Nov 19, 2009

Knausgård sin kamp

Deichmanske sitt reservasjonssystem har tvunge meg til å ta ein pause i den tidlegare omtalte Amos Oz boka. Det er litt trist, for det siste året har eg nesten fått kurert motvilja mi mot å lese bibliotekbøker, men nå fekk eg ei påminning om kor denne motvilja kom frå.













I denne pausen fann eg fram Min kamp. Første bok, den første boka i det omdiskuterte 2500-siders
sjølvbiografiske verket til Karl Ove Knausgård. Dette er nok ei av dei bøkene eg las om i avisa, og tenkte at eg ikkje kom til å bruke tid på å lese. Prosjektet har blitt omtala som ein roman som grensar opp mot kvardagsblogginga og prosjektet har blitt kritisert for å utlevere familie og venner. Det første eg tenkte då eg såg tittelen på dette planlagte 6-bindsverket omtala i media, var: Det der gjer han bare for å bli lagt merke til! Noko av skepsisen min er knytta til at eg slit med serievegring. Det er noko forpliktande over det å gå i gang med å lese bind 1 av 6 planlagte - tenk om eg ikkje får tid til å lese noko anna før til sommaren? Men så kom boka i posten - nok ein gong fordi eg hadde gløymd å avbestille henne. Og nysgjerrig som eg er, klarte eg ikkje sende ho tilbake. Og eg likte jo Ute av verden og En tid for alt veldig godt, så korfor skulle eg ikkje gi dette prosjektet ei sjanse?

Typografien og dei luftege sidene er eit godt avbrekk etter å ha lese halve boka til Oz (som har eksepsjonelt mykje tekst pressa inn på sidene), og gjer boka langt meir egna til å lese på sengekanten og på tbanen, enn den opprinnelege boka. Sånn sett er det eit godt bokval, akkurat nå. Godt språk og god framstillingsevne er, etter hundre sider, med på å gjere boka- og eg er langt meir begeistra enn eg hadde trudd eg skulle vere. Eg liker vekslinga mellom essayistiske betraktningar og barndomsskildringar, som også Thauke2 har peika på. Og eg liker den springande stream-of-consciousness-liknande forteljarmåten, sjølv om eg har ei kjensle av å ha lese eit par andre bøker om tenåringsgutar for 25-35 år sidan, i løpet av dei siste åra.

Boka reiser ei rekke spørsmål, i og med at ho utgjer seg for å vere sjølvbiografisk, både i forhold til problemstillingar omkring fiksjon og fakta, forteljarstemme og biofaktisk forfattar, hukommelsen og minnene si rolle og forhaldet mellom sjangrane biografi og roman. For det står roman på framsida, og korfor gjer det eigentleg det, når forfattaren frå starten av er så oppteken av å understreke det sjølvbiografiske? Dette er spennande spørsmål, som også får meg til å tenke på Meg eier ingen av Åsa Linderborg, som i fjor haust reiste mange av dei same spørsmåla, riktignok i eit mindre format. Mange av desse problemstillingane er det for tidleg å seie noko om etter å bare ha lese ein fjerdel av romanen, men eg gleder meg til å lese vidare, og sjå korleis Knausgård har utført resten av prosjektet sitt. Samtidig håper eg eg skal få tid til å lese andre forfattarar i løpet av det neste halvåret.

(Fotografiet er lånt frå Oktober forlag sine nettsider.)

2 comments:

Thomas said...

Veldig enig med parallellen til "Meg eier ingen", de to bøkene minner om hverandre på mer enn ett vis.

Bai said...

Absolutt! Eg ser fleire og fleire, jo meir eg les, sjølv.