisk dødsfall. Erik og særleg søstera Inga, blir svært ivrige etter å finne ut kva dette eigentleg betyr. Parallelt med dette, har Inga, som også er enke, ein del problem med til mennesker som er interesserte i hennar avdøydde ektemann, forfattaren Max. Samtidig har også Erik fått nye leigebuarar, den vakre Miranda og dottera hennar Eggy. Tidleg i romanen fortel Eggy at faren hennar er så liten at han bur i ein boks. Men etterkvart dukkar denne faren opp. I tillegg til desse tre parallelle plotta i nåtid, har Hustvedt fletta inn sin eigen far sine familiemeoarer, som memoarene til Eriks far. Dermed får vi fortald historia om den fattige oppveksta på bondegården i USA og etterkvart deltakinga i krigen på den andre sida av jordkloden.

The Sorrows of an American er veldig mykje. Og ho er veldig mykje bra! Det er ein omfattande roman, med mange historiar og mange sidesprang. Eg blir særleg betatt av ei gammal dame som har lukka seg inne og som lager dokker med tragiske historier. Ho kan ikkje lage dokkene, før ho kjenner historiene deira. Eg lar meg også fascinere over dialogane mellom seks år gamle Eggy og "Dr. Erik" som ho kallar Erik. Siri Hustvedt har verkeleg klart å skrive fram ein livleg, aktiv og samtidig litt nervøs seksåring, i desse dialogane. Og dette er vel ei av Hustvedt sine sterkaste sider, evna til å skrive fram truverdige personar, som lesaren kan bli ordentleg godt kjendt med og nesten litt glad i.

The Sorrows of an American er ei svært god bok. Eg blei skuffa, då eg hadde lese ho ut, fordi ho ikkje kunne vare litt lenger.

Aug 18, 2009

For ei tid tilbake var eg så heldig at eg vann eit gåvekort på kr. 250,- i forumet Bokprat. Bokprat er eit veldig koseleg forum, med mange koselege folk, som stort sett pratar om bøker. Dersom du har lyst til å kikke innom, kan du trykke på denne linken.

I går var eg inne på Bokkilden for å bruke dette gavekortet, så nå venter eg spent på å få to av dei Booker-nominerte bøkene i posten. Eg har bestilt Sarah Waters The little stranger og Sarah Halls How to paint a dead man. Eg gleder meg til å lese begge to.

Ekstra kjekt var det då å lese Mari si omtale av Sarah Waters-boka i dag. Nå gleder eg meg enå meir!

Tematrio - kalas


Denne veka oppfordrar Lyran til å "Berätta om tre böcker där man firar något; en födelsedag, en speciell händelse eller högtid eller något annat."


1. Den første boka eg tenker på, kor noko skal feirast er Ibsens Gengangere. (Kan lastast ned her). Familien Alving er samla for å feire innviinga av barnehjemmet, etter herr Alvings minne. Festførebuingane er godt i gang, men etterkvart som fleire folk med ei felles fortid blir samla, kjem også dei mange hemmelegheitane i familien i fokus. Festen blir aldri gjennomført, men det er likevel eit veldig godt stykke. Det er definitivt min Ibsen-favoritt.

2. Nummer to er Virginia Woolfs Mrs. Dalloway. Handlinga er lagt til ein dag, kor Mrs. Dalloway planlegger ein stor fest. Også her kjem besøkande og tilreisande og henter fram minner frå fortida. Når eg begynte å tenke på denne boka, tenkte eg at det er på tide å lese ho ein gong til. Eg hugser at eg likte ho veldig godt, då eg las ho for lenge sidan. Men eg hugser ikkje boka, ordentleg.

3. Eg klarer ikkje la vere å tenke på Bamsefars fødselsdag i Hakkebakkeskogen av Torbjørn Egner. Denne festen kor alle dyra er blitt venner igjen. Det er verkeleg ei lystig feiring, i motsetning til dei to over nemnde.