May 3, 2011

Maisalget

For første gong sidan den nye bransjeavtalen trådde i kraft, har maisalget vore skuffande. (For dei som lurer på korfor alle bokhandlarar har salg i mai, er det fordi då er makspristida på bøker frå fjoråret utløpt, og dei ulike kjedane står fritt til å prise bøkene sine, som dei vil). Eg er ikkje skuffa fordi det ikkje er mange gode titlar der, for det er det. Men eg har rett og slett lese omtrent alle bøkene eg har lyst til å lese, som står på salgslistene. I alle fall når eg ser på dei som er best eksponert i nettbokhandlarane. Eg manglar Min Kamp 4 og 5, men eg har ennå ikkje fått somla meg til å lese bind 3, så eg veit ikkje om eg skal kjøpe dei heilt ennå. Dei blir jo ikkje dyrare igjen. Samtidig kan det vere kjekt å ha alle bøkene i same utgåve. Også har eg lyst å lese En dåre fri, men den har eg ikkje funne på tilbod ennå.

Elles oppdagar eg til mi eiga store overrasking at det er lite å hente som eg ikkje har lese endå. Kanskje skal eg takke det fine skulebiblioteket på jobb for dette? Når eg stikker innom der for ein bokprat, er dei veldig kjappe med å bestille inn bøkene eg ønsker meg. For eg trur ikkje eg kjøpte fleire fullprisbøker i fjor enn eg gjorde året før. På mange måtar passer dette bra, for eg skal prøve å ikkje kjøpe så mange bøker, og heller lese det eg allereide har kjøpt (noko som vanskeleg lar seg kombinere med eit stadig sug etter å vere oppdatert på samtidslitteraturen). Det eg kalla kjøpestopp for nokre veker sidan, har riktignok utvikla seg til ein sporadisk kjøpepause, men likevel...

Eg trur kanskje eg må ta turen innom ein bokhandel og sjå på utvalet med mine eigne auge. Eg liker jo bøker til under tohundrelappen.

5 comments:

labben said...

På Norli selger vi "En Dåre Fri" til 199 på maisalget. Jeg fant ikke mye jeg ville ha på salget, men vi får som regel leseeksemplar av bestselgerne og jeg leser generelt få bestselgere.

I stedet fant jeg til min store glede "elskeren" i romanhyllen. Dermed er jeg klar for Line sin samlesning =)

Bai said...

Då skal eg innom Norli! :)

Eg skal låne Elskeren på biblioteket. Eg veit eg har boka i ei eller anna pappeske, så eg gidder ikkje kjøpe eit nytt eksemplar.

Marianne said...

Bai, jeg trenger e-mail adressen din for å sende Sony oppskriften ;-)

Unknown said...

Har du lest 2.del av Tore Rems Bjørneboe-biografi, da? Den er på salg nuh.

Bai said...

Nei, Geir. Den har eg ikkje fått med meg. Takk for tips. Den har eg lyst på. Det var det eg visste eg måtte ha gått glipp av noko. Eg må bare lese litt meir Bjørneboe før eg les biografien, det er i alle fall det nevrosene mine seier.