Novelle nummer 13 er også henta frå Best Russian Short Stories, og er kanskje den mest kjende russiske novella som er skriven. Eg har lese den 27 sider lange "The Cloak" av Nicolai Gogol, som ifølgje Martha Norheim er verdas beste novelle.
Hovudpersonen har fått det komiske namnet Akaky Akakiyewitch, oppkalla etter sin far. Akakiyewitch arbeider som avskrivar i eit departement og han er ein mann som lever for pliktene sine og arbeidsoppgåvene sine. Han blir skildra som ein litt enkel, komisk figur:
"The Cloak" er ei novelle som skildrar korleis den svake må bukke under for autoriteten og slik sett maler eit svært realistisk bilete av eit urettferdig samfunn kor ressursene ikkje er riktig fordelt. Dette er ein tematikk eg etterkvart har lese mange tekstar om, sjølv om Gogol si novelle frå 1842 er blant dei tekstane som er tidleg ute med å behandle denne problemstillinga. Det som gjer "The Cloak" til ei heilt unik novelle er den humoristiske og komiske måten den tragiske historia til Akakieywitch blir fortald. Språkføringa er svært elegant, og eg klarer ikkje la vere å trekke på smilebåndet over dei mange finurlege formuleringane, som er med på å gjere novella til eit stykke god forteljarkunst.

Outside this copying, it appeared that nothing existed for him. He gave no thought to his clothes. His uniform was not green, but a sort of rusty-meal colour. The collar was low, so that his neck, in spite of the fact that it was not long, seemed inordinately so as it emerged from it, like the necks of the plaster cats which pedlars carry about on their heads. And something was always sticking to his uniform, either a bit of hay or some trifle. Morover, he had a pecuiliar knack as he walked along the street, of arriving beneath a window just as all sorts of rubbish was being flung out of it; hence he always bore about on his hat scarps of melon rinds, and other such articles. (s. 32)Det er kaldt i St. Petersburg, og når vinteren kjem merkar Akakiyewitch at den gamle kappa hans er utslitt. Han forsøker å overtale skreddaren til å reparere kappa, men stoffet er for tynnslitt. Akakiyewitch treng ei ny kappe. Men lønninga strekk ikkje til, og han må spare på alt frå klesvask til mat for å få råd til denne nye kappa. Og denne sparinga bringer eit nytt perspektiv inn i livet til Akakiyewitch, håpet om ei betre framtid:
To tell the truth, it was a little hard for him at first to accustom himself to these deprivations. But he got used to them at length, after a fashion, and all went smoothly. He even got used to being hungry in the evening, but he made up for it by treating himself, so to say, in spirit, by bearing ever in mind the idea of his furture cloak. From that time forth, his existence seemed to become, in some way fuller, as if he were married, or as if some other man lived in him, as if, in facet he were not alone, and some pleasant friend had consented to travel with thick wadding and a strong lining incapable of wearing out. He became more lively, and even his character grew firmer, like that of a man who has made up his mind, and set himself a goal. (s. 40)Når han endeleg har spart saman pengane som trengst og får sydd den nye kappa, blir han sett og lagt merke til på kontoret. Han blir til og med invitert på ein fest, heime hjå ein av kollegaene hans. Likevel blir gleda over den flotte, nye og varme kappa kortvarig. På veg heim frå festen, seint om kvelden går han som ein ny mann, då han blir rana og kappa hans blir stolen. Akakieywitch forsøker på alle moglege måtar å bli tatt på alvor av politiet, som ikkje etterforskar saken om den stolne kappa hans tilstrekkeleg. Samtidig er han nødt til å bruke den gamle, slitne kappa, noko som gjer at han blir alvorleg sjuk i den kalde vinteren. Og det går som det må gå. Etter å ha brukt opp alle kreftene sine på kampen mot byrokratiet, døyr den fattige avskrivaren. Men han dukkar opp igjen og får hemna seg over byrokraten som avviste han, likevel.