Etter å ha tald opp, kjem eg til 32 bøker eg har lese ferdig, og 3 bøker eg har lagt bort. 21 av bøkene er skrivne av nordiske forfattarar, 13 av desse er norske. 2 av dei tre bøkene la bort, er skrivne av norske debutantar. Av dei bøkene som ikkje er nordiske, er 11 skrivne i USA eller England og 2 i Japan. 27 av bøkene er skrivne frå 2005 og fram til i dag. Bare 3 av bøkene eg las i år, er skrivne for meir enn ein generasjon sidan, og kan kallast klassikarar.
Høgdepunkta kan oppsummerast slik:
Den beste boka:
I år er det påfallande lite vanskeleg å plukke ut ei beste bok. Det er Utrensking av Sofi Oksanen som blir ståande som den sterkaste lesaropplevinga i 2010.
Det nyoppdaga forfattarskapet:
Takka vere Ingrid har eg også oppdaga Richard Yates. Eg har lese Påskeparaden, og eg veit heilt sikkert at eg kjem til å lese meir av han.
Den største overraskinga:
I sommar stod eg på flyplassen, svært skuffa over at novellesamlinga Den du ringer kan ikke nås for øyeblikket av Lisa Niemi viste seg å ikkje vere leseleg. Alle dei andre bøkene mine var pakka ned i baggasjen, og eg trong noko å lese på, på flyturen. Eg kjøpte Rebecca av Daphne du Maruier i kiosken, fordi det var det beste eg fann der. Boka viste seg å vere ei langt større lesaroppleving enn eg kunne forestille meg.
Årets guilty-pleasure:
Mi gode venninne Amylin er hekta på Twilight-serien. Etter å ha høyrd henne snakke om Bella og Edward i nokre timar, samanlagt, måtte eg også finne ut kva dette var. Eg har lese tre av dei fire bøkene nå, og både Twilight og New Moon har vore bøker eg har kosa meg med. Etter Eclipse kjende eg at eg trong ein pause. Det blei litt mykje av det same.
Den største nedturen:
Som eg skreiv her om dagen blei eg veldig skuffa over Din nestes hus av Jette A. Kaarsbøl. Boka svara ikkje til forventningane i det heile tatt.
Det største forfattarmøtet:
Den største opplevinga knytta til eit forfattarmøte, var Murakamifestivalen på litteraturhuset i august. Eg lo så tårene trilla, då Frode Grytten hadde sitt foredrag om Murakami, bøkene hans og den japanske kulturen. Og eg blei svært sjarmert over Murakami sjølv, då han seinare blei intervjua, og på gebrokkent engelsk fekk presentert nokre av tankane sine kring forfattarskapet.
Den beste debutanten:
Både Du av Thomas J.R. Martinsen og Jo fortere jeg går jo mindre blir jeg av Kjersti Annesdotter Skomsvold er svært gode debutar. Eg veit faktisk ikkje kva for ein som er best av desse to, og dei er så forskjellige at det nesten blir kunstig å skulle samanlikne dei. Dei kjem på delt førsteplass i debutantkategorien, og begge kjem høgt oppe på lista over bøker som er verdt å lese.
Mål for 2011
Eg ser jo at dei bøkene eg vel er innafor eit snevert geografisk og historisk område. Eg har definitivt lese mest nordisk samtidslitteratur, dette året. Målet mitt for 2011 er å lese fleire klassikarar og å lese fleire bøker frå andre område enn Norden, USA og England.