Sep 1, 2012

Skrivelysta er tilbake

Vi skriv 1. september og eg åpner bloggåret 2012, etter ein lang periode med lite skrivelyst. I fjor haust var eg inne i ein periode, kor eg lurte veldig på om eg skulle fortsette å blogge eller ikkje. På den eine sida var eg glad i å både blogge og å skrive. Eg likte fellesskapet med andre bloggarar og inspirasjonen til å lese fleire bøker eg elles ikkje ville ha funne fram til. Samtidig hadde eg ein hektisk kvardag, med travle dager på jobb og lite lesetid. Etter 2,5 år med bokblogging kjendest det stadig vanskelegare å finne på nye ting å skrive om. Eg gjentok meg sjølv og motivasjonen for å skrive her inne, blei stadig mindre. Til slutt hang heile bloggen og dingla i ein tynn tråd med liksom-kreativitet og eg følte eg posta stadig mindre meiningsfulle innlegg. Det var ikkje eit overskotsprosjekt og det var ikkje lystbetont lenger. Og det var ikkje slik det skulle vere. Så eg tenkte eg skulle ta ein liten pause, medan eg tenkte gjennom kva eg skulle gjere med bloggen min.

2012 har så langt vore, og skal bli, eit år med store omveltningar. Eg skal bli mor til ein liten gutt, i oktober, og dette har prega året. Vi gleder oss, men så langt har graviditeten vore ei påkjenning for kroppen. Dette har gått ut over overskotet mitt, leselysta har blitt bytta ut med eit sterkt behov for kvile og overskotet til å skrive har vore borte. Nå som det er i overkant av ein månad igjen til termin, kjenner eg at skrivelysta er i ferd med å komme tilbake. Eg har lyst til å begynne å blogge igjen. Samtidig kjenner eg at eg er ferdig med boklesebloggen. Eg kjenner og at eg er ferdig med å blogge anonymt. Derfor har eg lyst til å starte ein ny blogg, under fullt namn:


Den nye bloggen, "mellom linjene" vil du finne her. 


Dersom eg framleis har lesarar her inne, etter å ha sultefora boklesebloggen over lengre tid, håper eg de følgjer med vidare til den nye bloggen.

8 comments:

Knirk said...

Næmen! Så hyggelig da!

Unknown said...

Flott !
Og gratulerer så mye med at du skal bli mor til et lite guttebarn !

HildeSol said...

Gratulerer med baby på vei :)

*legger ny blogg inn i google reader*

Stine Marie said...

Gratulerer så mye med baby i magen! (Fikk selv ei lita jenta i juni, og så langt har det vært dårlig med tid og lyst til å lese, men nå tror jeg at jeg er på vei tilbake, sakte men sikkert :) )

Gleder meg til å følge den nye bloggen! :)

buy ebooks said...

Thank goodness you continued blogging even though you changed your website. I thought you stopped sharing your thoughts and that's when I checked this old blog site of yours and found out you changed your website. I'll be sure to check it. Thanks!

goldmmo said...

Tack ! Det ser ut som om jag börjar överleva
http://www.goldmmo.se/fr-page-112-wow-guld

beverly loan Aid said...

Hei, jeg vil takke Gud for Beverly Loan Company for at han hjalp meg med lånet mitt på $ 40 000 etter å ha blitt snytt så lenge. Hvis du er interessert i et lån, vennligst kontakt Beverly Loan-selskap for øyeblikket det beste, deres lån er 2% Bare og veldig pålitelig tar ikke lang tid Omtrent 6 timer Bare kontakt dem nå, hvis du trenger et lån, Gud velsigne E-post: beverlyloanfinance001@gmail.com, jeg er glad for å skrive dette her fordi de forandret livet mitt uten å bli lurt da jeg ble lurt, kontakt: Whatsapp: +44 7441 462467 Gud velsigne.

Leonard said...

I enjoyeed reading this