Jul 29, 2009
Kva skulle vi gjort utan svensk TV?
Jul 28, 2009
The 2009 longlist for Man Booker- prisen er lagt ut
The 2009 longlist for Man Booker-prisen ser slik ut i år:
Author Title
Byatt, AS The Children's Book
Coetzee, J M Summertime
Foulds, Adam The Quickening Maze
Hall, Sarah How to paint a dead man
Harvey, Samantha The Wilderness
Lever, James Me Cheeta
Mantel, Hilary Wolf Hall
Mawer, Simon The Glass Room
O'Loughlin, Ed Not Untrue & Not Unkind
Scudamore, James Heliopolis
Toibin, Colm Brooklyn
Trevor, William Love and Summer
Waters, Sarah The Little Stranger
Eg får alltid så lyst til å ta med meg slike lister på biblioteket, låne alle bøkene og lese dei, slik at eg er godt førebudd og verkeleg kan gjere meg opp ei meining om prisutdelinga, når den tida kjem. Eg rekk sjeldan gjennom meir enn ei eller to av bøkene før vinnaren er offentleggjort. Men eg ser fleire bøker på lista, som eg har lyst til å lese. Eg må bare finne ut kva for ein ende eg skal begynne i, først.
Tematrio - barndomsskildringar
Denne veka ber Lyran oss bloggarar om å fortelje om barndomsskildringar.1. Kompani Orheim av Tore Renberg, den frittståande fortsettinga på roman- og filmsuksessen Mannen som elsket Yngve, kor det vanskelege forholdet mellom Jarle Klepp og faren hans blir skildra på ein sterk og vakker måte.
2. En rekke avbrutte forsøk av Selma Lønning Aarø er ei rekke avbrotne forsøk på å skrive ein oppvekstroman. Selma skriv, og blir avbroten av familien sine korrigeringar og tillegg. Boka drøftar og problematiserer dei mange konfliktane ein står ovafor, når ein skal skrive ei sann historie, på ein svært humoristisk måte.
3. Ut og stæle hester av Per Petterson er ei vakker bok med ein heilt fantastisk tone. Den gamle mannen blir minna om sommaren då han var 15. Språket er ei oppleving i seg sjølv.
Jul 27, 2009
Bokbloggturne

Cappelendamm lanserer Gayle Foreman si bok Hvis jeg blir gjennom ein bokbloggurne. Eg er så heldig at eg skal få vere med.
Boka blir lansert i begynnelsen av august, med Ladybug sitt blogginnlegg. Vidare skal alle som er med på bokbloggturneen skrive ei omtale av boka som skal postast på kvar sin dato.
For nokre dagar sidan fekk eg denne boka i postkassa, heilt gratis frå forlaget. Den 18. august skal eg poste eit innlegg om henne i bloggen min. Eg kjenner ikkje forfattaren, og er spent på å lese boka. Eg har fått ein epost frå Cappelendamm, med ei liste over dei andre som er med. Og her er det linkar til fleire nye bokbloggarar som eg ikkje har vore innom før.
Jul 22, 2009
Eit kvardagsdikt
upon
a red wheel
barrow
glazed with rain
water
beside the white
chickens.
William Carlos Williams.
Jul 21, 2009
Å lese sakte
Ved sida av senga heime har eg to halvlesne bøker, Sara Stridsbergs Drömfakulteten og Naja Maria Aidts Bavian. Den første, ein svært spennande oppbygd og poetisk collage-liknande roman og den andre ei novellesamling som gir eit breidt innblikk i vanlege folk og mindre vanlege folk sin kvardag. Felles for dei begge er at dei må lesast sakte. For det er forskjell på bøker. Nokon kan lesast fort. Ein må finne ut kva som skjer vidare. For det er det som skjer som er viktig i boka. Andre bøker må lesast sakte. Dei har gjerne eit så rikt språk, at ein må lese den same sida fleire gonger, fordi det er så vakkert, slik som Drömfakulteten. Eller dei inneheld så sterke forteljingar at ein må ta ei pause mellom dei, slik som Bavian.
Det er fint å lese slike bøker som skal lesast sakte, innimellom alt det travle.
Jun 15, 2009
Helle Helle - Hus og hjem
Hus og hjem
Samleren 1999
Oversatt av Trude Marstein
Oktober 2001
214 sider
Denne helga har eg verkeleg kost meg med ei utruleg flott lesaroppleving. Eg har lese Helle Helles Hus og hjem, som seilte rett inn på topp-ti lista mi.Anne er omkring 30 år og flytter tilbake til den vesle byen kor ho veks opp etter å ha budd i København i ein del år. Ho kjem aleine, fordi sambuaren Anders skal jobbe ein månad til i København. I denne vesle, namnlause byen, tek ho opp kontakten med barndomsvenninnene Anita og Charlotte igjen. Det eldre ekteparet Svend og Ellen ønsker henne velkommen frå nabohuset. Anne sitt hus er like ved prestegården, og Anne utvikler eit svært nært forhold til presten Jens, før Anders kjem flyttande etter.
Anne gjer veldig lite. Ho skal male, pakke ut eksene med ting og komme i orden, medan ho venter på at Anders skal komme til byen. Ho sitter stort sett inne og drikker vin, søv eller gjer ingenting, og ho unnskulder seg stadig for at ho ikkje har kome i orden. Ho er tiltakslaus og til tider apatisk og Hus og hjem har svært lite handling.
Eg blir betatt av språket i boka. Det er eit språk som er så enkelt og så finslipt at eg klarer ikkje la vere å bli fascinert over det. Eg tenker at eg skulle ønske eg også kunne skrive slik. Det er ingen personskildringar i boka, men ei rekke dialoger mellom karakterane. Desse dialogane er fulle av nærver og dei skildrar ei rekke spenningsfyllte relasjonar, utan å komme med vurderande tankereferat. Fråveret av handling gjer at relasjonane får lov til å vere i fokus. Dette gjer boka til ei spennande og annleis lesaroppleving. Eg liker det.
Jun 13, 2009
Bøker eg har gitt opp
Forrige helg begynte eg å lese Foxfire av Joyce Carol Oates.
Foxfire handlar om ei gruppe jenter som dannar ein gjeng, Foxfire, for å ta hevn over det mannsdominerte samfunnet. Boka er ei retrospektiv forteljing, fortald av ei av desse fem jentene. Forteljaren er delvis den voksne som ser tilbake på ungdomstida og delvis tenåringsjenta som fortel her og nå. Forteljinga vekslar mellom første og tredje person på ein lite vellukka måte. Desse forteljartekniske spranga kunne ha gitt ein spennande effekt, men denne gongen synest eg rett og slett at det fungerer såpass dårleg, at det bare blir slitsomt å lese. Eg kjenner at eg burde la meg engasjere av desse jentene, men eg klarer det rett og slett ikkje. På side 65 syntest eg det var nok.Sidan den litterære reisa i "Jorda rundt på 8 bøker" skulle gå til midtausten denne månaden, hadde eg tenkt å lese Tusen strålende soler av Khaled Hosseini, som eg har hatt ståande i bokhylla ganske lenge.
For to år sidan las eg The Kite Runner, ei bok eg ikkje hadde planlagt å lese, men som eg endte opp med å lese likevel, fordi eg var på ferie og mangla lesestoff. Med dette utgangspunktet blei eg veldig positivt overraska over den rørande og varme forteljinga om den vesle guten i Kabul. Dette har også gitt meg høgare forventningar til Tusen strålende soler.
Den første delen av boka handlar om Mariam som 15 år gammal mister mora og blir gifta bort til ein 45 år gammal mann, med stygge hender i tida før 1978. Del to handlar om Laila, dottera til den radikale læraren som mista jobben då kommunistane inntok Afghanistan og søstera til to guttar som døyr i krigen. På baksida av boka står det at desse to "blir allierte i kampen mot en brutal ektemann og et krigersk, kvinneundertrykkende samfunn."Eg kom til side 148, og innan då rakk eg bli så kvalm av det klisjefyllte språket at eg innsåg at eg orkar ikkje lese 200 sider til med dette. Laila sitt forhold til mora blir for eksempel skildra slik:
"Hun kom aldri til å sette merke i Mammis hjerte slik som brødrene hennes, for Mammis hjerte var som en blek strand der Lailas fotspor alltid kom til å bli skyllet bort av de sorgtunge bølgene som steg og sank, steg og sank." (s. 148) Dette sitatet er dessverre representativt for språket i boka.
Boka er kritikkarrost og berømma fordi det er ei viktig bok som viser fram kvinnene si stilling i Afghanistan. Khaled Hosseini har nådd eit enormt stort publikum med denne boka, og han har vist fram det som er bak burkaen til nokre av kvinnene i Afghanistan. Og det er viktig. Men eg orkar ikkje lese bøker, når eg irriterer meg over språket. Og i dette tilfellet er språket så platt at det rett og slett blei nok.
I dag skal eg ta ein tur på biblioteket og sjå om eg får tak i den boka eg eigentleg hadde tenkt å lese frå Midtausten denne månaden, nemlig A woman in Jerusalem av Abraham B. Yehoshua.
Jun 8, 2009
Paul Auster - Brooklynsk dårskap
Oversett av Knut Ofstad
Aschehoug 2006
349 sider
Original tittel: Brooklyn Follies
2005.

Denne boka kjøpte eg for lenge sidan, fordi eg syntest biletet på framsida var så nydeleg. Her ser vi ein gammal mann som står i eit vegkryss og kikkar oppi ein bærepose. Bak han står ein yngre mann midt i vegen med ein badeball. Til venstre for mannen med bæreposen (eller, til venstre for han i biletet, men strengt tatt til høgre for mannen; eg blir alltid usikker på om det kallast høgre eller venstre i slike tilfelle) ligg det ein caps på gata. Bak capsen står det ei dame og ser på mannen med badeballen. Det er sjeldan eg kjøper bøker fordi eg blir betatt av framsida til boka, men denne var eit unntak. Eg blir fascinert av biletet, og særlig av den gamle mannen med bæreposen. Han har stoppa opp i eit vegkryss og kikker oppi posen og ser ut til å lure på kva han har gløymd å kjøpe.
Dersom eg ikkje hadde vore så impulsiv og kjøpt boka fordi eg likte omslaget, ville eg nok ha tenkt meg om to gonger og fått tak i boka på engelsk. For det er ei god bok, men det er mange ordspel som forsvinn i oversettinga, og som derfor ser snodige ut. Så nå har eg notert meg at Paul Auster ikkje er ein forfattar som skal lesast i oversett utgåve, neste gong.
Heldigvis var Brooklynsk dårskap ei så god bok at det var verdt å lese ho sjølv om oversettinga innimellom baud på nokre underlege ordspel. Vi møter den pensjonerte forsikringsselgjaren Nathan Glass som har fått lungekreft, mista kontakten med eks-kona og dottera og flytta til Brooklyn. Her samlar han på anekdoter som han skal sette saman til Boken om menneskelig dårskap. Plutseleg møter Nathan nevøen sin, Tom, som arbeider i eit antikvariat. Desse to einsomme mennene tar opp kontakten og etablerer eit sterkt vennskap. Dei møter ei rekke menneske. Nokre av desse er familiemedlem, medan andre er nye bekjentskap. Felles for dei menneskene dei møter er at historia deira blir sentral i boka.
Brooklynsk dårskap er ein roman med ei einheitleg handling. Samtidig er det ein roman som er bygga opp av ei rekke små historier om ulike menneske og møtene mellom desse. Boka er svært rik på detaljerte skildringar og digresjonar og avstikkarar frå forteljinga om Nathan og Tom. Desse små forteljingane som blir fortalde innimellom, gir boka eit lett og humoristisk preg.
Språket er også lett og humoristisk, og boka får eit preg av å verkeleg vere ei forteljing. Forteljarstemma i boka, Nathan, henvender seg innimellom direkte til lesaren gjennom utsegn som for eksempel "med fare for å kjede leseren" og liknande. Dette er eit grep eg vanlegvis ikkje er så begeistra for, men i Brooklynsk dårskap er dette preget av at boka er ei forteljing som blir fortald meg som lesar så godt gjennomført, at eg synest det er greit. Brooklynsk dårskap er ein underhaldande roman - som i tillegg har eit fascinerande bilete på framsida.
Jun 4, 2009
Å vere i ei forteljing
Eg leser for tida Brooklynsk dårskap av Paul Auster. Det er ei av desse bøkene eg merkar at eg burde ha lese på engelsk, men som eg likevel har lånt på norsk på biblioteket. Brooklynsk dårskap er ein roman som inneheld svært mange anekdoter og korte forteljingar. Og i går kveld las eg ei anekdote om Kafka som møter ei lita jenta som gret over at ho har mista dukka si. Kafka seier, for å trøyste henne at dukka er ikkje borte, ho har bare lagt ut på ei reise. Han veit dette fordi han har fått eit brev frå dukka, som han skulle gi til jenta. Kafka går heim, skriv brevet. Ikkje nok med at han skriv dette brevet, men han let dukka love å skrive til jenta kvar dag. Kvar dag i tre veker skriv Kafka eit nytt brev frå dukka til jenta, om oppvekst, skulegang og etterkvart avslutter han brevskrivinga med å fortelje jenta at dukka har forlova seg og skal gifte seg.
"På det tidspunktet har piken selvfølgelig kommet over savnet av dukken. Kafka har gitt henne noe annet i stedet, og innen de tre ukene er omme, har brevene leget sorgen hennes. Hun har fortellingen, og når et menneske er så heldig å leve inne i en fortelling, å leve i en fantasiverden, forsvinner den virkelige verdens smerter. For så lenge fortellingen fortsetter, eksisterer ikke lenger virkeligheten." (Brooklynsk dårskap, s. 182).
Denne historia om Kafka og breva frå dukka er veldig rørande. Ho har også gitt meg mykje å tenke på, særskilt sidan eg las ho i forlenginga av dette sitatet frå Fugard. Eg er ikkje sikker på om eg ville ha bite meg merke i denne forteljinga, på same måten, hadde det ikkje vore for at eg hadde tenkt på dette sitatet dei siste dagane.
Kanskje ein av grunnane til at den einaste trygge plassen vi kan vere, er inni ei forteljing, er nettopp dette som Paul Auster skriv: "Så lenge fortellingen fortsetter, eksisterer ikke lenger virkeligheten". Og dette er med på å gjere forteljinga til ein trygg stad, så langt unna alle dei verkelege farane og truslane vi kan møte i kvardagen.