Jul 11, 2010

Bokbytting med naboane

For ei tid sidan foreslo eg bokbytting her på bloggen, noko som blei motteke med variabel entusiasme.

Eg fekk 3 ja, frå Labben, Stine og Kasiopeiia, og har tenkt på kor vidt 4 personar er litt lite for å organisere noko slikt eller ikkje. Men så kom eg heim frå ferie, og fann ein litt halvgammal post frå LillaO, som foreslår det same for sine svenske bloggvenner. Eg har høyrd med LillaO og vi er velkomne til å slå oss saman med dei på tvers av landegrensene. Dette aukar jo portoproblematikken, men likevel: Det er sosialt og spennande, og kanskje endå meir spennande når vi får tilgang på bøker som ikkje er oversette.

LillaO organiserer det litt annleis, og bokbyttinga blir litt mindre tilfeldig enn eg i utgangspunktet hadde tenkt:
Det enklaste skulle vara att alla la upp en lista med böcker som kan bytas, talar om vilket format den är i, vilket skick och annat som kan vara av intresse som mailadress. Kontakta den som har en bok du vill byta till dig och gör upp om var den ska skickas.
Men likevel, dette høyrest spennande ut, og eg vil gjerne slå oss saman. Er de andre framleis med?

4 comments:

labben said...

Jeg er fremdeles med. Ikke akkurat vant til å lese på svensk, men prøver meg gjerne. Og uansett leser jo mange engelske bøker også, så finner nok noe interessant =)

Hvor skal vi publisere listen med bøker vi bytter vekk? På vår egen blogg, med en spesifikk etikett som alle blir enig om? Og hva bør være med i et slikt innlegg annet enn mail og info om bøkene? Det er vel gjerne nok..

Bai said...

Det er eg ikkje heilt sikker på endå, men eg skal høyre med LillaO, kva ho tenker.

Svensk er ikkje så verst, når ein bare kjem forbi den første blokkeringa med ö, ä og ck.

Anonymous said...

Jeg er gjerne med, hvis det fremdeles er åpent for å bli med!

Bai said...

Klart det framleis er åpent for å bli med!