Jun 28, 2010

Biblioteket - igjen...

Her om dagen skreiv eg om kor fint det er å kunne låne bøker på biblioteket. Og det er fint. Etter at internettet har fått oversikt over hyllene kan eg bare logge meg inn på "mappa mi" og registrere bøker eg har lyst til å lese, etterkvart som eg les om dei i dei mange bloggane og avisene og dei andre mediene kor eg les om bøker. Eg liker det.

Likevel sit eg her nå, med eit slags problem. For i løpet av våren har eg reservert ein del bøker, med lange ventelister, blant anna Thomas Espedal si bok Imot kunsten, Kjersti Annesdatter Skomsvold si bok Jo fortere jeg går, jo mindre blir jeg, Utrenskning av Sofi Oksanen, De fattiga i Lodz av Steve Sem-Stenberg, Børnene av Ida Jessen og Påskeparaden av Richard Yates. I løpet av våren har eg vore inne og skjekka kor mange det er framføre meg i køen med jamne mellomrom, og det har gått sakte men sikkert frå over 80 og ned til ingen.

I slutten av veke 22 og begynnelsen av veke 23, fekk eg 6 epostar frå biblioteket: "Boken du reserverte kan hentes på Bjerke filial", stod det. I alle saman. Og alle bøkene har venteliste vidare, så eg skjønte raskt at eg måtte lese fort og mykje med ein gong. Men eg fekk ikkje lese fort og mykje med ein gong, for eg skulle rette ein heil minnepinne full av tentamenar og sette ein haug med karakterar først.

Nå sit eg her og ser på bøkene. Lånetida er gått ut og eg innser at eg må stille meg bakerst i den nye køen dersom eg skal få lese Imot kunsten av Thomas Espedal. Eller kjøpe boka.

7 comments:

Lille søster said...

Synd du ikke kan komme til oss - her er det liten eller ingen ventetid!

Elin said...

Norgeslån! Norgeslån!
Ja, så lenge du har nasjonalt lånekort kan du jo bestille fra andre steder i landet. :)

Bai said...

Norgeslån er kanskje tingen ja. Skal sjå nærmare på det. (Det er visst ikkje så lurt å poste eit blogginnlegg like før ein tek ferie, då får ein ikkje fulgt med på kommentarane).

Anonymous said...

Bare be om å stå over en runde i stedet for å låne boka!

Anonymous said...

Akkurat dette problemet har jeg også! Jeg trodde jeg var så innmari smart som reserverte alle disse bøkene, nøye planlagt i forhold til ventetid og alt. Men sånn gikk det ikke, selvfølgelig, og nå sitter jeg i bokfella. Og vi har visst samme lokalbibliotek, jeg låner også fra det litt-mindre-enn-eminente biblioteket på Bjerke ;)

Bai said...

Felles lokalbibliotek? Så morsomt. Eg liker biblioteket på Bjerke, dei som jobbar der er hyggelege, og med nettreservasjonane er det veldig greit å få tak i bøker. Sjølv om lokalene og bokutvalet kanskje ikkje er i stjerneklassen, er det koseleg der.

Adrian L said...

Great readd thank you