Av de 100 mestselgende bøkene i 2009, sto utenlandske forfattere for 53 titler. Dette er over dobbelt så mye som norske forfattere selv klarer. Av de 22 som kom på listene, er hele åtte krimbøker av Jo Nesbø.Einar Ibenholt i Gyldendal er bekymra over utviklinga og skuldar på kommersialiseringa av bokbransjen og bransjeavtalen frå 2005 (Julie i bokmerker.org har skrive ei veldig god innføring i kva bransjeavtalen er her og her).
Eg har eit inntrykk av at forlaga liker å skulde på liberaliseringa av bransjeavtalen, når salstala går nedover. Det er to punkt, særleg som blir trekke fram i fleire samanhengar, når bransjeavtalen blir diskutert. Det eine er at bokhandlarane ikkje lenger har plikt til å føre alle bøkene som kjem ut. Det andre er maksrabatt-ordninga, kor det ikkje er lov å selgje bøker med meir enn 12,5% rabatt ut året boka blir utgitt og i 12 månadar til. I gamle dagar kunne altså bokhandlarane ta inn eit variert utval av breid og smal litteratur, mens etter 2005 må dei vite at dei har lagerplass til det dei ikkje får solgt, fram til mammutsalget om litt over eit år. Dette går ut over tilgangen på smalare litteratur i butikkane. Det er tryggast for dei, å ta inn dei bøkene som er spådde å bli bestselgjarar på førehand. Det er klart at kommersialiseringa pregar utvalet i butikkane. Og dette kan sjå ut til å prege salstala også.
Likevel kjennest det av og til som om forlaga som kritiserer bransjeavtalen, undervurderer oss som lesarar og bokkjøparar. Dei trur ikkje at vi er i stand til å skaffe oss oversikt over bokmarknaden på eiga hand, og gjere eigne vurderingar. Eg trur at vi lesarar er i ferd med å bli mindre avhengige av utvalet i dei fysiske bokhandlarane. Ved hjelp av internettet kan vi gå rett til forlaga og bestille bøker vi har lese om i aviser og magasiner. Gjennom dei utallege bokbloggane og bokforaa er vi heller ikkje avhengige av at marknadsføringsavdelinga i forlaga skal fortelje oss om nye opplag. Det har åpna seg ein stor, virituell arena for samtale om bøker, som lar oss lesarar - og kjøparar - bli kjende med forfattarar og titlar som har blitt nedprioriterte frå forlaga og marknadsføringsavdelingane si side. Tilgangen på omtaler av bøker har auka i tida etter 2005.
Dette fører meg vidare til Øivind Arneberg sin kommentar til dårlege salstal for norsk skjønnlitteratur:
Å rope varsko for norsk skjønnlitteratur, skjønner jeg ikke hvorfor man vil. Det produseres jo enormt. Det kommer for mange ubetydelige bøker som tar plassen til mye av den seriøse norske skjønnlitteraturen.Han peikar på ein sentral faktor, som det ikkje alltid er like stuereint å diskutere, nemleg kvaliteten på litteraturen som blir produsert. For er det verkeleg slik at alt som blir produsert er like godt, bare fordi det er norsk?
Eg trur ikkje på nokon samanheng mellom salstal og kvalitet. Eg trur ikkje at høge salstal nødvendigvis gjenspeglar stor litteratur. Like lite trur eg at låge salstal gjenspeglar bortgøymde og bortgløymde perler. Dei kan gjere det, men det er ikkje eit konsekvent årsaksforhald. Og det er langt frå sikkert at alle dei norske bøkene som blir gitt ut, er verdt å lese, til tross for at dei blir produsert i små opplag.
Då eg las i Aftenposten, tenkte eg at eg les jo mykje norsk litteratur. Eg trur i alle fall eg gjer det. Men gjer eg eigentleg det? Eg bladde gjennom bloggen min og fann ut at eg har lese fleire amerikanske bøker enn norske, det siste året. Eg les mykje om norske bøker i ulike samanhenger. Og sjølv om eg ikkje alltid har tid til å lese alt eg vil lese, forstår eg også på omtaler frå andre at det er langt ifrå alt som er verdt å lese. I alle fall ikkje bare fordi det er norsk.
Forfattaren sin nasjonalitet er ein faktor som kjem langt ned på lista, når eg skal vurdere om eg skal lese ei bok eller ikkje. Og då heller fordi eg vil lese noko frå andre kulturar, enn frå min eigen. Språk, stil, form, forteljarteknikk og handling er punkter eg heller vurderer, når eg les bokomtaler og utdrag, før eg avgjer om eg skal kjøpe boka eller ikkje. Og er eigentleg det så urovekkande?