Den siste veka har eg begynt på to bøker eg har gitt opp å lese. Begge bøkene har eg lagt bort av same grunn; eg klarer ikkje la meg engasjere i hovudpersonane.
Forrige helg begynte eg å lese
Foxfire av Joyce Carol Oates.

Foxfire handlar om ei gruppe jenter som dannar ein gjeng, Foxfire, for å ta hevn over det mannsdominerte samfunnet. Boka er ei retrospektiv forteljing, fortald av ei av desse fem jentene. Forteljaren er delvis den voksne som ser tilbake på ungdomstida og delvis tenåringsjenta som fortel her og nå. Forteljinga vekslar mellom første og tredje person på ein lite vellukka måte. Desse forteljartekniske spranga kunne ha gitt ein spennande effekt, men denne gongen synest eg rett og slett at det fungerer såpass dårleg, at det bare blir slitsomt å lese. Eg kjenner at eg burde la meg engasjere av desse jentene, men eg klarer det rett og slett ikkje. På side 65 syntest eg det var nok.
Sidan den litterære reisa i "Jorda rundt på 8 bøker" skulle gå til midtausten denne månaden, hadde eg tenkt å lese
Tusen strålende soler av Khaled Hosseini, som eg har hatt ståande i bokhylla ganske lenge.
For to år sidan las eg
The Kite Runner, ei bok eg ikkje hadde planlagt å lese, men som eg endte opp med å lese likevel, fordi eg var på ferie og mangla lesestoff. Med dette utgangspunktet blei eg veldig positivt overraska over den rørande og varme forteljinga om den vesle guten i Kabul. Dette har også gitt meg høgare forventningar til
Tusen strålende soler.

Den første delen av boka handlar om Mariam som 15 år gammal mister mora og blir gifta bort til ein 45 år gammal mann, med stygge hender i tida før 1978. Del to handlar om Laila, dottera til den radikale læraren som mista jobben då kommunistane inntok Afghanistan og søstera til to guttar som døyr i krigen. På baksida av boka står det at desse to "blir allierte i kampen mot en brutal ektemann og et krigersk, kvinneundertrykkende samfunn."
Eg kom til side 148, og innan då rakk eg bli så kvalm av det klisjefyllte språket at eg innsåg at eg orkar ikkje lese 200 sider til med dette. Laila sitt forhold til mora blir for eksempel skildra slik:
"Hun kom aldri til å sette merke i Mammis hjerte slik som brødrene hennes, for Mammis hjerte var som en blek strand der Lailas fotspor alltid kom til å bli skyllet bort av de sorgtunge bølgene som steg og sank, steg og sank." (s. 148) Dette sitatet er dessverre representativt for språket i boka.
Boka er kritikkarrost og berømma fordi det er ei viktig bok som viser fram kvinnene si stilling i Afghanistan. Khaled Hosseini har nådd eit enormt stort publikum med denne boka, og han har vist fram det som er bak burkaen til nokre av kvinnene i Afghanistan. Og det er viktig. Men eg orkar ikkje lese bøker, når eg irriterer meg over språket. Og i dette tilfellet er språket så platt at det rett og slett blei nok.
I dag skal eg ta ein tur på biblioteket og sjå om eg får tak i den boka eg eigentleg hadde tenkt å lese frå Midtausten denne månaden, nemlig
A woman in Jerusalem av Abraham B. Yehoshua.