May 12, 2009

Om å lese

Eg har mange bøker eg har lyst til å lese, men som eg ikkje har fått tid til å lese. Ein av grunnane til at eg ikkje har fått tid til å lese dei bøkene eg har tenkt å lese, dei siste åra, er at eg er masterstudent i nordisk litteratur. Dette inneberer blant anna at eg, dei siste åra, har fått utdelt ei liste med mellom 20 og 30 romanar, drama eller lyrikksamlingar som skal lesast i løpet av et semester. Eg har i all hovudsak gleda meg over at eg kan lese skjønnlitterære tekstar som i tillegg er pensum, i studietida mi. Samtidig har eg sakna det å kunne velgje bøker sjølv. Eg har kjøpt bøker eg vil lese, men dei har blitt liggande i ein stabel med ulesne bøker, fordi eg må prioritere Strindberg, norsk mellomkrigstid eller modernistisk lyrikk. Det siste året har eg kunne velgje dei skjønnlitterære bøkene eg vil lese sjølv. Dermed kan eg oppdatere meg på ikkje-nordisk samtidslitteratur og ikkje-nordiske klassikarar. Eg kan lese romanar eg lenge har ønska at eg hadde lese, fordi dei er sentrale i verdslitteraturen, og eg kan lese bøker av forfattarar eg nesten ikkje hadde høyrd om tidlegare. Og eg gleder meg over denne friheita til å velgje bøkene mine sjølv.

Det har slått meg at dette ordet pensum kan gjere noko med ein elles god roman. Det er eit ord som er med på å definere måten ein les på. Eg kan jo få boka til eksamen, og då må eg hugse detaljane. Eg må lime inn post-it-lappar i teksten, slik at eg finn dei viktige partia tilbake, når eg kanskje skal skrive om boka. Og eg må forsøke å tenke ut ein interessant måte å sette boka i eit teoretisk perspektiv på, som i tillegg kan vere originalt nok til at eg får ein god karakter. Dette er tankar som pregar lesinga.

Brannen av Tarjei Vesaas er eit eksempel på ei bok eg har lese to gonger, fordi ho har stått på pensumlista mi to gonger. Den første gongen eg las Brannen satt eg igjen med ei forvirra kjensle av å ikkje ha forstått kva eg las. Eg hadde hatt problem med å få tak i boka, fordi ho bare er å få kjøpt som bind 13 i Skrifter i Samling. Dagen før forelesninga om romanen, fekk eg låne ho av ein som sa "ikkje brekk opp permen medan du les ho". Og eg las så forsiktig eg bare kunne og så fort eg bare kunne, for å bli ferdig til forelesninga dagen etter. Eg kunne jo ikkje ha boka med i veska, dersom eg skulle behandle ho etter utlånaren sine instruksar. Eg likte ikkje boka, eg skjønte ho ikkje og eg kryssa fingrane for at eg skulle sleppe å skrive om denne til eksamen.
Neste gong eg hadde boka på ei pensumliste, var eg litt tidlegare ute med å få tak i boka, og fekk bestillt bind 13 av Skrifter i Samling frå forlaget (så nå har eg 3 eksemplar av Isslottet, for å vere på den sikre sida). Eg hadde god tid til å lese historia om denne Jon som spring rundt i eit surrealistisk draumelandskap, og eg satt igjen med ei svært god lesaroppleving.

Etter å ha lese Brannen for andre gong, og funne ut at ho var verdt å lese likevel, har eg tenkt på dei andre bøkene eg ikkje har likt, som eg har hatt på pensumlista gjennom åra. Har eg ikkje likt dei fordi dei er pensum, og fordi eg ikkje har tatt meg god nok tid til å lese dei, eller har eg ikkje likt dei fordi eg ikkje likte dei? Eg trur at når eg har det travelt med å bli ferdig med ei bok, blir lesaropplevinga amputert av dette hastverket. Eg kan bli meir oppteken av kva for ei side eg har kome til og kor stor brøkdel dette er av heile boka, enn sjølve teksten. Og når dette skjer, mister eg ei viktig del av gleda ved å lese. I forlenginga av dette, kjem eit spørsmål om årsak og verknad. Mister eg gleda ved å lese fordi eg tel sider, eller begynner eg å telje sider fordi boka i utgangspunktet ikkje engasjerer meg?

Eg er litt skeptisk til å konkludere med at bøker som eg har vald å lese sjølv, når eg har god tid, er betre enn bøker som står på ei pensumliste. For eg har lese mange bøker som eg har likt veldig godt, til tross for at dei er pensum. Dersom det hadde vore klart definert at pensumbøker ikkje var gode, ville eg vel neppe ha halde ut med litteraturstudier så lenge som eg har gjort. Men eg trur eg kan konkludere med at det å ikkje ha vald å lese ei bok sjølv og i tillegg ha dårleg tid, kan vere med på å gjere at eg oppfatter ei elles god bok som ei dårleg bok.

May 11, 2009

Tematrio - Omlesning


Denne veka spør Lyran kva slags bøker som blir lese om og om igjen.

1. Morgon og kveld, Jon Fosse si vakre forteljing om den siste dagen i Johannes sitt liv, er ein roman eg aldri kjem til å bli ferdig med.

2. Isslottet av Tarjei Vesaas, denne skjøre og vakre romanen om Siss og venninna hennar Unn, vennskapet deira og Unn som brått forsvinn, har eg også lese mange gonger. Og eg får lyst til å lese ho om att, bare eg tenker på henne.

3. The Picture of Dorian Gray av Oscar Wilde er ei tredje bok eg har lese fleire gonger. Denne forteljinga om kunsten og verkelegheita som blir blanda saman i biletet av Dorian Gray, er eg også veldig glad i.

May 8, 2009

Eit kvardagsdikt

"O breath"
Elizabeth Bishop

Beneath that loved and celebrated breast,
silent, bored really blindly veined,
grieves, maybe lives and lets
live, passes bets,
something moving but invisibly,
and with what clamor why restrained
I cannot fathom even a ripple.
(See the thin flying of nine black hairs
four around one five the other nipple,
flying almost intolerably on your own breath.)
Equivocal, but what we have in common's bound to be there,
whatever we must own equivalents for,
something that maybe I could bargain with
and make a separate peace beneath
within if never with.

May 5, 2009

Siri Hustvedt - Det jeg elsket

Det jeg elsket
What I loved - 2003
Oversatt av Bodil Engen
Aschehoug 2007
410 sider



Eg har lese veldig mykje om Siri Hustvedt, men det er først nå eg har fått tid til å lese noko av henne. Og Det jeg elsket var ei veldig god bok som ga meirsmak. Eg gleder meg til å lese meir av Hustvedt.

Den aldrande, nesten blinde kunstprofessoren Leo Hertzberg fortel historia om sitt vaksne liv gjennom Det jeg elsket. Forteljinga om Leo Hertzberg, hans familie og nabofamilien Weschler er ei godt fortald historie med god framdrift. Forteljinga har både sterke og rørande sider, samtidig som det er ei spennande historie med god framdrift. Hovudpersonen er kunstprofessor og hans beste venn er kunstnar. Forteljinga utspeler seg i kunstmiljøet i New York og romanen drøftar kva slags rolle kunsten spelar for dei ulike karakterane, på ein veldig fin måte. Eg har lese fleire romanar kor biletkunst står sentralt, der referansene til kunsten blir tilgjort og prangande. Derfor er eg imponert over måten Siri Hustvedt lar denne drøftinga av kunsten speler ei så stor rolle som ho gjer, på ein så naturleg måte.

Eg klarer ikkje la vere å synest at det er interessant å lese ein roman av ei kvinne som har ein mannleg hovudperson. Dette fungerer godt, og eg er litt overraska over kor i kor lita grad eg faktisk tenkte over dette med kjønn og kjønnsperspektiv i lesinga. Det jeg elsket er ei fin forteljing om vennskap, kjærleik, sorg og tillit mellom mennesker. Samtidig er det ein stor roman som tematiserer filosofiske spørsmål om kunst, kropp og dei vanskelege mellommenneskelege relasjonane. Romanen er velkomponert og ei god lesaroppleving.

May 4, 2009

Mai-lesing

Eg har mange leseplanar for mai, etter å ha meldt meg på fleire leseutfordringar saman med dei andre bokbloggarane.

Eg skal lese månadens lesesirkelbok, Fluenes herre av William Golding. Denne har eg lenge hatt på den mentale vil-lese-lista mi, så eg er veldig glad for at nokon andre har bestemt meg for å lese ho denne månaden.

Eg skal også lese En dag i Ivan Denisovitsjs liv av Alexandr Solzjenitsyn, som er ei reise til Aust-Europa med Lyrans "Jorden rundt på 8 bøker".

Og sist men ikkje minst skal eg lese månadens nobelprisvinnar, Harold Pinter. For nokre dagar sidan fekk eg eit nyheitsbrev frå Nationalteateret, kor det står at dei skal sette opp Hjemkomsten med premiære 22. mai. Så eg vil forsøke å både lese og sjå dette stykket. Det er noko spesielt med det å sjå eit stykke på teater, like etter at ein har lese dramaet. Det blir som å få oppleve teksten frå to ulike perspektiv. Og det liker eg.

Tematrio - hembygden

Det har blitt lite blogging siste veka, av ulike grunnar, men nå er eg tilbake. Og Lyran er også tilbake med ein ny tematrio. Denne gongen ber ho oss om å


Berätta om 3 böcker/texter av författare från din hemtrakt eller om romaner som utspelar sig i din hemstad!

Eg står ovanfor eit definisjonssprørsmål når nokon ber meg fortelje om min heimstad. Eg er innflytta Osloborgar frå Rogaland. Eg liker ikkje å måtte ta stilling til om eg er Oslojente eller rogalending. Eg er liksom begge deler på ein gong. Og eg har snart budd like lenge i Oslo som i Rogaland.

1. Den første teksten eg velgjer blir dermed eit kompromiss. I Bondestudentar av Arne Garborg (1883) møter vi nemleg ein gut som flytter frå Jæren til Oslo for å studere, akkurat som eg. Forskjellen er bare at det er godt og vel 100 år i mellom Daniel Sørbraut si reise til Oslo og mi. Daniel er ein skarp gut i heimbygda, og han blir sendt til Oslo for å studere teologi. Han får problem med å forhalde seg til miljøa han møter i byen, ikkje minst fordi han som bondeson har sterke mindreverdigheitskomplekser. Det er ei veldig morsom bok, ikkje minst på grunn av den ironiske distansen forteljaren har til stakkars Daniel, som ikkje får ting heilt til for seg. Eg bør kanskje nemne at boka er skrive av Garborg, på nynorsk ala 1883, så språket kan vere krevande. Men det er ei god bok.

2. Eg har hatt oppveksta mi i Rogaland og som Jarle Klepp i Mannen som elsket Yngve av Tore Renberg, har eg også gått på skuletur langs kongevegen på Jæren og vore tenåring i områda rundt Stavanger. Eg nikkar gjenkjennande til mange av scenene i historia om denne 17 år gamle guten som ikkje veit heilt kva han skal gjere med livet sitt.

3. Sidan eg har budd i Oslo i 8 år nå og sidan eg ser på Oslo som min heimby, kjem eg ikkje utanom Oslopatrioten Jan Erik Vold (som rett nok lever i eksil i Stockholm) si dikting. Vold teiknar opp lyriske bilete av dei delane av Oslo som eg har blitt veldig glad i, og beskriver slik byen på ein flott måte. Ved å lese dikt som "Februar på Olaf Ryes plass" er det som å gå over Grünerløkka ein vinterdag. Eg blir nesten litt kald på nasen av å lese dette diktet. Og det er jo slik Oslo er:

"Februar på Olaf Ryes plass" (Sirkel, sirkel 1978)

Noe

hvitt og noe svart, som i livet

som i

verden, som i dag

på

Olaf Ryes plass – de svarte trærne

ut av

den hvite

snøen, og menneskene

sorte, som går

mellom

trærne, og fuglene

sorte, som flyr

mot den

hvite

snøen og den hvite

himmelen – de få, sandstrødde tråkk

gjennom

parken. Og

bakerst, plutselig

levende

den lyseblå Kjelsåstrikken, på vei

opp

fra byen.


Apr 23, 2009

Orhan Pamuk - Det hvite slottet

Det hvite Slottet
Beyaz Kale, 1985
Oversatt av Trude Falch
Gyldendal 2006
170 sider



Ein italiensk mann blir teken til fange av tyrkiske piratar og solgt som slave til ein mann som er svært interessert i å lære mest mogleg av den vestlege kunnskapen. Dei utvilker eit svært spesielt forhold, med tanke på at den eine er slave og den andre er herre. Handlinga er lagt til 1700-talet i Istanbul, og boka gir eit spennande innblikk i møtet mellom austleg og vestleg kunnskap på denne tida.

Orhan Pamuk har sjølv sagt i eit intervju om boka:

- Jeg ville reflektere over forholdet mellom Øst og Vest. Vi har tillagt Vestens vitenskap altfor stor betydning. Selvsagt har vi dratt nytte av den, men samtidig ble vi knust av den også. Boken er en høyttenkning om virkningen av Vestens økonomiske - og teknologiske fremgang på våre sjeler. Men det handler også om hvordan Vesten følte seg mindreverdig da den møtte det du kaller Østens visdom. I denne boken går våre tanker til hva Østen og Vesten fikk av hverandre, hva vi har gjort, hva vi kunne ha gjort, hva vi kan gjøre, hvordan vi kan utbedre våre misoppfatninger, hvordan vi kan kvitte oss med våre mindreverdighetskomplekser eller vårt hovmod.

Sjølv kan eg ikkje seie at dette var den heilt store lesaropplevinga. Boka blei tung å lese for meg, innimellom oppdaga eg at eg hadde lese to-tre sider utan å få med meg kva eg hadde lese, og måtte bla tilbake. Eg trur eg ville hatt større utbytte av ho dersom eg hadde vore frisk og klar i hovudet. Men det er ikkje ei bok som er godt eigna til å lesast frå sjukesenga. Eg har lese Mitt navn er Karmosin tidlegare, og denne likte eg svært godt. Så akkurat nå er eg litt i tvil om det er meg eller boka det er noko gale med. Eg veit at det ikkje er forfattaren i alle fall, og eg har kanskje ein mistanke om at det er konsentrasjonsevna mi som er hovudgrunnen til at dette ikkje blei den heitl store lesaropplevinga.

Apr 22, 2009

Jorden rundt på 8 bøker

Lyran, den driftige dama bak Tematrioen, har jammen sett i gang endå ein utfordring, "Jorden rundt på 8 bøker". Eg har meldt meg på med litt forbehald - eg er jo med på ein nobelprisvinnar i månaden og ein lesesirkel, allereide. Men dette høyrdest spennande ut.

Vi kan velgje mellom 3 bøker frå kvar verdsdel, og det var mange spennande titlar å velgje mellom på lista Lyran har sett opp.


Eg skal forsøke å plukke ut dei titlane eg kjem til å lese, frå denne lista. Sidan det er mange gode titlar, har eg brukt litt tid på å klare å velgje, men nå er eg endeleg "reiseruta" klar:

Östeuropa i Maj:
Franz Kafka (Tjeckien) - Förvandlingen
Herta Müller (Rumänien) - Hjärtdjur
Alexandr Solzjenitsyn (Ryssland) - En dag i Ivan Denisovitjs liv

Mellanöstern i Juni:
Abraham B. Yehoshua (Israel) - Kvinnan i Jerusalem
Suad Amiry (Palestina) - Sharon och min svärmor
Khaled Hosseini (Afghanistan) - Tusen strålande solar

Asien i Juli:
Kiran Desai (Indien) - Bittert arv
Gao Xingjian (Kina) - Ensam människas Bibel
Haruki Murakami (Japan) - Norwegian Wood

Oceanien i Augusti:
Doris Pilkington (Australien) - Rabbit-Proof Fence
Patrick White (Australien) - Tant Theodora
Keri Hulme (Nya Zeeland) - Benfolket

Sydamerika och Västindien i September:
Gabriel García Márquez (Colombia) - Översten får inga brev
Roberto Bolaño (Chile) - Om natten i Chile
Maryse Condé (Guadaloupe) - Färden genom mangroven

Nordamerika i Oktober:
Toni Morrison (USA) - Älskade
Philip Roth (USA) - Envar
Margaret Atwood (Canada) - Oryx och Crake

Afrika i November:
Chinua Achebe (Nigeria) - Allt går sönder
Nadine Gordimer (Sydafrika) - Min sons historia
Tayeb Salih (Sudan) - Utvandringens tid

Västeuropa i December:
José Saramago (Portugal) - Blindheten
Virginia Woolf (England) - Mrs Dalloway
Per Petterson (Norge) - Ut och stjäla hästar

Apr 21, 2009

Tematrio - dyr

Denne veka er oppfordringa frå Lyran denne:

Berätta om tre böcker där djur spelar en viktig roll!

Det har vore litt vanskeleg å komme på bøker kor dyr er sentrale. Men etter å ha sovet på det over natta, har eg komt fram til tre bøker:

1. Den første boka eg tenker på er barndomsfavoritten Løven, heksa og klesskapet av C. S. Lewis. Eg veit ikkje kor mange gonger eg las denne boka, men eg kjenner at eg får lyst til å lese ho ein gong til bare eg tenker på ho. Denne nydelege historia om dei fire barna som reiser til eit land på andre sida av kleskapet, kor dei får hjelp av dyra til å redde verda frå den onde heksa. Løva Aslan er det viktigaste dyret, men det er mange andre dyr som hjelper dei i kampen mot den onde Heksen Hvit.


2. Den neste boka eg tenker på er Doppler av Erlend Loe, kor hovudpersonen flyttar ut i skogen og slår leir saman med ein elg som han kaller for Bongo, etter far sin som slett ikkje heitte Bongo (er det ikkje fantastisk med slike språkkritiske utsegn?). Doppler tar avstand frå samfunnet og utvilker eit herleg vennskapsforhold til denne elgen.

3. Mengele Zoo av Gert Nygårdshaug er sommarfuglar svært sentrale for hovudpersonen Mino, guten som overlever masakren av landsbyen fordi han er på sommarfugljakt. Den same sommarfuglen blir seinare signaturen til terroristgruppa Mino er leidar for, som kjempar mot dei store selskapa som øydelegg jungelen.

Apr 19, 2009

På TV i kveld






I kveld skal eg kose meg på sofaen med selskap frå Jane Marple. Ingenting er som god, gammaldags britisk krim, ein søndagskveld.

Er du enig? Då anbefaler eg NRK1 kl. 21.00!