Jul 7, 2011

Lesemaraton

Labbens har tatt eit kjempeflott initiativ til lesemaraton, lørdag 9. juli. For min del måtte anna program prioriterast, så eg får ikkje vere med, men eg vil likevel anbefale alle leselystne å kikke innom Labben sin blogg og vurdere å vere med. Lesemaratonet går ut på å lese i 24 timar, frå lørdag kl. 10.00. Labben vil lage utfordringar undervegs.

Om du ikkje har andre forpliktelsar i helga (ja, eg er litt bitter for at eg ikkje får det til!), bør du finne fram stablar med bøker, espressokanna og anna snadder og sette av dette døgnet!

Eg gleder meg til å lese rapportane, og håper det blir ein kjempesuksess, slik at eg kan få vere med neste år!

Jul 6, 2011

Eit kvardagsdikt

Sidan junikveldane regna bort i juni, har eg lyst til å poste det vakre sommardiktet til Hans Børli i dag, sjølv om det er juli.

"Junikveld" av Hans Børli

Vi sitter i slørblå junikveld
og svaler oss ute på trammen.
Og alt vi ser har dobbelt liv,
fordi vi sanser det sammen.

Se - skogsjøen ligger og skinner rødt
av sunkne solefalls-riker.
Og blankt som en ting av gammelt sølv
er skriket som lommen skriker.

Og heggen ved grinda brenner så stilt
av nykveikte blomsterkvaster.
Nå skjelver de kvitt i et pust av vind,
- det er som om noe haster...

Å, flytt deg nærmere inn til meg
her på kjøkkentrammen!
Den er så svimlende kort den stund
vi mennesker er sammen.

Jul 4, 2011

Kva skal du lese - veke 27

Ingenting er vel så sjarmerande som vekentlege spalter som blir posta til faste tider, dei vekene ein faktisk klarer å komme på at det er mandag på mandagen, og ikkje alle dei andre vekene. Vel. Sjølv om det viser seg at strukturert blogging ikkje er mi sterkaste side, håper eg det er nokon som har lyst til å fortelle om leseplanane sine i dag.

Kva skal du lese, denne sommarveka?

(Du kan velje om du vil svare i kommentarfeltet, eller om du vil svare i eigen blogg. Begge deler er fin-fint!)

----

Sjølv held eg på med den nydelege boka Boy in the Striped Pajamas av John Boyne. Det er ei bok om andre verdskrigen, fortald frå den naive åtteråringen Bruno sitt perspektiv. Faren til Bruno har fått ei leiande stilling ved ein konsentrasjonsleir, og familien må flytte frå Berlin. For Bruno sjølv, som ikkje veit kva faren eigentleg jobbar med, er fascinasjonen stor for gutane og mennene i stripete pyjamasar, som han ser frå vindauget sitt i det nye huset. Dette er sterk lesing, og eg ser at boka også er filmatisert.

Eg har lasta ned eboka Last Man in Tower av Aravind Adiga, ein forfattar eg tidlegare har blitt begeistra for både gjennom romanen White Tiger og novellesamlinga Mellom attentatene. Bekjentskapet med Adiga har vore både spennande og lærerikt til nå, og eg blei veldig glad då eg kom over ei ny bok frå han.


Jul 3, 2011

Lesetempo

Denne helga har eg lese Panserhjerte av Jo Nesbø. Sjølv om Harry Hole begynner å tære på dei ni liva sine, og grensene for kva det er sannsynleg at eit menneske skal kunne overleve stadig blir tøyde, har det vore ei intens og spennande lesaroppleving. Eg lar meg begeistre av bøkene om Harry Hole. Og kanskje er det nettopp fordi Harry sjølv er ein slik fascinerande type?

Det som har slått meg medan eg har lese denne 638 sider lange boka er lesetempoet mitt. Eg bruker omlag halvannan time på å lese rundt hundre sider. Dette er eit langt høgare tempo enn eg vanlegvis les i. Då eg for eksempel las Tårnet av Uwe Tellkamp (som eg framleis bare har tatt pause frå), brukte eg omlag ein månad på dei første 600 sidene. Mot ei helg denne gongen. Og eg les sjeldan hundre sider på under to timar. Eg har tidlegare hatt eit slikt lesetempo ved lesing av bøker med liknande spenningskurve, Harry Potter-bøkene for eksempel. Men til vanleg les eg ikkje så fort. Eg veit ikkje kor mange sider eg vanlegvis les i timen, eg har ikkje tatt tida. Men eg brukte fire til fem timar på den 130 sider lange Elskeren. Og eg brukte ein liten dag på å lese den 115 sider lange Morgon og kveld, av Jon Fosse.

Eg kjenner jo til pageturnar-omgrepet, likevel blir eg litt fascinert over at hjernen min er i stand til å absorbere denne mengda ord på så kort tid. Er det den intense og jagande handlinga, som gjer at eg blar om side etter side, for å finne ut korleis det går? Eller er det det heller motstandslause språket, som gjer at eg les fortare? Eg stoppar jo sjeldan opp for å fordøye Nesbø sitt språk, (med unnatak av dei tre gongene eg kom over leddsetningar som stod som sjølvstendige setningar, og eg måtte stoppe litt opp for å fange samanhengen).

Ein kan vere snar, og knytte denne forskjellen til diskusjonen om litterær kvalitet. Men eg trur det i mange tilfelle kan vere litt forhasta. Det er, som nemnd, ein mangel på motstand i Nesbø sitt språk. Dette er ein plausibel forklaring på korfor det går så mykje fortare å lese denne boka, enn Duras og Fosse sine bøker. Dei to sistnemnde har jo eit svært poetisk språk, eit språk som krev pausar og som innbyr til ei langsommare lesing. Når eg tenker på Panserhjerte kjenner eg ei intensitet. Men når eg tenker på Morgon og kveld, kjenner eg den roa forteljinga om Johannes sin siste dag er prega av. Og dette er ein annan skilnad mellom bøkene. Eg får ei litt hektisk og oppkava kjensle av å lese Nesbø, og eg merkar med meg sjølv at eg treng lengre pausar mellom bøker av denne typen. Eg får ei heilt anna ro av å lese bøker som eg les meir langsomt. Og sjølv om det kan vere morsomt med ei slik intens lesaroppleving som eg har hatt i helga, liker eg den roa eg opplever, når eg les bøker med ei mindre jagande og hektisk handling.

Eg veit ikkje heilt kor eg vil med dette innlegget, bortsett frå å dele fascinasjonen over kor fort det kan gå an å lese, innimellom. Eg trur det må ha noko med måten boka er skriven på å gjere.

Jun 30, 2011

Heilt grei underhaldning


The Third Angel
Alice Hoffman
Three Rivers Press 2009
182 sider



Den første ferieboka mi blei The Third Angel av Alice Hoffman. Boka er delt i tre, og vi følgjer tre kvinner som på ulike måtar innleiier eit kjærleiksforhold til feil mann i London. I første delen, lagt til 1990 møter vi søstrene Allie og Maddie. Allie skal gifte seg med Paul, som er utru med Maddie i håp om at Allie skal dumpe han. Ikkje fordi han ikkje er glad i Allie, men fordi han trur at ho vil ha det betre utan han. Denne affæra finn stad medan Maddie bur på Lion Park hotell ved Hyde Park, det same hotellet som Frieda, mora til Paul jobba på i 1966, då ho forelska seg i feil mann. 12 år gamle Lucy, som seinare skal bli mora til Allie og Maddie står sentralt i den tredje forteljinga frå 1952. Ho blir brukt som sendebod mellom den kommande bruda Bryn og hennar eksmann, som Bryn framleis er forelska i. Også her finn handlinga stad på det same hotellet. I denne siste delen får vi også svaret på kven det er som spøkar på rom 707 i 1990 og 1966. Dei tre delene blir altså fletta inn i kvarandre på ein litt for tilfeldig måte, gjennom karakterane og hotellet.

Tittelen The Third Angel går også igjen i alle tre delane. Faren til Frieda, bestefaren til Paul er også doktoren som tilfeldigvis kjem på sjukebesøk til Lucy. I alle sjukebesøka han gjer, har han ein engel med seg, anten "The Angel of Death" eller "The Angel of Life" eller "The Third Angel". Dette blir gjenteke eit par gonger for mykje, gjennom dei tre delane av romanen. Spørsmålet om kor vidt det går an å tru på kjærleiken, blir også repetert både av Maddie, Allie, Frieda og Lucy. Det er som om både symbolbruken og tematikken blir for eksplisitt framheva og eg kjenner det som om eg blir litt undervurdert, som lesar.

The Third Angel var ei heilt grei og passe underhaldande bok. Verken meir eller mindre, og spesielt ikkje meir. Eg har høyrd mange godord om Alice Hoffman, og har vore nysgjerrig på forfattarskapet hennar ei god stund. Men dette gav ikkje akkurat meirsmak. Eg veit ikkje kor vidt denne romanen er representativ for forfatterskapet hennar eller ikkje. Det kan jo hende eg bare har vald feil bok også?

Jun 23, 2011

Never Let Me Go

Never Let Me Go
Kazuo Ishiguro
Faber and Faber, 2005.
282 sider.



Never Let Me Go er ei bok det er vanskeleg å skrive eit handlingsreferat frå. Ikkje fordi ho ikkje har handling, men fordi eit handlingsreferat vil avsløre for mykje. Boka handler om den 31-år gamle Kathy som fortel om oppveksta si. Til å begynne med, verkar det som ein vanleg oppvekstroman, men vi forstår raskt at oppveksta til Kathy og vennene Tommy og Ruth på pensjonatskulen Halisham er langt frå vanleg.

Kathy fortel, men ho forklarer ikkje lesaren det ho sjølv er innforstått med. Dermed blir det brukt mange ord og uttrykk som verkar uforståelege i starten. Eg trudde først eg hadde gått glipp av noko, og las dei første kapitla to gonger. Etterkvart skjønte eg at det skulle vere slik. Eg skulle ikkje forstå alt, før boka sjølv avslørte det. Mykje av spenninga i Never Let Me Go ligg dermed i denne meisterlege oppbygginga, kor lesaren gradvis forstår meir og meir.

Kontrasten mellom det idylliske livet på pensjonatskulen og skrekkvisjonen av eit samfunn som boka etterkvart viser seg å skildre er også sterk. Og dette er også med på å drive boka framover. Forteljinga om Kathy, Tommy og Ruth vekker sterke kjensler i meg, eg blir sint og eg blir redd. Og sjølv om eg heile tida er i den så godt fortalde historia, vekker boka også ein refleksjon rundt aktuelle etiske problemstillingar.

Never Let Me Go er verkeleg ei bok det er verdt å lese! Eg har funne ut at boka også er filmatisert, og eg merkar at eg er nysgjerrig på filmen. Eg trur eg kjem til å sjå han om ei stund.

Du kan lese meir om Never Let Me Go hos Bokmerker og Migrating Coconuts.

Jun 21, 2011

Snart ferie

I morgon er det siste skuledag før ferien. I tillegg til å ha overlevd mitt andre karakteroppgjer og min første runde med munnleg eksamen, som eksaminator, er eg nå ferdig med mitt første år som lærar. Det har tidvis vore hektisk, men nå kan eg sjå fram til belønninga: åtte veker med ei herleg blanding av ferie og avspassering. Det skal bli godt.

Eg ser fram til lange formiddagar med hagearbeid og boklesing. Eg kan sitte ute i sola og kose meg med dei nye tekoppane eg kjøpte i helga. Eg kan gå lange turar i Oslo-Marka, dette vakre naturområdet som eg ikkje har utforska skikkeleg før nå. Eg kan ta meg tid til å bake mitt eige brød igjen. Eg kan slutte å stresse for å rekke både det eine og det andre. Eg kan reise ut til sjøen og ta eit kveldsbad og eg kan nyte dei lyse sommarkveldane, med eit glas rosevin og ei god bok. Det skal bli godt med lange, late sommardagar nå.

Det skal bli godt med ferietid og lesetid!

Jun 11, 2011

Den vanskelege sidemålsdebatten

Den vanskelege sidemålsdebatten blussar opp kvar vår, når det nærmar seg eksamenstid i dei mange skulane. I år har også Høyre programfesta at dei ville gå inn for eit forsøk med ein norskkarakter. Dei blir kritisert for å vere populistiske og for å søke å sanke billige stemmer blant førstegongsveljarar. Motstandarane argumenterer distriktspolitisk: ein kan ikkje få lærarar som ikkje har hatt nynorskopplæring sjølv, til å flytte til indre Sogn for å undervise nynorskbrukarar. Derfor må samtlege elevar ved samtlege skular i heile landet, lære seg å skrive både nynorsk og bokmål. Vi veit at det er eit fåtal av dei 145 000 16-17 åringane i Oslo og Akershus, som faktisk kjem til å flytte til å først utdanne seg til lærarar for så å flytte til Vestlandet. Og likevel bruker vi norsklærarar time etter time på å luke ut "man" og "dem" frå elevtekstar. Vi seier "Nå må de skjerpe dykk!" og vi forsøker å forklare raudnande 17-åringar at når du skriv "Eg har skrevet", seier du noko heilt anna enn det du meiner å seie.

Nå har Sylfest Lomheim, sjølve inkarnasjonen av nynorskbrukaren tatt til orde for å avskaffe sidemålskarakteren i norsk. Styreleiar i Noregs Mållag er ikkje einig ifølgje Dagbladet:

Mållaget er overbevist om at det er viktig med karakterer både i hovedmål og sidemål, fordi karakterer er styrende for undervisningen og nødvendig for å sikre at god undervisning i begge målformene blir prioritert,

Mållaget er altså opptekne av prioriteringar i norskundervisninga. Det er kunnskapsdirektoratet også. I løpet av dei siste åra har dei lagt nye føringar for kva som skal prioriterast i norskfaget. Norsklæraren skal lære elevane grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving av to målformer, tekstanalyse og litteraturhistorie, som før. I tillegg skal norsklæraren undervise i ei rekke mediefaglege emner som film, samansette tekstar og reklame. Norsklæraren skal lære elevane å bli kompentene brukarar av digitale reiskap. Samtidig skal norsklæraren bidra til allmenndaninnga, ved å introdusere elevane for europeisk kunst- og musikkhistorie. I tillegg til å teste elevane sine ferdigheiter i desse kompetansemåla, skal norsklæraren sørgje for at elevane blir kompentente skribentar, på begge målformer. Alt dette skal norsklæraren rekke i løpet av 4-6 timar i veka.


I tillegg til å lese om filmproduksjon og musikkhistorie, som eg som litteraturvitar ikkje er utdanna innanfor, skal eg rette nok tekstar på begge målformer til at eg kan forsvare alle tre norskkarakterane eg sett på elevane mine. Tilbakemeldingane elevane får på desse tekstane skal vere for læring og utvikling. Dette er i seg sjølv ein tidkrevande prosess, og det blir mange lange overtidstimar med retting i løpet av eit år. Om ein har 90 elevar i norsk, det vil seie 60% stilling i norsk på VG1 og VG2, vil ein måtte skaffe karaktergrunnlag til 270 karakterar. Ein bør ha to tekstar pr. karakter, det vil seie at ein må rette og vurdere 360 skriftlege og 180 munnlege arbeid i løpet av eit semester. Og om vi seier at dette går ikkje, vi får ikkje tid til alt dette i arbeidstida, blir vi som oftast møtt med svaret: "Du må ikkje vere så grundig". Men det kjem verken elevane eller læraren til gode, at vi skal innom stadig fleire kompetanseområde utan å gjere noko av det "så grundig".

Eg begynte på PPU for nokre år sidan, og var overbevist om at eg skulle bli ein slik norsklærar som skulle motivere elevar på Austlandet til å jobbe med nynorsken. Eg er jo så glad i nynorsken sjølv, så det skulle bli ein smal sak, trudde eg. Etter eit år i jobb, er eg blitt ein av dei norsklærarane som er oppteken av prioriteringar og tidsbruk i norskfaget. Og uansett korleis ein prioriterer og bruker tida, går det ikkje opp.

Skal norskfaget vere eit språkopplæringsfag, kor vi lærer to målformer? Skal det vere eit fag kor elevane lærar å bli kompetente skribentar og får gode ferdigheiter i å uttrykke seg skriftleg? Skal det vere eit litteratur- og kulturhistoriefag? Skal det vere eit fag som dreier seg om kommunikasjon og samhandling? Skal det vere eit fag der elevane lærer seg gode leseferdigheiter, dei kan ha nytte av i vidare studier? Eller skal vi ha eit norskfag som er motivert av ein feilslått distriktspolitikk? Det må gjerast nokre politiske val her. Og før desse vala er gjort, må utdanningsdirektoratet bremse. Det går ikkje an å fylle på med fleire emner som skal inn i eit allereie breddfullt fag. Det nyttar ikkje å leggje til kompetanseområdet etter kompteanseområde, utan å utvide timetalet for undervisning, utvide årsramma for for- og etterarbeid eller ta bort andre emner. Og kanskje er det ikkje så dumt å tenke at distriktspolitikken skal ut av norskfaget?

Eg er glad i nynorsken. Men som mållaget, er eg også oppteken av prioriteringar i norskfaget. Det må gjerast prioriteringar som gjer det mogleg å gjere ein god og grundig jobb.

Jun 9, 2011

Eit kvardagsdikt

Eg kom nyleg over dette sterke diktet om søking etter identitet:

"Detalj av usynlig novemberlandskap"
av Inger Hagerup

Midt i det skoddeland som heter jeg
står det et gammelt veiskilt uten vei.

Det står og peker med sin morkne pil
mot skoddemyrer og mot skoddemil.

Jeg leter fåfengt etter navn og tegn.
Alt alt er visket ut av sludd og regn.

Der stod engang det sted jeg skulle til.
Når ble det borte og når for jeg vill?

Jeg famler som en blind mot dette ord
som skulle vist meg veien dit jeg bor.

Midt i det skoddeland som heter jeg
står det et veiløst skilt og skremmer meg.

Jun 7, 2011

Innsirkling 2


Innsirkling 2
Carl Frode Tiller
Aschehoug, 2010.
400 sider


Innsirkling 2 er ei bok eg ikkje heilt har klart å bestemme meg for om eg gleda meg til å lese eller ikkje. Ikkje for det at eg ikkje liker Tiller. Eg blei mektig imponert over den gode evna hans til å skildre ein svært usympatisk hovudperson på ein sympatisk måte, då eg las Skråninga. Og den same kjensla fekk eg då eg las Innsirkling, for nokre år sidan. Karakterskildringane hans er sterke og truverdige. Og i Innsirkling-prosjektet kjem også evna til å gå inn i karakterane og sjå dei frå ulike synsvinklar veldig godt til sin rett. Tiller har overbevist tidlegare, og likevel var eg skeptisk. Eg har nemleg ein aversjon mot oppfølgjarar, ikkje minst når dei får same tittelen som første bok eller film, men med eit total bak. Og sjølv om boka er ein del av ein trilogi, så kunne ho ha fått ein sjølvstendig tittel.

Det viste seg at skepsisen var ubegrunna. Innsirkling 2 svarar på første boka på ein god måte, trass tittelen, og eg kjende lenge på at eg hadde sansen for Tiller sitt prosjekt. For dei som ikkje kjenner bøkene, er utgangspuntket at David har sett inn ei annonse i avisa om at han har hukommelsestap og vil vite kven han er. I første boka fortel først ein nær venn frå ungdomstida, deretter ei venninne frå same tida og så stefaren om sitt forhold til David. Samtidig som vi får lese breva desse tre har skrive, får vi også følgje desse tre, der dei er i livet sitt. Bok to fortsett på same måten, med same vekslinga mellom nåtidsforteljing og brev til David om barndommen. Dermed får vi bli kjende med personane frå fleire vinklar. Vi får både følgje dei frå eit utanfråperspektiv, samtidig som vi får lese sjølvframstillinga deira.

I den delen kor barndomskompisen Tom Roger fortel om seine barneår og tidlege tenår, er spenninga mellom desse to perspektiva svært god. Tom Roger er også den mest interessante karakteren, i begge Innsirkling-bøkene. Han svarar til alle dei sterotype assosiasjonane vi kan finne på å knyte til ein Tom Roger. Han er ein småkriminell type, med fleire usympatiske karaktertrekk, som særleg kjem til uttrykk i måten han behandlar sambuaren på. Og den meisterlege evna Tiller har til å skildre ein slik karakter, frå Skråninga, kjem også fram her. For uansett kor ufin og ufordrageleg han er, så får eg sympati for Tom Roger. Familien hans, bakgrunnen hans og oppveksta han har hatt gjer at eg forstår han og han blir eit heilt menneske for meg, medan eg les.

Likevel er eg ikkje udelt positiv. Eg liker ikkje siste delen. Her blir det avslørst at David ikkje lid av hukommelsestap likevel, men at han driv med eit kunstprosjekt. Og det er forsåvidt greit, men vidare blir avsløringane som kjem fram usannsynlege. Dette bryt med den gode, nøkterne og realistiske forteljinga som pregar dei tidlegare delane. Eg synest det er øydeleggjande at plottet beveger seg over til såpeoperamateriale mot slutten. Den eldre dama som fortel denne delen, Paula, blir i tillegg ein mindre truverdig og mindre overbevisande karakter enn dei fem tidlegare. Det unike med skildringa dei andre karakterane, er jo det at vi heile tida skjønner motivasjonen for at dei handlar som dei gjer, sjølv om vi kanskje ikkje anerkjenner adferda deira. Men eg skjønner ikkje motivasjonen for at Paula handlar som ho gjer. Og dermed kjennest det som om Tiller stikk hol på sitt eige prosjekt og punkterer heile innsirklinga, idet både handling og personar blir mindre truverdige.

Det er sagt at Innsirkling skal vere ein trilogi, og eg kjem nok til å lese siste boka også, til tross for at Innsirkling 2 hadde ein amputert slutt. Og før siste boka går i trykken, håper eg forlaget kan spandere på seg ein korrekturlesar.