May 11, 2009

Tematrio - Omlesning


Denne veka spør Lyran kva slags bøker som blir lese om og om igjen.

1. Morgon og kveld, Jon Fosse si vakre forteljing om den siste dagen i Johannes sitt liv, er ein roman eg aldri kjem til å bli ferdig med.

2. Isslottet av Tarjei Vesaas, denne skjøre og vakre romanen om Siss og venninna hennar Unn, vennskapet deira og Unn som brått forsvinn, har eg også lese mange gonger. Og eg får lyst til å lese ho om att, bare eg tenker på henne.

3. The Picture of Dorian Gray av Oscar Wilde er ei tredje bok eg har lese fleire gonger. Denne forteljinga om kunsten og verkelegheita som blir blanda saman i biletet av Dorian Gray, er eg også veldig glad i.

May 8, 2009

Eit kvardagsdikt

"O breath"
Elizabeth Bishop

Beneath that loved and celebrated breast,
silent, bored really blindly veined,
grieves, maybe lives and lets
live, passes bets,
something moving but invisibly,
and with what clamor why restrained
I cannot fathom even a ripple.
(See the thin flying of nine black hairs
four around one five the other nipple,
flying almost intolerably on your own breath.)
Equivocal, but what we have in common's bound to be there,
whatever we must own equivalents for,
something that maybe I could bargain with
and make a separate peace beneath
within if never with.

May 5, 2009

Siri Hustvedt - Det jeg elsket

Det jeg elsket
What I loved - 2003
Oversatt av Bodil Engen
Aschehoug 2007
410 sider



Eg har lese veldig mykje om Siri Hustvedt, men det er først nå eg har fått tid til å lese noko av henne. Og Det jeg elsket var ei veldig god bok som ga meirsmak. Eg gleder meg til å lese meir av Hustvedt.

Den aldrande, nesten blinde kunstprofessoren Leo Hertzberg fortel historia om sitt vaksne liv gjennom Det jeg elsket. Forteljinga om Leo Hertzberg, hans familie og nabofamilien Weschler er ei godt fortald historie med god framdrift. Forteljinga har både sterke og rørande sider, samtidig som det er ei spennande historie med god framdrift. Hovudpersonen er kunstprofessor og hans beste venn er kunstnar. Forteljinga utspeler seg i kunstmiljøet i New York og romanen drøftar kva slags rolle kunsten spelar for dei ulike karakterane, på ein veldig fin måte. Eg har lese fleire romanar kor biletkunst står sentralt, der referansene til kunsten blir tilgjort og prangande. Derfor er eg imponert over måten Siri Hustvedt lar denne drøftinga av kunsten speler ei så stor rolle som ho gjer, på ein så naturleg måte.

Eg klarer ikkje la vere å synest at det er interessant å lese ein roman av ei kvinne som har ein mannleg hovudperson. Dette fungerer godt, og eg er litt overraska over kor i kor lita grad eg faktisk tenkte over dette med kjønn og kjønnsperspektiv i lesinga. Det jeg elsket er ei fin forteljing om vennskap, kjærleik, sorg og tillit mellom mennesker. Samtidig er det ein stor roman som tematiserer filosofiske spørsmål om kunst, kropp og dei vanskelege mellommenneskelege relasjonane. Romanen er velkomponert og ei god lesaroppleving.

May 4, 2009

Mai-lesing

Eg har mange leseplanar for mai, etter å ha meldt meg på fleire leseutfordringar saman med dei andre bokbloggarane.

Eg skal lese månadens lesesirkelbok, Fluenes herre av William Golding. Denne har eg lenge hatt på den mentale vil-lese-lista mi, så eg er veldig glad for at nokon andre har bestemt meg for å lese ho denne månaden.

Eg skal også lese En dag i Ivan Denisovitsjs liv av Alexandr Solzjenitsyn, som er ei reise til Aust-Europa med Lyrans "Jorden rundt på 8 bøker".

Og sist men ikkje minst skal eg lese månadens nobelprisvinnar, Harold Pinter. For nokre dagar sidan fekk eg eit nyheitsbrev frå Nationalteateret, kor det står at dei skal sette opp Hjemkomsten med premiære 22. mai. Så eg vil forsøke å både lese og sjå dette stykket. Det er noko spesielt med det å sjå eit stykke på teater, like etter at ein har lese dramaet. Det blir som å få oppleve teksten frå to ulike perspektiv. Og det liker eg.

Tematrio - hembygden

Det har blitt lite blogging siste veka, av ulike grunnar, men nå er eg tilbake. Og Lyran er også tilbake med ein ny tematrio. Denne gongen ber ho oss om å


Berätta om 3 böcker/texter av författare från din hemtrakt eller om romaner som utspelar sig i din hemstad!

Eg står ovanfor eit definisjonssprørsmål når nokon ber meg fortelje om min heimstad. Eg er innflytta Osloborgar frå Rogaland. Eg liker ikkje å måtte ta stilling til om eg er Oslojente eller rogalending. Eg er liksom begge deler på ein gong. Og eg har snart budd like lenge i Oslo som i Rogaland.

1. Den første teksten eg velgjer blir dermed eit kompromiss. I Bondestudentar av Arne Garborg (1883) møter vi nemleg ein gut som flytter frå Jæren til Oslo for å studere, akkurat som eg. Forskjellen er bare at det er godt og vel 100 år i mellom Daniel Sørbraut si reise til Oslo og mi. Daniel er ein skarp gut i heimbygda, og han blir sendt til Oslo for å studere teologi. Han får problem med å forhalde seg til miljøa han møter i byen, ikkje minst fordi han som bondeson har sterke mindreverdigheitskomplekser. Det er ei veldig morsom bok, ikkje minst på grunn av den ironiske distansen forteljaren har til stakkars Daniel, som ikkje får ting heilt til for seg. Eg bør kanskje nemne at boka er skrive av Garborg, på nynorsk ala 1883, så språket kan vere krevande. Men det er ei god bok.

2. Eg har hatt oppveksta mi i Rogaland og som Jarle Klepp i Mannen som elsket Yngve av Tore Renberg, har eg også gått på skuletur langs kongevegen på Jæren og vore tenåring i områda rundt Stavanger. Eg nikkar gjenkjennande til mange av scenene i historia om denne 17 år gamle guten som ikkje veit heilt kva han skal gjere med livet sitt.

3. Sidan eg har budd i Oslo i 8 år nå og sidan eg ser på Oslo som min heimby, kjem eg ikkje utanom Oslopatrioten Jan Erik Vold (som rett nok lever i eksil i Stockholm) si dikting. Vold teiknar opp lyriske bilete av dei delane av Oslo som eg har blitt veldig glad i, og beskriver slik byen på ein flott måte. Ved å lese dikt som "Februar på Olaf Ryes plass" er det som å gå over Grünerløkka ein vinterdag. Eg blir nesten litt kald på nasen av å lese dette diktet. Og det er jo slik Oslo er:

"Februar på Olaf Ryes plass" (Sirkel, sirkel 1978)

Noe

hvitt og noe svart, som i livet

som i

verden, som i dag

på

Olaf Ryes plass – de svarte trærne

ut av

den hvite

snøen, og menneskene

sorte, som går

mellom

trærne, og fuglene

sorte, som flyr

mot den

hvite

snøen og den hvite

himmelen – de få, sandstrødde tråkk

gjennom

parken. Og

bakerst, plutselig

levende

den lyseblå Kjelsåstrikken, på vei

opp

fra byen.


Apr 23, 2009

Orhan Pamuk - Det hvite slottet

Det hvite Slottet
Beyaz Kale, 1985
Oversatt av Trude Falch
Gyldendal 2006
170 sider



Ein italiensk mann blir teken til fange av tyrkiske piratar og solgt som slave til ein mann som er svært interessert i å lære mest mogleg av den vestlege kunnskapen. Dei utvilker eit svært spesielt forhold, med tanke på at den eine er slave og den andre er herre. Handlinga er lagt til 1700-talet i Istanbul, og boka gir eit spennande innblikk i møtet mellom austleg og vestleg kunnskap på denne tida.

Orhan Pamuk har sjølv sagt i eit intervju om boka:

- Jeg ville reflektere over forholdet mellom Øst og Vest. Vi har tillagt Vestens vitenskap altfor stor betydning. Selvsagt har vi dratt nytte av den, men samtidig ble vi knust av den også. Boken er en høyttenkning om virkningen av Vestens økonomiske - og teknologiske fremgang på våre sjeler. Men det handler også om hvordan Vesten følte seg mindreverdig da den møtte det du kaller Østens visdom. I denne boken går våre tanker til hva Østen og Vesten fikk av hverandre, hva vi har gjort, hva vi kunne ha gjort, hva vi kan gjøre, hvordan vi kan utbedre våre misoppfatninger, hvordan vi kan kvitte oss med våre mindreverdighetskomplekser eller vårt hovmod.

Sjølv kan eg ikkje seie at dette var den heilt store lesaropplevinga. Boka blei tung å lese for meg, innimellom oppdaga eg at eg hadde lese to-tre sider utan å få med meg kva eg hadde lese, og måtte bla tilbake. Eg trur eg ville hatt større utbytte av ho dersom eg hadde vore frisk og klar i hovudet. Men det er ikkje ei bok som er godt eigna til å lesast frå sjukesenga. Eg har lese Mitt navn er Karmosin tidlegare, og denne likte eg svært godt. Så akkurat nå er eg litt i tvil om det er meg eller boka det er noko gale med. Eg veit at det ikkje er forfattaren i alle fall, og eg har kanskje ein mistanke om at det er konsentrasjonsevna mi som er hovudgrunnen til at dette ikkje blei den heitl store lesaropplevinga.

Apr 22, 2009

Jorden rundt på 8 bøker

Lyran, den driftige dama bak Tematrioen, har jammen sett i gang endå ein utfordring, "Jorden rundt på 8 bøker". Eg har meldt meg på med litt forbehald - eg er jo med på ein nobelprisvinnar i månaden og ein lesesirkel, allereide. Men dette høyrdest spennande ut.

Vi kan velgje mellom 3 bøker frå kvar verdsdel, og det var mange spennande titlar å velgje mellom på lista Lyran har sett opp.


Eg skal forsøke å plukke ut dei titlane eg kjem til å lese, frå denne lista. Sidan det er mange gode titlar, har eg brukt litt tid på å klare å velgje, men nå er eg endeleg "reiseruta" klar:

Östeuropa i Maj:
Franz Kafka (Tjeckien) - Förvandlingen
Herta Müller (Rumänien) - Hjärtdjur
Alexandr Solzjenitsyn (Ryssland) - En dag i Ivan Denisovitjs liv

Mellanöstern i Juni:
Abraham B. Yehoshua (Israel) - Kvinnan i Jerusalem
Suad Amiry (Palestina) - Sharon och min svärmor
Khaled Hosseini (Afghanistan) - Tusen strålande solar

Asien i Juli:
Kiran Desai (Indien) - Bittert arv
Gao Xingjian (Kina) - Ensam människas Bibel
Haruki Murakami (Japan) - Norwegian Wood

Oceanien i Augusti:
Doris Pilkington (Australien) - Rabbit-Proof Fence
Patrick White (Australien) - Tant Theodora
Keri Hulme (Nya Zeeland) - Benfolket

Sydamerika och Västindien i September:
Gabriel García Márquez (Colombia) - Översten får inga brev
Roberto Bolaño (Chile) - Om natten i Chile
Maryse Condé (Guadaloupe) - Färden genom mangroven

Nordamerika i Oktober:
Toni Morrison (USA) - Älskade
Philip Roth (USA) - Envar
Margaret Atwood (Canada) - Oryx och Crake

Afrika i November:
Chinua Achebe (Nigeria) - Allt går sönder
Nadine Gordimer (Sydafrika) - Min sons historia
Tayeb Salih (Sudan) - Utvandringens tid

Västeuropa i December:
José Saramago (Portugal) - Blindheten
Virginia Woolf (England) - Mrs Dalloway
Per Petterson (Norge) - Ut och stjäla hästar

Apr 21, 2009

Tematrio - dyr

Denne veka er oppfordringa frå Lyran denne:

Berätta om tre böcker där djur spelar en viktig roll!

Det har vore litt vanskeleg å komme på bøker kor dyr er sentrale. Men etter å ha sovet på det over natta, har eg komt fram til tre bøker:

1. Den første boka eg tenker på er barndomsfavoritten Løven, heksa og klesskapet av C. S. Lewis. Eg veit ikkje kor mange gonger eg las denne boka, men eg kjenner at eg får lyst til å lese ho ein gong til bare eg tenker på ho. Denne nydelege historia om dei fire barna som reiser til eit land på andre sida av kleskapet, kor dei får hjelp av dyra til å redde verda frå den onde heksa. Løva Aslan er det viktigaste dyret, men det er mange andre dyr som hjelper dei i kampen mot den onde Heksen Hvit.


2. Den neste boka eg tenker på er Doppler av Erlend Loe, kor hovudpersonen flyttar ut i skogen og slår leir saman med ein elg som han kaller for Bongo, etter far sin som slett ikkje heitte Bongo (er det ikkje fantastisk med slike språkkritiske utsegn?). Doppler tar avstand frå samfunnet og utvilker eit herleg vennskapsforhold til denne elgen.

3. Mengele Zoo av Gert Nygårdshaug er sommarfuglar svært sentrale for hovudpersonen Mino, guten som overlever masakren av landsbyen fordi han er på sommarfugljakt. Den same sommarfuglen blir seinare signaturen til terroristgruppa Mino er leidar for, som kjempar mot dei store selskapa som øydelegg jungelen.

Apr 19, 2009

På TV i kveld






I kveld skal eg kose meg på sofaen med selskap frå Jane Marple. Ingenting er som god, gammaldags britisk krim, ein søndagskveld.

Er du enig? Då anbefaler eg NRK1 kl. 21.00!

Apr 18, 2009

Kva er toleranse?

Toleranse er eit omgrep som stadig blir brukt i debattar. Ein roser dei som har mykje toleranse og ein kritiserer dei som er intolerante, ja det å vere intolerant er blitt eit ganske grovt skjellsord. Men kva er eigentleg toleranse?
Nynorskordboka presenterer tre betydningar av ordet:

1 med.: toleevne ha høg, låg t- for noko
2 det å bere over med meiningane el. åtferda til andre; tolsemd (2) vise t- i livssynsspørsmål
3 tillate avvik frå ei norm gjenga har ein t- på 1/1000 mm

Det er den andre betydninga av ordet toleranse, å bere over med meiningane eller åtferda til andre, eg vil sjå nærmare på.

Det har skjedd noko med samfunnet vårt. For femti år sidan var det radikalt å snakke om kvinner som ikkje arbeidde heime og foreldre som ikkje budde saman med ungane sine. Homofili var ulovleg og ekteskapet var så godt som uoppløyseleg. Dei rådande normene har forandra seg. Sambuarar og aleineforeldre har mange av dei same rettane som gifte foreldre. I fjor blei det vedteke ein kjønnsnøytral ekteskapslov, og kvinner som vil vere heime med ungane sine må forklare dei dei møter kvifor dei ikkje vil arbeide.

Dei standpunkta som var radikale nokre tiår tilbake, er normative i dag. Og dei som står for synspunkter som var normative for nokre tiår tilbake er ikkje bare konservative, men dei er også intolerante. Nina Karin Monsen er ei av desse. Ho har eit verdisyn som har fått medienorge til å rope om toleranse når ho denne veka har vunne Fritt Ord Prisen. Det at ho har fått prisen, vitnar om at det er radikalt å vere konservativ i samfunnsdebatten. Det er mainstream å forfekte dei radikale ideane, medan dei konservative ideane møter sterk motstand.

Mykje av kritikken mot Nina Karin Monsen går på at ho er intolerant. Ho tolererer ikkje folk som lever annleis enn henne og derfor fortener ho ikkje Fritt Ord Prisen. Men kva er det med desse kritikarane, dei som snakkar om toleranse, og som likevel ikkje tolererer utsagna hennar? I mine auge viser dei like lite toleranse, som dei kritserer Monsen for å vise. Dei ber ikkje over med meiningane hennar. Det begynner å sjå ut som om toleranse-omgrepet er forbehalde for dei med politisk korrekte meiningar. Har ikkje dei konservative rett til å bli møtt med toleranse for sine meiningar? Er det ikkje nettopp dei upopulære ideane vi treng å høyre i samfunnsdebatten, dei ideane som setter evna til å bere over med andre sine meiningar på prøve?

Eg ønsker meg ein samfunnsdebatt som er prega av toleranse, også ovafor dei som uttrykker meiningar som blir kritisert for å vere intolerante. Derfor vil eg, til tross for at eg på langt nær er enig i det Monsen står for, likevel gratulere henne med Fritt Ord Prisen.