Då eg var lita var eg veldig glad i biblioteket. Eg fekk lov å gå dit etter skulen, og sitte og bla i bøker. Ein gong eg og venninna mi gjekk aleine, kom vi heim med over 20 bøker kvar, og etter det fekk eg ikkje lov til å låne meir enn 5 bøker kvar gong. Vi budde i ei lita bygd, og då vi flytta til ein større by kor det var lengre til biblioteket, var dette noko av det eg sakna mest - å kunne gå til biblioteket aleine. Foreldra mine køyrde meg gjerne, men då hadde eg opptil 20 minutter på meg til å finne bøkene eg skulle ha. Eg måtte vente nokre år før eg fekk lov til å sykle eller ta buss, dei tre kilometrane til biblioteket. Men då eg endeleg var gammal nok, kunne eg sitte i timesvis - anten å lese, eller å gjere lekser.
På eit eller anna tidspunkt begynte eg å samle på bøker sjølv, og då eg flytta heimefrå hadde eg fleire hyllemeter med bøker eg drog med meg frå hybel til hybel. Flyttelassa blei stadig tyngre, takka vere inn-og utmeldingar av diverse bokklubbar, mamutsalg, loppemarknad og antikvariat. Eg klarer ikkje la vere å kjøpe bøker. Etter ei stund utvikla denne trangen til å kjøpe bøker seg til eit stadig sterkare behov for å eige bøker - finne dei fram igjen og bla i dei, lese avsnitt om igjen og bla litt i dei. Dette påverka mitt forhald til biblioteksbøker. Men klimakset i min aversjon mot biblioteksbøker oppstod då eg ein dag las ei bok kor sidene var klistra igjen av ei svært illeluktande og motbydeleg væske. Det var kvalmande og ekkelt! Og etterkvart begynte eg å mislike dei, særleg viss dei verka veldig møkkete - eg klarte ikkje lese møkkete biblioteksbøker på senga, utan å tenke på kva folk kunne ha finne på å ta i medan dei las bøkene.
Dei siste åra har vi budd i eit oppussingsprosjekt, kor alle overflødige gjenstandar er pakka ned. Dette har gått ut over boksamlinga mi. Det er unødvendig å samle på bøker, så lenge bøkene bare blir fulle av byggjestøv. Skattejakting i antikvariat og på loppemarknad har blitt nedprioritert, og eg har gått tilbake til å låne bøker på biblioteket igjen. I det siste har eg til og med klart å lese møkkete biblioteksbøker på sengekanten. Biblioteket er flott. Eg liker det. Særleg etter at internettet inntok hyllene deira, og eg bare kan klikke meg inn og reservere bøker etterkvart som eg les om dei i bloggar og andre medier. Det er også veldig koseleg å hente bøker på biblioteket, og merke at ho eine som jobbar der legg merke til det eg har reservert og gjerne snakker varmt om boka eg gleder meg til å lese. Samtidig har eg ei lang liste bøker etterkvart, som eg har lese og levert tilbake, men som eg vil kjøpe, slik at eg kan bla i dei. Eg må bare vente til eg får eit rom til boksamlinga mi.
Eg drøymer nemleg om mitt eige "bibliotek". Eg kjem neppe lengre enn til eit kombinert gjesterom og arbeidsrom, med bokhyller langs heile veggane, og god plass til ei stadig aukande boksamling. Men likevel, det skal vere eit rom fullt av bøker. Og med ein godstol til å lese i og kanskje eit lite bord til tekoppen og vinglasset. Eg gleder meg allereide. Og i mellomtida les eg bibliotekbøker og leitar etter fine bokhyller i interiørblader.
6 comments:
Åh, det er som å lese min egen historie! Hehe, jeg har også en stor drøm om et eget bibliotek, med hyller opp og hyller ned fulle av bøker og en go'stol. Foreløpig har jeg okkupert gjeste/trenings/kontorrommet og stua, og frykter vi må bygge ut for å få plass til flere bøker etterhvert ;)
Jeg har nesten helt sluttet å kjøpe bøker. Siden jeg har flyttet ganske mye synes jeg det blir et ork å skulle drasse med seg, og det er veldig få bøker jeg føler for å eie. Og kjøper jeg bøker nå er det gjerne bøker jeg tenker jeg skal gi videre, som bookcrossing-bøker. Nesten alle bøkene jeg leser er enten bookcrossing-bøker eller biblioteksbøker. I motsetning til deg føler jeg mindre og mindre trang til å eie bøker. Skulle jeg ønske å lese ei bok på nytt (få bøker jeg egentlig leser flere ganger), er det jo som regel bare å låne den igjen! :)
Bookcrossing har eg ikkje prøvd, men det skuldast i størst grad at boksamlinga mi ligg nedpakka i pappesker enn så lenge.
Eg veit ikkje kor dette behovet for å eige bøker kjem frå, men eg vil liksom behalde dei. Fordelen med kjøpte bøker er at ein kan omprioritere rekkefølgjen ein vil lese dei i og spare dei til seinare. Akkurat nå driver eg med litt sånn heseblesande lesing for å rekke å lese ferdig alt eg har lånt, utan å hamne bakerst i reservasjonskøen igjen. Det slipper ein om ein har eigne bøker.
Men eg synest eg er blitt flink til å låne bøker og bruke biblioteket, det siste året.
Bibliotek är ovärderliga- och även om jag - precis som du- gärna vill äga böcker så blir det en dag för trångt både i hus och i hyllor- men- det är svårt att göra sig av med böcker... väldigt svårt. Biblioteket på orten där jag bor är en oas för mig- det är litet men mycket användarvänligt.... Det var väldigt trevligt att ta del av dina biblioteksupplevelser.
Jeg slenger meg på det Stine sier - som å lese om meg selv. For øyeblikket er jeg på det stadiet der jeg nettopp (+ et års tid) har flyttet for meg selv. Det er begrenset hvor stor del av boksamlingen min jeg får med meg på flyet og opp på hybelen. Men litt blir med hver gang jeg er hjemmom!
Jeg liker heligdvis biblioteksbøker også - men leser jeg noe bra der, har jeg svært lyst til å ha den i hylla også =)
Og et bibliotek i et tenkt hus i en tenkt framtid er selvsagt et must!
Som du skjønte ble jeg inspirert til eget blogginnleg, Bai. ;)
Post a Comment