Jun 10, 2010

Ein nyoppdaga favorittforfattar!

Richard Yates
Påskeparaden
Originaltittel: The Easter Parade
Omsett av Agnethe Øye
218 sider
Oktober - 2010


Inspirert av Ingrids boktankar har eg fått lyst til å lese Richard Yates. Og sist eg var på biblioteket fann eg den nyleg omsette Påskeparaden i hylla. Den første setningen i boka er:
Ingen av Grimes-søstrene skulle få et lykkelig liv.
Også får vi følgje søstrene Sarah og Emliy Grimes, frå oppveksta på 1930-talet saman med den smånevrotiske mora Pookie, som stadig flytter til ein ny og betre bustad, slik at søstrene ikkje får slå seg til ro nokon plass. Faren skriv overskrifter i The Sun, og er den store helten til jentene, men dei treffer han sjeldan. Sarah gifter seg med ein semibritisk "gentlemann", og flytter til eit herskapshus på ein plass utafor allfarvei, kor ho lever livet som husfrue og mor til tre gutar bak ei flott fasade. Emily får eit stipend, studerer engelsk og blir intellektuell. Ho slår seg ikkje til ro med nokon mann, men går frå det eine forhaldet til det andre, og finn heller aldri nokon jobb ho slår seg til ro i, i New York.

Dette er ei velskriven bok om liva til dei to kvinnene. Eg blir oppslukt av boka, lever meg inn i denne realistiske fortellinga og får sterk sympati for søstrene. Samtidig lar Yates sin skrivemåte meg halde ei viss distanse til desse kvinnene, gjennom den tidvis gode ironien som blir bygga opp i teksten. Påskeparaden er både trist og tragisk, og samtidig full av humoristiske skildringar.

Takk til Ingrid, som introduserte Yates for meg.

9 comments:

elis lesebabbel said...

En alldeles fantastisk nydelig layout!!!

Boktokig Eva Boström said...

Nu måste ju jag också läsa Yeats... bäst att ta en tur till biblioteket innan den stänger. Ja, de måste väl lösa sin semester så. Men det är synd!

Vad snygg din blogg är nu! Imponerande!

Heidi said...

Jeg leste nylig Revolutionary Road, som var mitt første møte med Yates. Skal absolutt lese flere av bøkene hans.

annkolaas said...

Boka er heilt suveren!

heklehatt leser said...

følelsen av å ha funnet en ny favorittforfatter er helt fantastisk - gratulerer! nå ble jeg nysgjerrig også, må se å få lest noe av denne mannen.

heklehatt leser said...

PS:har du kommet noe videre med Korrigeringer?...

Anonymous said...

Hm....spennende.

Ingrid said...

Ja, visst skriver han fängslande och väldigt annorlunda, speciellt och gripande... Yates. Jag är väldigt, väldigt nöjd med mitt djupdyk i hans böcker. Nu har jag hans biografi också att läsa. Mycket av det han skrivit om i sina böcker kan förmodligen få sin förklaring där.. (men -sägs det inte att alla skönlitterära böcker egentligen är självbiografier?....

Bai said...

Godt spørsmål, Ingrid- eg liker å tru at ikkje alle skjønnlitterære bøker er biografiar, men så har eg eit litteratursyn som er prega av eit ønske om å sjå på verket som eit sjølvstendig og uavhengig verk.

Heklehatt, eg har ikkje fått starta på Korrigeringer ennå. Eg fekk plutseleg ei røys med bøker eg har stått på venteliste på, som eg må prioritere, fordi det er venteliste vidare. Bibliotekstyrranniet...