Feb 28, 2010

Norske bøker, fordi dei er norske?

Aftenposten meldte denne veka at det blir lese fleire utanlandske bøker i Norge, enn norske:
Av de 100 mestselgende bøkene i 2009, sto utenlandske forfattere for 53 titler. Dette er over dobbelt så mye som norske forfattere selv klarer. Av de 22 som kom på listene, er hele åtte krimbøker av Jo Nesbø.
Einar Ibenholt i Gyldendal er bekymra over utviklinga og skuldar på kommersialiseringa av bokbransjen og bransjeavtalen frå 2005 (Julie i bokmerker.org har skrive ei veldig god innføring i kva bransjeavtalen er her og her).

Eg har eit inntrykk av at forlaga liker å skulde på liberaliseringa av bransjeavtalen, når salstala går nedover. Det er to punkt, særleg som blir trekke fram i fleire samanhengar, når bransjeavtalen blir diskutert. Det eine er at bokhandlarane ikkje lenger har plikt til å føre alle bøkene som kjem ut. Det andre er maksrabatt-ordninga, kor det ikkje er lov å selgje bøker med meir enn 12,5% rabatt ut året boka blir utgitt og i 12 månadar til. I gamle dagar kunne altså bokhandlarane ta inn eit variert utval av breid og smal litteratur, mens etter 2005 må dei vite at dei har lagerplass til det dei ikkje får solgt, fram til mammutsalget om litt over eit år. Dette går ut over tilgangen på smalare litteratur i butikkane. Det er tryggast for dei, å ta inn dei bøkene som er spådde å bli bestselgjarar på førehand. Det er klart at kommersialiseringa pregar utvalet i butikkane. Og dette kan sjå ut til å prege salstala også.

Likevel kjennest det av og til som om forlaga som kritiserer bransjeavtalen, undervurderer oss som lesarar og bokkjøparar. Dei trur ikkje at vi er i stand til å skaffe oss oversikt over bokmarknaden på eiga hand, og gjere eigne vurderingar. Eg trur at vi lesarar er i ferd med å bli mindre avhengige av utvalet i dei fysiske bokhandlarane. Ved hjelp av internettet kan vi gå rett til forlaga og bestille bøker vi har lese om i aviser og magasiner. Gjennom dei utallege bokbloggane og bokforaa er vi heller ikkje avhengige av at marknadsføringsavdelinga i forlaga skal fortelje oss om nye opplag. Det har åpna seg ein stor, virituell arena for samtale om bøker, som lar oss lesarar - og kjøparar - bli kjende med forfattarar og titlar som har blitt nedprioriterte frå forlaga og marknadsføringsavdelingane si side. Tilgangen på omtaler av bøker har auka i tida etter 2005.

Dette fører meg vidare til Øivind Arneberg sin kommentar til dårlege salstal for norsk skjønnlitteratur:
Å rope varsko for norsk skjønnlitteratur, skjønner jeg ikke hvorfor man vil. Det produseres jo enormt. Det kommer for mange ubetydelige bøker som tar plassen til mye av den seriøse norske skjønnlitteraturen.
Han peikar på ein sentral faktor, som det ikkje alltid er like stuereint å diskutere, nemleg kvaliteten på litteraturen som blir produsert. For er det verkeleg slik at alt som blir produsert er like godt, bare fordi det er norsk?

Eg trur ikkje på nokon samanheng mellom salstal og kvalitet. Eg trur ikkje at høge salstal nødvendigvis gjenspeglar stor litteratur. Like lite trur eg at låge salstal gjenspeglar bortgøymde og bortgløymde perler. Dei kan gjere det, men det er ikkje eit konsekvent årsaksforhald. Og det er langt frå sikkert at alle dei norske bøkene som blir gitt ut, er verdt å lese, til tross for at dei blir produsert i små opplag.

Då eg las i Aftenposten, tenkte eg at eg les jo mykje norsk litteratur. Eg trur i alle fall eg gjer det. Men gjer eg eigentleg det? Eg bladde gjennom bloggen min og fann ut at eg har lese fleire amerikanske bøker enn norske, det siste året. Eg les mykje om norske bøker i ulike samanhenger. Og sjølv om eg ikkje alltid har tid til å lese alt eg vil lese, forstår eg også på omtaler frå andre at det er langt ifrå alt som er verdt å lese. I alle fall ikkje bare fordi det er norsk.

Forfattaren sin nasjonalitet er ein faktor som kjem langt ned på lista, når eg skal vurdere om eg skal lese ei bok eller ikkje. Og då heller fordi eg vil lese noko frå andre kulturar, enn frå min eigen. Språk, stil, form, forteljarteknikk og handling er punkter eg heller vurderer, når eg les bokomtaler og utdrag, før eg avgjer om eg skal kjøpe boka eller ikkje. Og er eigentleg det så urovekkande?

Leik med bloggdesign

Eg har oppgradert bloggen min. Sidan eg ikkje bloggar mange bilete og illustrasjonar, har den heilt kvite minima-templaten blitt litt kjedeleg. I kveld sette eg med ned og forsøkte å leike med bloggdesign, for å sjå om eg kunne finne fram til eit litt meir fresh uttrykk. Og eg har nå funne ein template på Blogger Templates som fungerer godt.

Det er framleis ganske mange småting eg ikkje har funne utav, men ein blir ikkje verdsmester eller bloggdesignar over natta, heller. Så det blir nok litt meir fikling og flikking framover. Eg må forresten finne ut korleis eg skal logge meg på, nå som baren på toppen er borte.

I tillegg til ny bakgrunn har eg oppdater lenkelista mi. Så nå har eg oversikt over alle dei bokrelaterte bloggane eg følgjer i google reader, i margen her. Her er det mykje spennande, så eg anbefaler deg å bla gjennom lista. Eg vekslar litt mellom kva eg liker best, når det kjem til slike lister. Eg liker eigentleg dei listene kor ein kan sjå tittelen og ingressen på siste innlegget. Dei tar veldig stor plass, så den seinaste tida har eg hatt ein bloggfeed med bilete, tittel og ingress på dei siste 10 oppdaterte bloggane. Men det er mange som fell ut av ein slik 10-siste. Så nå forsøker eg meg med ei alfabetisk liste over alt eg les. Ulempa med denne er at ho må oppdaterast og vedlikehaldast. Men det bør eg kunne klare.

Eg tar gjerne imot både positive og negative tilbakemeldingar på den nye lay-outen. Er han lesarvennleg?

Edit: Retta opp potensiell misforståing.

Feb 27, 2010

Glimrande adapsjon


I går fekk eg omsider sett filmen basesert på John Ajvide Lindquist sin sterke roman Låt den rätta komma in. Det er over eit år sidan eg las boka, men ho gjorde likevel inntrykk på meg og eg har hatt lyst til å sjå filmen lenge. Særlig etter at han blei plukka ut i Store Studio som årets beste norske film 2009. Sjølv om han verken var norsk, eller frå 2009, var han så god at han fortente å bli nemnd.

Låt den rätta komma in handlar om 12 år gamle Oscar som blir mobba. I området rundt der han bur skjer det ei rekke mord. Desse blir i større grad vektlagt i boka enn i filmen. Ein dag møter Oscar Eli på leikeplassen. Ho har flytta inn i naboleiligheita til Oscar og mora, og det utviklar seg eit heilt spesielt vennskap mellom dei to.

Då eg las romanen hadde eg eit inntrykk av å lese ein spenningsroman eller ein grøssar, som var svært god på grunn av dei gode skildringane av karakterane sine sårbare sider. Einsemda og sårheita til karakterane står heile tida i sentrum, noko som gjer det til ein svært sterk roman.

I filmen er derimot spenning- og grøssarelementa tona ned, og desse sterke skildringane av karakterane tona opp. Det er som om filmteamet har tatt tak i akkurat dei sidene ved boka som eg syntest var sterkast og lagt hovudvekta på desse. Mørkret, fargane, vinterlandskapet, kontrastane mellom svart natt, kvit snø og raudt blod er med på å skape svært vakre bileter i denne grusomme historia. Scenene er ofte lange, med få replikkar, slik at bileta saman med bakgrunnsmusikken får tale for seg sjølv. Dette er også med på å framheve det sårbare hos Oscar og Eli, og utviklinga av forhaldet mellom dei.

Dette gjer at eg liker filmen veldig godt. For første gong i mitt liv har eg nesten lyst til å seie at filmen er betre enn boka.


Her er ein smaksprøve frå YouTube

Feb 25, 2010

Lese ferdig?

Eg held på med ei bok eg har hatt høge forventningar til.
Eg liker ho ikkje.
Eg vil gjerne like ho, men eg liker ho ikkje.
Ho har eit monotont og repetitivt preg, og etter 80 sider lurer eg på om eg skal lese dei siste 100 sidene. Det kan jo hende ho tek seg opp, kan det ikkje?
Det er langt frå sikkert at ho tek seg opp. Og eg har jo så mykje anna eg heller vil lese.
Men dersom ho tek seg opp, kan det jo hende at eg går glipp av noko.
Har eg gitt boka ein fair sjanse, når eg har lese 80 sider og synest ho blir meir og meir kjedeleg?

Eg har fått The Blindfold av Siri Hustvedt i posten. Den har eg gleda meg til lenge, og eg har begynt på ho, sjølv om eg ikkje er ferdig med den andre boka eg les. I dag fekk eg også e-post frå biblioteket om at Thomas J. R. Marthinsen si debutbok Du ligg og ventar på meg. Den har eg også gleda meg til å lese. Eg vil mykje heller bruke tid på desse to, enn på denne kjedelege boka som eg har komme til side 80 i.

Eg prøver å seie til meg sjølv at det ikkje er nødvendig å lese ferdig bøker eg ikkje liker. Og eg har blitt flinkare til å leggje bort bøker eg ikkje liker. Men likevel er det som om eg djupast inni meg har eit behov for å lese ferdig, for å vere heilt sikker.
Det kan jo hende eg tar feil.
Det kan jo hende boka blir betre mot slutten.
Det kan jo hende eg ikkje liker boka, fordi eg ikkje har skjønt ho heilt.
Samtidig er det så mykje eg så gjerne vil lese, og eg kjem jo aldri gjennom listene mine. Dei som bare blir lengre og lengre. Eg vil jo ikkje kaste bort den verdifulle lesetida mi, på bøker som eg ikkje liker å lese.

Feb 22, 2010

Listene mine

Akkurat nå har eg 6 bibliotekbøker heime. Eg har lese ei av dei og held på med ei anna. Eg har 3 bøker på venteliste. Eg har sett 13 bøker på huskelista mi, etter at eg oppdaga denne funksjonen i MappaMi på Deichmanske for 2 veker sidan. Eg har 4 bøker eg har kjøpt, som ligg under nattbordet og skal lesast. Eg har 2 leseeksemplarer eg skal lese og skrive om for eit anna medium enn bloggen min. Eg har bokmerka "mer enn 60 artikler" som har fått labelen "Til leseliste" i Google reader. Tre av dei er frå i dag, då eg kom heim og fann 112 ulesne bloggpostar i Google reader. Eg har stadig fleire, stadig lengre lister over kva eg skal lese etter gode tips i kommentarfelta mine. Spørsmålet nå er bare om eg kan klare å finne tid til å lese meg gjennom desse listene, når eg stadig får nye innspel til nye tekstar eg bare må lese.

Feb 19, 2010

Gode songtekstar: "Both sides now"

For litt sida klaga eg over kvaliteten på teksten på vinnarsongen i den nasjonale MGP-finalen. I etterkant av dette har eg tenkt litt på at eg skal starte ei songtekst-spalte, kor eg presenterer dei gode songtekstane - dei det er verdt å lytte til og lese åleine, igjen og igjen.

Ein av dei første verkeleg gode songtekstane eg la merke til, ein av dei tekstane som fekk meg til å oppdage at songtekstar også kan vere lyrikk, like godt som andre tekstar, er Joni Mitchells låt "Both sides now". Det kan hende han har blitt ein klisjé. Det kan hende vi har høyrd denne songen til regnvvåte, tåredryppande filmscener for mange gonger til å lytte ordentleg til han igjen. Men likevel - sjølv om du ikkje orkar meir av låta - vil eg oppmode deg til å lese gjennom songteksten. Det er ein vakker tekst.

"Both sides now" av Joni Mitchell

Bows and flows of angel hair and ice cream castles in the air
And feather canyons everywhere, I've looked at clouds that way.
But now they only block the sun, they rain and snow on everyone.
So many things i would have done but clouds got in my way.

I've looked at clouds from both sides now,
From up and down, and still somehow
It's clouds illusions I recall.
I really don't know clouds at all.

Moons and junes and ferris wheels, the dizzy dancing way you feel
As every fairytale comes real; I've looked at love that way.
But now it's just another show. You leave 'em laughing when you go
And if you care, don't let them know, don't give yourself away.

I've looked at love from both sides now,
From give and take, and still somehow
It's love's illusions I recall.
I really don't know love at all.

Tears and fears and feeling proud to say "I love you" right out loud,
Dreams and schemes and circus crowds, I've looked at life that way.
But now old friends are acting strange, they shake their heads, they say
I've changed.
Something's lost but something's gained in living every day.

I've looked at life from both sides now,
From win and lose, and still somehow
It's life's illusions I recall.
I really don't know life at all.

I've looked at life from both sides now,
From up and down, and still somehow
It's life's illusions I recall.
I really don't know life at all.


Feb 18, 2010

Humoristisk og surrealistisk sivilisasjonskritikk

Tang
Bjarte Samuelsen
Det norske Samlaget 2009
213 sider



Bjarte Samuelsen har eit ansikt eg kjenner igjen frå gangane og førelesningane på Blindern. Viss ikkje trur eg ikkje eg ville ha funne fram til denne herlege boka frå 2009, og det er litt synd, for det er ei god bok.

Tang handlar om bergensaren Asbjørn Linne og kompisen hans, Henning. Dei merkar at Bergen er i krise. Det regnar over 200 dagar i året. Folk er stressa og i dårleg humør. Brann taper og på fisketorget sel dei sur og infisert fisk. Byen er til og med tømt for japanarar, og Asbjørn og Henning er urolege fordi bergensarane er i ferd med å miste hansaidentiteten. Henning vil løyse problema med å starte danseband, noko Asbjørn ikkje har fullt så stor tru på.

Ein dag får Asbjørn eit postkort kor det står "Eg håper du kjem for å leva i omhugstralten". Kortet er frå øya Hernar, langt ute i havgapet, og Asbjørn dreg først til biblioteket deretter vidare til Hernar for å finne ut kva "omhugstralten" er for noko. På øya har dei eit heilt spesielt levesett, som er blitt utvikla gjennom århundra. Diett, leik, seksuell omgang, tangbad og kvile er faktorar som er viktige for dette levesettet. Asbjørn får ikkje bli meir enn nokre få dagar, etter å ha gjor seg fortent til det, fordi øya ikkje skal påverkast utanifrå. Sidan Asbjørn har møtt - og forelska seg i - jenta Lene, blir ho med han tilbake til Bergen. Lene har lese BT og veit at det står dårleg til med bergensarane, så ho vil nærast misjonere om korleis dei må leve for å bli lykkelege igjen. Dette blir heller dårleg motteke. Lene utvikler bysjuke av fisken på fisketorget og dei stressa bergensarane utan hansaidentitet. Dei står ovafor eit problem som må løysast.

Dette er ei herleg leseoppleving. Tang er lettlesen og godt skrive. Sivilisasjonskritikken i boka er sterk, men på ingen måte påtrengjande, noko som jo er eit kunststykke i seg sjølv. Dei absurde og surrealistiske opplevingane til Asbjørn blir fortalde med eit likefram språk, og verkar naturlege og kvardagslege - som lesar får eg inntrykk av at dette kunne skjedd kven som helst.

Karakteren Henning er ein småkomisk bifigur som stadig går omkring og snakkar om dette dansebandet. Han kan til tider verke litt overflødig, og eg er litt usikker på om hans rolle er nødvendig gjennom heile forteljinga. Slutten på boka er også litt brå. Heilt til siste side lurer eg på korleis dette skal dragast i land på bare eit par sider. Problema boka presenterer har inga enkelt løysning, og kanskje er løysninga som Asbjørn, Lene og Henning kjem opp med den beste, men likevel er avslutninga av teksten litt brå. Dette er synd, fordi det elles er ei så god bok.

Tang er ei bok det absolutt er verdt å lese, eg er i alle fall glad eg kom over denne absurde og humoristiske romanen.

Feb 14, 2010

Kjærleiksdikt

Tidlegare i dag utfordra eg lesarane mine til å poste kjærleiksdikt, og det kom fram mange vakre ord:

Midifila har introdusert ein lyrikar eg vil lese meir av, ved å poste eit nydeleg dikt om kjærleiken i kvardagen, "Alt dette" av Knut Ødegård.
Little man from another place nemner "Metope" av Olaf Bull. Dette kan lesast her.
Syneline presenterer heile tre songtekstar, av høg lyrisk kvalitet. "Ein ven" av Hans Hyldbakk, "Have I told you lately" av Van "The Man" Morrison og "Eg e gla i deg" av Arnt Birkedal.
Lilledora presenterer Tor Jonsson sitt vakre dikt "Når du er borte".

Eg anbefaler ein kikk innom desse tekstane, her er det mange vakre og stemningsfulle ord om kjærleik.

Edit: Retta opp feil, 15. feb.

Det vakraste kjærleiksdiktet

Sidan det er valentines-day i dag, og vi har gått omkring og sett på lyserosa hjerter i butikkane den siste veka, synest eg det er på sin plass å presentere det vakraste kjærleiksdiktet eg veit om. Det er så enkelt og samtidig så ekspressivt, Eeva Kilpis "Säg till om jag stör":

Säg till om jag stör,
sa han när han steg in,
så går jag med detsamma.
Du inte bara stör, svarade jag,
du rubbar hela min existens.
Välkommen.


Frå Songer om kärlek (1980).

Eg vil gjerne utfordre deg som leser bloggen min i dag: Kva er ditt vakraste kjærleiksdikt? Presenter det i eigen blogg, og legg igjen ein kommentar her, slik at eg finn det igjen.

Feb 12, 2010

Afrikansk litteratur

Etter å ha lese Little Bee, sitt eg og tenker at eg har lese alt for lite afrikansk litteratur. Eg har lyst til å lese afrikanske bøker skrive av afrikanarar. Ikkje afrikanske bøker skrive av kolonistar, som Dorris Lessing og Karen Blixen. Ikkje eit vondt ord om verken Lessing eller Blixen, men dei er ikkje afrikanske afrikananar, og dei skriv med kolonisten sitt blikk. Eg vil heller ikkje lese bøker av vestlege folk som forestiller seg korleis det er å vere afrikanar. Det har eg gjort denne veka, og det var ingen vidare suksess. Og eg leitar heller ikkje etter reiseskildringar frå Afrika. Eg vil lese afrikansk litteratur, som skildrar kvardagen på kontinentet, frå den alminnelege afrikanar sin ståstad.

Eg har Utvandringens tid av Tayeb Salih i ei eller anna pappeske (- åh, som eg gleder meg til å få bøkene mine i bokhyller igjen), også har eg, etter omtale frå Ingrid, notert meg namnet Ahmadou Kourouma og boka Allah skylder ingen noe.

Eg tar gjerne i mot tips om gode bøker skrive av afrikanarar. Eg synest det er vanskeleg å finne dei sjølv.