Apr 15, 2009

Doris Lessing

The grass is singing
Perennial 1950
205 sider



Mi første bok i Litteraturas nobelprisvinnar-utfordring er The grass is singing av Dorris Lessing. Etter å ha lese denne boka lurer eg fælt på kvifor eg ikkje har lese Lessing tidlegare. Boka blei rett nok kjøpt inn for over eit år sidan, og har blitt liggande i skal-lese-stabelen min ganske lenge, men likevel - eg gleder meg allereide til å lese meir av denne dama.

I første kapittel bli Mary Turner drepen av tenaren Moses. Det neste kapitlet blir eit sprang tilbak i tid, og vi får høyre historia om Mary sin barndom, ungdom og voksne liv. Mary er ei sjølvstendig og urban kvinne som, etter å ha opplevd eit sosialt press mot det å vere singel, ender opp med å gifte seg med bonden Dick Turner. Ho flytter frå byen, kor ho trivst både med jobb og fritidsaktiviteter til ein gård på landet i Rhodesia. Ho mistrivst sterkt med livet på gården. Mannen Dick jobbar så godt som heile døgnet, utan å tene særleg mykje pengar. Mary blir nedtrykt, irritabel og etterkvart deprimert av dette livet på farmen.

Forteljarstemma i boka held ei distanse til karakterane og denne distansa smittar over på lesaren. Dette er eit effektivt grep, som gjer at Mary blir skildra som ein person med svært mange usympatiske trekk på ein truverdig måte. Eg merkar at eg som lesar blir irritert på henne, fordi ho ikkje tar litt meir ansvar. Ho mistrivst på farmen, men ho gjer ikkje noko med dette. Ho misliker ektemannen sin og klandrar han for si ulykke. Men ho forsøker ikkje å ta initiativ til å gjere situasjonen betre for seg sjølv.

Bøndene sitt forhold til the natives, som arbeidar for dei er rystande. Det var heilt sikkert slik forholdet mellom svart og kvit var under kolonitida, men det er likevel sterkt å lese om mennesker som blir behandla som dyr og som ikkje har rett til å snakke til dei dei arbeidar for. For meg som lever i Norge i år 2009 er dette ein uverkeleg tanke. The grass is singing gir eit innblikk i eit tankesett som er veldig fjernt frå mitt, og som eg opplever som svært brutalt.

The grass is singing er ei bok som gir meirsmak - og då er det jo godt at Lessing har skrive så mange bøker som ho har, så eg får anledning til å lese meir!

10 comments:

Liv said...

Så hyggelig at du har oppdaget Doris Lessing. "Det synger i gresset" var en stor leseopplevelse. Men den er kanskje en av de bøkene hennes som står seg best. "Martha Quest-serien" som jeg slukte på 70-tallet, tror jeg er ganske utdatert nå. Men lykke til videre med Lessing.

Lille søster said...

Fint at du også liker denne boka. Jeg lurer veldig på hvordan de andre bøkene hennes er, om noe er utdatert, som Liv skriver.

Bai said...

Eg lurer også på kva "utdatert" betyr i boksamanheng.

Men ho har jo skrive jamnt og trutt gjennom 1990- og 2000-talet, så det må jo vere noko meir som er lesverdig.

Eg har "The golden notebook" i hylla mi.

Lille søster said...

Den har jeg også, på norsk.

Aina Basso said...

Eg har nett same oppleving som deg av denne boka. Og skal definitivt lese meir av henne!

Lille søster said...

Går du videre med Pamuk forresten? I så fall, hvilken bok skal du lese? Jeg tenker å lese Det tause huset, som står i hylla mi.

Anonymous said...

Jeg har akkurat bestilt denne boka, sitter og venter. Gleder meg! Morsomt at flere bloggere leser samme bok egentlig....

Bai said...

Lille søster, eg går vidare med "Det hvite slottet" av Pamuk, som eg tilfeldigvis hadde i hylla mi.

Ja, Knirk, det er morsomt at vi er fleire som les parallelt. Då kan vi prate om bøkene på ein anna måte. Er dette tilfeldig?

snowflake said...

Vad roligt att du upptäckt Lessing!
Jag håller inte alls med Liv om att Martha Quest-serien är utdatert. Jag läste om den när Lessing fick Nobelpriset och den var lika bra som första gången. Hennes memoarer tycker jag också mycket om.
Det femte barnet är en av hennes mest uppmärksammade, men man blir inte precis glad av den. Samma sak med En överlevandes minnen (som jag tycker är väldigt bra).

De allra senaste ska du kanske akta dig för.

Bai said...

Takk for gode tips, Snowflake. Då satsar eg på tidlegare bøker av Lessing :)