Jun 23, 2010

Betre død enn homofil

Arnfinn Nordbø
Betre død enn homofil
Det norske Samlaget. 2009.
200 sider



Arnfinn har vekse opp i eit trygt, men konservativt miljø knytta til eit NLM-bedehus på Randaberg utføre Stavanger. Foreldra, som var glade i han og søskna, var aktive på bedehuset og ungane var der fleire dagar i veka. Dei fekk spele fotball og gjere andre ting, så lenge det ikkje gjekk på bekostning av det å gå på møte, og over TV'en hang eit bilete av Jesus, slik at dei ikkje skulle gløyme kva som var viktigast, når dei såg på TV. Arnfinn veks opp, han og broren begynte å reise rundt og synge på bedehusa i regionen, og dei gav ut to CD'ar som solgte godt. Etterkvart var han også med på å stifte ein heim for gatebarn i Ukraina. Han samla inn pengar og la grunnlaget for stiftinga av denne heimen, som var underordna den konservative organsiasjonen NLM. Heile dette miljøet blei Arnfinn utstøtt frå, då han stod fram som homofil.

For den trygge oppveksta til Arnfinn var også prega av skam og skuld og vonde kjensler. Han er homofil, men han har lært at å vere homofil er synd. Boka handlar om reaksjonane Arnfinn får, når han fortel dei rundt seg at han er homofil, og ikkje vil bli helbreda for dette, slik dei foreslår. Foreldra tar det tungt.

Betre død enn homofil er ei sterk historie, om kor vanskeleg det er å vere annleis i visse miljø. Det er lett å vere fordømmane ovanfor dei som ikkje tolererer dei som er annleis. Det er lett å sjå ned på dei konservative kristne og kalle dei "mørkemenn" og snakke om "haldningar frå steinalderen", slik vi ofte har sett i debatten omkring både ekteskapslova og debatten som gjekk då Nina Karin Monsen fekk Fritt Ord Prisen. Det blir ofte slik at skjellsorda haglar - i begge retningar. Og nettopp derfor er eg så imponert over den varsomme måten Arnfinn Nordbø skriv om reaksjonane frå familien. For sjølv om det er sjokkerande at ei mor kan seie til sonen sin at det ville vere lettare å akseptere at han var død, enn homofil, viser Nordbø stor respekt for familien og deira haldningar og verdiar gjennom boka. Han seier at han meiner dei tek feil, men han seier dette på ein varm og respektfull måte - utan å rakke ned på dei:
Dette at eg var homofil var det tyngste som hadde skjedd mor og far. Ingenting hadde vore vondare. Det var så sårt at dei begge til og med meinte det ville vore betre å hørt at eg var død enn homofil. Først sa mor det, seinare har far gjenteke det. Grunnen til at det er så vondt for dei er at dei trur eg går til helvetet om eg lever som homofil. Dei ønsker sjølvsagt ikkje at eg skal hamne der, men dei er overbeviste om at det er dit eg er på veg. Derfor må dei prøve å stanse meg før det er for seint. Ingen må tru at mor og far handlar som dei gjer av hat eller vondskap. Det er faktisk omsorg og kjærleik som ligg bak. For dei trur at Gud sender to menn eller to kvinner som elskar kvarandre, til helvetet. Dette trur dei så sterkt at det overskygger alt anna. Derfor ville det vore lettare å høre at eg var død enn homofil. Då ville eg i alle fall vore i himmelen nå.
Det dei sa var sjølvsagt svært vondt for meg som sonen deira å høre. Ingen ting eg har hørt desse åra, har såra meg meir enn dette. Det er ikkje bare mor og far som har sagt dette, men det er ekstra sårande å høre slikt frå sine eigne foreldre. Der og då følte eg meg ikkje elska. Eg følte meg ikkje ønska, ikkje verd nokon ting. Eg ønskte bare å få døy. "Kvifor må eg vere her på jord, Gud? Kan eg ikkje få døy? Eg vil ikkje leve. Mor og far føretrekker med død framfor den eg er!" Slik følte eg det, og slik ropa eg fortvila til Gud, aleine på hybelen min i Oslo. Aldri har eg gråte meg så sårt i søvn som denne oktobernatta i 2005. Og aldri har nokon såra meg så, verken før eller seinare.
s. 60-61
Denne nyanserande framstillinga som Nordbø presenterer i boka si, er med på å gjere boka så god som ho har blitt. Boka blir noko meir enn ein bitter son si forteljing om eit øydelagt forhald til foreldra, ho blir eit nytt og verdifullt bidrag til ein debatt, som til tider kan sjå ut som han er fastlåst i eit svært negativt spor. Og i tillegg er det ei sann historie, om korleis det kan vere å vere annleis i einskilde miljøer på vestlandet, framleis.

Betre død enn homofil er ei bok det er sterkt å lese. Eg er ein såpass kresen lesar, at eg kan ikkje la vere å leggje merke til at ho kunne ha trengt ein runde eller to ekstra med språkvask og redigiering, men likevel: Historia til Arnfinn Nordbø er viktig. Det er flott at han har fortald henne, og eg meiner ho er verd å lytte til, ikkje minst fordi ho er skriven på ein slik respektfull og nyanserande måte.

Denne boka har også Elin og Kristin blogga om.

1 comment:

Solgunn said...

Jeg har veldig lyst til å lese denne. Jeg har brukt den en del i klassene når jeg har presentert litteratur, og skulle absolutt ha lest lest den selv.