Aug 7, 2010

Poetiske anagrammer

Ein eg kjenner har laga ei oversikt over alle anagrammene i bokmålsordboka. Eg har lese lista over anagrammer fleire gonger, og eg klarer ikkje la vere å bli beigeistra over det fantastiske lydspelet i desse orda. Eg har lese gjennom lista fleire gonger, og det er som å lese ei god diktsamling. For det er noko som skjer med desse anagramma som gjer dei svært lyriske. Det står ei rekke ord etter kvarandre og alle orda har like mange bokstavar, like mange stavingar og dei same lydane. Og samtidig har dei gjerne litt ulik intonasjon og rytme. Dette er med på å skape eit svært spennande lydbilete i ordrekkene.

Høyr bare på lydane i dette:
listende
slindete
slitende
slitnede
stilende
stilnede
tiendels
tilsende
tislende
Eller dette:
lestinger
silregnet
silregnte
singleter
slingrete
stelinger
striglene
tilregnes
tingleser

Og dette:
knasinger
krasingen
naskinger
raskingen
renskinga
sakninger
sankinger
skaringen
snekringa
Dette er jo eigentleg ei lingvistisk orientert oversikt, kor orda er organisert etter alfabetisk rekkefølgje. Det er altså ikkje ei diktsamling. Og det er ikkje meininga at tekstane skal ha eit kognitivt meiningsinnhald. Dei små tekstane er ikkje i utgangspunktet bygde opp som tekstar, men som ei alfabetisk oversikt over ord med dei same bokstavane. Likevel les eg oversikta som om ho skulle vere ei diktsamling. Og det får meg til å tenke på kva det er som gjer eit dikt til eit dikt.

Det er ikkje nødvendigvis det reint kognitive meiningsinnhaldet som gjer at eg liker eit dikt. Det kan sjølvsagt vere det, men andre gonger er det som om lydane i seg sjølv speler ei langt større rolle enn betydninga til orda, når eg les tekstar. For i det lydlege kan det ofte skapast ei stemning eller ein slags "tone", for eksempel gjennom spelet mellom like og ulike lydar. Denne tonen kan stå i samsvar med betydninga av orda, men han kan like gjerne leve sitt eige liv. Og det gjer han, i desse anagramma. Og det er det som gjer desse ordrekkene, som i utgansgpunktet har ein vilkårleg betydningsstruktur, til små tekstar med ein sterk estetisk apell.
aksel
aksle
elska
klase
lakes
laske
leksa
leska
sekla
slake
Lista over anagrammer finn du her.

3 comments:

mittsnitt said...

Har aldri tenkt på det sånn. Likte særlig den siste rekka :)

eekageek said...

Fantastisk! Og utrolig imponerende å faktisk skrive ned alle disse anagrammene, det må ha tatt tid.

Og, helt enig i dette:
"For i det lydlege kan det ofte skapast ei stemning eller ein slags "tone", for eksempel gjennom spelet mellom like og ulike lydar. Denne tonen kan stå i samsvar med betydninga av orda, men han kan like gjerne leve sitt eige liv."

Lydene er så veldig, veldig viktige.

Bai said...

Eg synest det er veldig viktig å ta vare på det fine spelet mellom lydar. Det er jo det som gjer dikta annleis enn andre tekstar.

Eg er også imponert over han som har skrive ned desse anagramma!