Jan 6, 2011

Kva skal vi glede oss til i år?

Bok i P2 presenterer ein del av titlane som kjem til å komme ut i løpet av våren. Her blir bloggarane Janke, Knirk og Bokdama spurt om kva dei gleder seg til. Eg synest det er veldig stas at bokbloggarar blir lagt stadig meir merke til av dei institusjonaliserte mediene.

Lista Nrk presenterer er ikkje komplett, men ho inneheld mange spennande titlar. Eg gleder meg til desse bøkene kjem ut:

Ingrid Betancourt: Selv taushet tar slutt.
Siri Hustvedt: Sommeren uten menn.
Jon Fosse: Kortare stykke.
Sofi Oksanen: Baby Jane.
John Ajvide Lindquist: Lille stjerne.
Arto Paasillinna: En lykkelig mann.

Kva vil du glede deg til å lese, i vår?

Jan 5, 2011

Bok i posten

For ei veke sidan, skreiv eg om at eg har oppdaga Neil Gaiman. Gaiman-inspirator Elin var så utruleg snill at ho spurde meg om eg ville ha ei bok av henne, og i dag kom denne boka i posten:

...og nå ser eg jo at biletet som er tatt med det innebygde kameraet på macen min er speilvent. Det har vel si sjarm det også...

Nå skal eg inn på bookcrossing og finne ut korleis eg kan registrere boka der. Kan hende eg oppdager noko nytt der også.

Tusen takk for boka, Elin!

Jan 4, 2011

1/52 "Dag 2 (ettermiddag): St. Alfonso´s Boys´High School and Junior College"

Mi første novelle er henta frå novellesamlinga Mellom attentatene av Aravind Adiga. Den fjerde novella i samlinga heiter "Dag 2 (ettermiddag): St. Alfonso´s Boys´High School and Junior College". Den noko underlege tittelen heng saman med oppbygginga av novellesamlinga, som er som ei reisehandbok over den fiktive byen i sør-vest India, Kittur. Kva novelle blir innleia med ein kort reisehandbokliknande presentasjon av ein bydel, også følgjer ei historie frå denne delen av byen.

På den katolske gutteskulen St. Alfonso´s går det ein mandag av ei bombe i timen til kjemilæraren Lasrado. Bomba er (heldigvis) amatørmessig konstruert, og ho gjer ikkje så stor skade som ho kunne ha gjort. Vi får følgje den unge guten Shankara, som innser at hevna over kjemilæraren som straffa han for å røyke, lagar større oppsikt enn han hadde forventa:
I mange år hadde denne institusjonen talt til ham - talt hardt til ham: Lærerne hadde brukt spanskrøret på ham, rektor etter rektor hadde utvist ham og truet med å kaste ham ut for godt. (Og bak ryggen på ham - det var han helt sikker på - hadde skolen hånet ham for å være hoyka - lavkaste.)
Nå hadde han tatt igjen mot skolen. Han holdt nevene knyttet.
"Tror dere det er terrorister?" Hørte han en gutt si.
"Kasjmirene? Eller punjabene ...?"
Nei, idioter! hadde han lyst til å skrike ut. Det var meg! Shankara! Lavkasten!
Der- han så professor Lasrado, fremdeles bustete på håret, omgitt av yndlingselevene sine, de "flinke guttene"; han søkte hjelp og støtte hos dem.
Novella gir eit innblikk i dei store forskjellane barn i denne indiske byen veks opp under. Shankara, som er blanding mellom to kaster og altså bastard, står i ei sterk indre konflikt. Kastesystemet har påført den unge guten ei manglande kjensle av identitet og tilhøyrigheit, og sjølv opplever han at han har dei verste eigenskapene frå begge kastane. Novella følgjer den unge guten, gjennom redsla for å bli avslørt som "terroristen" og fram mot ei erkjenning av det han har gjort.

Eit vinterdikt

There's a certain Slant of light (258)

There's a certain Slant of light,
Winter Afternoons –
That oppresses, like the Heft
Of Cathedral Tunes –

Heavenly Hurt, it gives us –
We can find no scar,
But internal difference,
Where the Meanings, are –

None may teach it – Any –
'Tis the Seal Despair –
An imperial affliction
Sent us of the air –

When it comes, the Landscape listens –
Shadows – hold their breath –
When it goes, 'tis like the Distance
On the look of Death –

Av Emily Dickinson

Altså...

Eg skulle forsøke å lage ei fane til 52 noveller på 52 veker, også klappa heile templaten saman. Sånn går det, når ein tuklar med ting ein ikkje kan.

Nå må det ei fornying til. Eg må bare finne ut korleis det skal sjå ut her, først.

Jan 3, 2011

Ein verdig vinnar

Rampejenta
Mario Vargas Llosa 2006
Omsett av Kari og Kjell Risvik
Gyldendal 2007
336 sider



Eg har lenge vore nysgjerrig på dei to store latinamerikanske forfattarane Mario Vargas Llosa og Gabriel Garcia Marques. Og etter at Mario Vargas Llosa vann nobelprisen, og fekk den ekstra eksponeringa i bokhandelen, som slike prisar ofte fører med seg, plukka eg litt tilfeldig opp boka Rampejenta for å lese noko av Llosa.

Dette litt tilfeldige valet viste seg å vere eit godt val. Rampejenta er ei intenst spennande og svært godt fortald kjærleikshistorie, fortald av eg-personen Ricardo Somocurio om møtet med den peruanske rampejenta. Første gong han møter henne, er sommaren 1950 då ho gir seg ut for å vere chilensk. Ricardo forelskar seg i denne mystiske jenta, som ikkje vil seie ta han med seg heim til familien sin, og han gløymer ho aldri. Ti år seinare møter han ho igjen, denne gongen er ho sosialistisk geriljasoldat i Paris. Og desse to møta, blir starten på eit svært lidenskapeleg og kaotisk forhald. Dei møtest vidare til ulike tider og i ulike byar, er elskarane til kvarandre, og affærene ender kvar gong med at Ricardo blir såra. Han tilgir Rampejenta, gong på gong, sjølv om det blir vanskelegare for han for kvar gong. Og romanen er full av gode skildringar av dei sterke kjenslene. Både lykka og fortvilinga, begjæret og lengslen blir skildra på ein overbevisande måte.

Bakteppet for denne kjærleikshistoria er ei kompleks forteljing om den politiske situasjonen i Peru og Frankrike på 60-, 70- og 80-talet. Det er ei forteljing om dei ideologiske straumningane som pregar Paris på 60-talet og London på 70-talet. Det er også ei forteljing om den stadig aukande skepsisen Ricardo og Rampejenta og andre innvandrarar frå den tredje verda møter i Europa i desse tiåra. Og midt oppi dette står dette paret.

Det er kanskje kontrastane i hovudpersonane som gjer romanen til ei slik god forteljing. Ricardo er for god til å vere sann og han sluttar til tider å vere truverdig i korte passasjar. Men dette gløymer eg som lesar fort, og eg blir også prega av den lidenskapelege forteljaren sitt naive blikk. Rampejenta kan på ingen måte seiast å vere ein sympatisk karakter. Likevel, så lenge ho blir skildra gjennom blikket til den forelska eg-forteljaren er ho fascinerande og fengslande. Det er ei sterk spenning som oppstår i dei stadige vekslingane mellom sympatier og antipatier i forhald til dette paret, og det er denne spenninga som driv forteljinga framover. Denne spenninga får meg også til å oversjå bristane i både forteljinga og teksten. Både det etterkvart så usannsynlege i dei mange tilfeldige møta til dei to og det tidvis irriterande ordvalet til paret som har omsett teksten til norsk, blir uviktig, og spenninga gjer boka til ei svært god bok.

Rampejenta er ei bok som gir meg lyst til å utforske forfattarskapet til Llosa langt grundigare, og om eg skal vurdere etter denne teksten er han absolutt ein verdig prisvinnar. Om du skal lese boka i Gyldendal si pocketutgåve, bør du vere forsiktig med å lese baksideteksten. For meg var det alt for mykje informasjon der, noko som var med på å leggje ein liten dempar på lesaropplevinga.

Jan 2, 2011

Veka som har gått - 52

Vi er akkurat ferdig med den store oppsummeringsveka, veka kor alle medier oppsummerer fjoråret. Kuturåret blir oppsummert denne veka. Dagbladet oppsummerer året som har gått, kulturåret 2010 står til ein 2´ar, medan Aftenposten ber oss stemme på sin favoritt. Også årets beste bøker blir presenterte, og i Aftenposten forsøker Åmås å trekke fram alternativ til dei norske bøkene og peikar på tidsskrifta og magasina. Og Åmås har rett, vi gløymer ofte desse, når vi snakkar om kva som er verdt å lese. Fleire av kritikarane i både Aftenposten og Morgenbladet trekk fram innsatsen til Pedro Carmona-Alvarez og Gunnar Wærness ved samlinga, oversettinga og utvelginga av 34 poetar frå 25 land i antologien Verden finnes ikke på kartet, ein antologi som står høgt på ønskelista mi. Dagsavisen si liste er vel den som, så vidt eg ser, har eit størst særpreg i valet av titlar. Også her finn vi sjølvsagt Beate Grimsrud, Gaute Heivoll, Jonathan Franzen og Tore Rem, men dei har også fleire forfattarnamn og titlar som har fått mindre plass i den store diskusjonen i året som har gått. Det er likevel ingen av dei norske avisene som slår The New York Times liste over 100 notable books of 2010. Dette er verkeleg rett webside, for dei som vil oppdage nye forfattarskap og hente leseinspirasjon.

Under overskrifta Lurte 100 000 nordmenn... avslører Dagbladet omsider at bloggen "Flinke piker", som blant anna har fått mykje merksemd av kronprinsparet er ein bløff. Jentene Linnea, Chantal og Emma er oppdikta, og det er ein anonym skribent som står bak bloggen. Men er det unikt at akkurat denne bloggen ikkje er skrivne av desse tre? Er ikkje blogging ei form for gestalting av eit offentleg eg, også blant oss som utgir oss for å vere oss sjølve?

Aftenposten startar ein ny språkserie. Dette er eit svært godt initiativ, som det blir spennande å følgje. Her er det spennande artiklar om utviklinga av nyord, språkutviklinga i Oslo-Øst, bruk av engelsk, dialektar og nynorskens status. Det kjem ikkje klart fram om det er desse fem oppslaga, eller om det kjem fleire i same serien. Sjølv liker eg å lese om språk i avisene, og håper heilt klart på det siste.

Orhan Pamuk skreiv eit essay i bloggen til The New York Review of Books den 25. desember, med tittelen The Fading Dream of Europe. Dette godt skrivne essayet presenterer det tyrkiske synet på Europa, først som "the rosy land of legend" og korleis dette draumelandet har utvikla seg til å bli ein Europeisk Union i forvirring og full av indre problem. Pamuk spør om ikkje Europa burde vende blikket bort frå flyktningeproblematikken og heller sjå innover, for å beskytte seg sjølv og sin kultur: "But if Europe is to protect itself, would it be better for it to turn inward, or should it perhaps remember its fundamental values, which once made it the center of gravity for all the world’s intellectuals?" Eit essay til ettertanke, som er vel verdt å lese.

Eg har forresten presentert bloggen min på Bloggurat.

Smakebit på en søndag


Eg har lyst til å henge meg på Ladybug sin vekentlege "Smakebit på en søndag". Det er eioppfordring om å presentere eit utdrag frå den boka eg les, kvar søndag. Hohar halde denne oppfordringa gåande ei stund, og frå og med nå er eg også med.


Denne søndagen les eg Rampejenta av Mario Vargas Llosa. Det er første boka eg les av årets nobelprisvinnar, og eg liker det eg les.
Vi tok et par glass rom og Coca-Cola, en drink som allerede ble kalt cubalibre. Lokalet var lite, mørkt, røykfullt, varmt, sangene episke eller melankolske, det var smått med folk ennå, og før vi hadde drukket ut og etter at jeg hadde fortalt at jeg takket være hennes heksekunster og rosenkrans hadde klart meg til eksamen, tok jeg hånden hennes og flette fingre med henne og spurte om hun var klar over at jeg hadde vært forelsket i henne i ti år.
Hun brast i latter.
s. 27.

Jan 1, 2011

52 noveller i 2011

Eg har lyst til å lese fleire noveller. Eg les alt for få av dei. Dei blir liksom borte i mellom alle bøkene og dikta, også gløymer eg dei. Men eg synest det er veldig fint å lese noveller. Dei er ikkje like tidkrevande som romanane, og eg kan sette meg ned ein ettermiddag og ha ei god lesaroppleving i løpet av ein time eller to. Det er på mange måtar avslappande i ein travel kvardag å lese tekstar som ikkje tek så lang tid.

Derfor vil eg utfordre meg sjølv. Eg skal lese ei novelle kvar veke i 2011, altså 52 noveller.

Dersom det er fleire som kan tenke seg å lese fleire noveller i år, kan vi jo gjere det saman. I så fall må de gjerne forsyne dykk av biletet over, slik at det blir ein samanheng. Då kan vi jo også tipse kvarandre om gode noveller og hjelpe kvarandre å finne fram til nye forfattarar. Er det nokon som vil vere med?