Jun 11, 2011

Den vanskelege sidemålsdebatten

Den vanskelege sidemålsdebatten blussar opp kvar vår, når det nærmar seg eksamenstid i dei mange skulane. I år har også Høyre programfesta at dei ville gå inn for eit forsøk med ein norskkarakter. Dei blir kritisert for å vere populistiske og for å søke å sanke billige stemmer blant førstegongsveljarar. Motstandarane argumenterer distriktspolitisk: ein kan ikkje få lærarar som ikkje har hatt nynorskopplæring sjølv, til å flytte til indre Sogn for å undervise nynorskbrukarar. Derfor må samtlege elevar ved samtlege skular i heile landet, lære seg å skrive både nynorsk og bokmål. Vi veit at det er eit fåtal av dei 145 000 16-17 åringane i Oslo og Akershus, som faktisk kjem til å flytte til å først utdanne seg til lærarar for så å flytte til Vestlandet. Og likevel bruker vi norsklærarar time etter time på å luke ut "man" og "dem" frå elevtekstar. Vi seier "Nå må de skjerpe dykk!" og vi forsøker å forklare raudnande 17-åringar at når du skriv "Eg har skrevet", seier du noko heilt anna enn det du meiner å seie.

Nå har Sylfest Lomheim, sjølve inkarnasjonen av nynorskbrukaren tatt til orde for å avskaffe sidemålskarakteren i norsk. Styreleiar i Noregs Mållag er ikkje einig ifølgje Dagbladet:

Mållaget er overbevist om at det er viktig med karakterer både i hovedmål og sidemål, fordi karakterer er styrende for undervisningen og nødvendig for å sikre at god undervisning i begge målformene blir prioritert,

Mållaget er altså opptekne av prioriteringar i norskundervisninga. Det er kunnskapsdirektoratet også. I løpet av dei siste åra har dei lagt nye føringar for kva som skal prioriterast i norskfaget. Norsklæraren skal lære elevane grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving av to målformer, tekstanalyse og litteraturhistorie, som før. I tillegg skal norsklæraren undervise i ei rekke mediefaglege emner som film, samansette tekstar og reklame. Norsklæraren skal lære elevane å bli kompentene brukarar av digitale reiskap. Samtidig skal norsklæraren bidra til allmenndaninnga, ved å introdusere elevane for europeisk kunst- og musikkhistorie. I tillegg til å teste elevane sine ferdigheiter i desse kompetansemåla, skal norsklæraren sørgje for at elevane blir kompentente skribentar, på begge målformer. Alt dette skal norsklæraren rekke i løpet av 4-6 timar i veka.


I tillegg til å lese om filmproduksjon og musikkhistorie, som eg som litteraturvitar ikkje er utdanna innanfor, skal eg rette nok tekstar på begge målformer til at eg kan forsvare alle tre norskkarakterane eg sett på elevane mine. Tilbakemeldingane elevane får på desse tekstane skal vere for læring og utvikling. Dette er i seg sjølv ein tidkrevande prosess, og det blir mange lange overtidstimar med retting i løpet av eit år. Om ein har 90 elevar i norsk, det vil seie 60% stilling i norsk på VG1 og VG2, vil ein måtte skaffe karaktergrunnlag til 270 karakterar. Ein bør ha to tekstar pr. karakter, det vil seie at ein må rette og vurdere 360 skriftlege og 180 munnlege arbeid i løpet av eit semester. Og om vi seier at dette går ikkje, vi får ikkje tid til alt dette i arbeidstida, blir vi som oftast møtt med svaret: "Du må ikkje vere så grundig". Men det kjem verken elevane eller læraren til gode, at vi skal innom stadig fleire kompetanseområde utan å gjere noko av det "så grundig".

Eg begynte på PPU for nokre år sidan, og var overbevist om at eg skulle bli ein slik norsklærar som skulle motivere elevar på Austlandet til å jobbe med nynorsken. Eg er jo så glad i nynorsken sjølv, så det skulle bli ein smal sak, trudde eg. Etter eit år i jobb, er eg blitt ein av dei norsklærarane som er oppteken av prioriteringar og tidsbruk i norskfaget. Og uansett korleis ein prioriterer og bruker tida, går det ikkje opp.

Skal norskfaget vere eit språkopplæringsfag, kor vi lærer to målformer? Skal det vere eit fag kor elevane lærar å bli kompetente skribentar og får gode ferdigheiter i å uttrykke seg skriftleg? Skal det vere eit litteratur- og kulturhistoriefag? Skal det vere eit fag som dreier seg om kommunikasjon og samhandling? Skal det vere eit fag der elevane lærer seg gode leseferdigheiter, dei kan ha nytte av i vidare studier? Eller skal vi ha eit norskfag som er motivert av ein feilslått distriktspolitikk? Det må gjerast nokre politiske val her. Og før desse vala er gjort, må utdanningsdirektoratet bremse. Det går ikkje an å fylle på med fleire emner som skal inn i eit allereie breddfullt fag. Det nyttar ikkje å leggje til kompetanseområdet etter kompteanseområde, utan å utvide timetalet for undervisning, utvide årsramma for for- og etterarbeid eller ta bort andre emner. Og kanskje er det ikkje så dumt å tenke at distriktspolitikken skal ut av norskfaget?

Eg er glad i nynorsken. Men som mållaget, er eg også oppteken av prioriteringar i norskfaget. Det må gjerast prioriteringar som gjer det mogleg å gjere ein god og grundig jobb.

9 comments:

Little Man From Another Place said...

Samd! Det ein verkeleg treng i norskfaget, er ein debatt om kva poenget med heile faget er. Slik det er no, er det alt for omfattande, og mange norsklærarar lyt undervisa i emne dei ikkje kan. Det er ikkje haldbart, korkje for samfunnet, elevane, lærarane eller foreldra. INGEN andre lærarar ville funne seg i at skilnaden mellom universitets- og skuefag er so stor.

torbjørn hauken said...

Det er i dag et fag å forskreve(!) seg i ja, men hva er fagets utgangspunkt? I mine øyne er det norsk språk og litteratur, og det betyr at de to variantene av norsk språk bør være obligatoriske deler av faget. Så får en heller få ut rene medieelementer; kanskje på tide at mediekunnskap ble mer enn et studieretningsfag også?

Anonymous said...

Veldig bra og viktig innlegg! Jeg mener og har alltid ment at det er helt meningsløst å la norskfaget bestå av to målformer. Barn og ungdom har mer enn nok med å lære seg den ene målformen riktig, om man ikke skal lære to. Og hva er vitsen? Målformene er så like at det ikke byr på store problemer å lese på tvers. For meg som bokmålsbruker inneholder dessuten nynorsk så mange valgfrie former (fra konservativ til moderne) at jeg hadde blitt totalt forvirret dersom jeg selv skulle skrevet noe på nynorsk. Men jeg tilhører den store majoriteten som aldri fikk bruk for nynorsken jeg lærte, og som nå for lengst har glemt den. Likevel klarer jeg å lese såpass arkaiske nynorskformer som de Garborg og Vinje bruker, jeg bruker bare mer tid. Jeg synes hver enkelt skole bør velge én målform for norskundervisningen, og heller inkludere tekster på den andre i pensum, slik at man leser begge deler, men kun lærer å beherske den ene skriftlig. Her mener jeg man må kunne skille mellom kjennskap til (å kunne lese/forstå) og å beherske (skrive/snakke), et skille som er vesentlig i andre språkfag. Evt kan man tilby sidemålsundervisning som valgfag for de elevene som er interessert.

Jeg synes det viktigste med norskfaget bør være å lære å lese og skrive godt på norsk, og samtidig føle entusiasme til det man leser og skriver. Norsk er norsk, enten det er bokmål eller nynorsk. Hva tilnærminger til ulike medier og europeiske perspektiver har å gjøre i faget, skjønner jeg ikke. Det bør overføres til engelsk- og samfunnsfag. Engelskfaget kunne med fordel hatt et mer interessant faglig/kulturhistorisk innhold, og det er mer naturlig at medietilnærmingen hører inn under samfunnsfag.

Det mest håpløse er det du sier om grundighet. Hva er vitsen med noe hvis man ikke kan være grundig? Skal man oppfordre til slurv? Politikerne må skjønne forskjellen mellom kvantitet og kvalitet, og at man sjelden kan få begge deler. Hvis en kompetent og engasjert lærer har vanskeligheter med å få tiden til å strekke til, hvordan skal da elevene få det til? Ved å oppfordre lærere til å være mindre grundige, oppfordrer man elevene til det samme.

Bai said...

@Torbjørn: Eg tenker litt som Line, at det er det å forstå begge målformar som er viktig, gjennom større vekt på lesing av nynorske tekstar. Det å skrive begge målformar er det ytterst få som har bruk for (nå gjer jo eg det, fordi eg har flytta frå nynorskland til bokmålsland, men eg er i mindretal). Det å kutte ein karakter i norskfaget, er den einaste måten ein gir ein reell reduksjon i arbeidsmengda, ved å redusere etterarbeid. Alternativet er å gjere noko med leseplikta.

Når det gjeld dette med alle delemna i norskfaget, er det ikkje tvil om at det burde vere fleire fag. Forslaget om eige mediefag er godt, og kanskje eit eige kunst- og kulturhistoriefag også?

Uansett er det ikkje tvil om at læreplanen treng ein revisjon (det er jo tross alt 5 år sidan 2006, så det er vel på tide...)

@ Line: Eg er heilt einig med deg i at vi bør skilje mellom lese/forstå og skrive/snakke. Det er store forskjellar på det.

Når det gjeld dette med grundigheit er det det som opprører meg også mest. For som du seier, korleis skal vi kunne forvente at elevane skal lære seg kompetansemåla grundig nok til eksamen, viss vi sjølv slurvar?

torbjørn hauken said...

Det er mye i skolen en kunne kutte ut om en bare tenkte på hva de fleste vil få bruk for; jeg husker vi hadde en mattelærer som prøvde så godt han kunne å undergrave motivasjonen vår for faget ved å fortelle oss hvor lite bruk vi ville få for å kunne regne ut arealet av en pyramide f.eks. Så jeg synes ikke det er et spesielt vektig argument, vi bør heller vurdere hva som bør være del av allmenndannëlsen, og da mener jeg bestemt at elever med studiekompetanse bør mestre noenlunde å uttrykke seg i de to jamstilte (ja, de er jo fortsatt det på papiret!!) målformene våre. Ganske mange skal jobbe i det offentlige og må da kunne bruke begge målformer, det er langt flere enn lærerne dette gjelder. Men viktigst av alt: Å skulle uttrykke seg best mulig på et ikke-automatisert språk skjerper uttrykksformen, vi kan få mindre slapt norsk, men det passer selvsagt ikke et slapt folk med et altfor godt selvbilde - se bare på hvordan mange tror de er mye bedre i engelsk enn de faktisk er.

Bai said...

Det er sant det, at det er mykje som kan kuttast ut. Likevel, i eit samfunnsøkonomisk perspektiv, trur eg systemet med obligatorisk sidemål og 3 karakterar i norsk er lite lønnsomt. Skal eg bruke 120 timar i semesteret, på å skrive "Det heiter ikkje dem, det heiter dei" og "Det heiter viss, ikkje kviss", når kanskje to elevar kjem til å bruke målet? Helst vil eg jo at alle skal skrive nynorsk, og at bokmål skal vere valfritt sidemål. Men eg ser ikkje nytteverdien av obligatorisk skriveopplæring i to målformar. I alle fall ikkje når eg ser kor lite kompetente språkbrukarar dei blir på sidemålet sitt. Måla er såpass like, at vi forstår kvarandre uansett.

Når eg ser på dei som har fritak, som får jobbe systematisk med det dei har fokus på, synest eg eg ser ein progressjon. Dei andre får ikkje jobba systematisk med å fokusere på det dei treng å jobbe med, fordi dei blir avbrotne av sterke verb og kjønn på substantiv. Dersom vi kunne omrokkert litt på ressursbruken, og heller fokusert på lesing, trur eg vi kunne gjort mykje med norsklærarflukta frå skulen. Og det er eit problem som må takast på alvor!

annkolaas said...

Eg er også ho som tenkte ho kunne motivere ungdom til å skrive på nynorsk. Etter å ha hatt sidemålsundervising (ja, det er eit forhatt fag - og eg ein forhatt lærar. Alt på grunn av sidemålet) i 3. klasse har eg endra meining angåande eigen karakter i sidemål.

Det er ikkje kjekt å måtte gi karakteren 1 og 2 på fantastiske artiklar og kåseri, berre fordi nynorsken ikkje heng på greip. - Og når eg eigentleg har lyst til å rose uhemma av innhaldet (noko eg sjølvsagt gjer!)

Elin said...

Jeg vet det er litt på siden, men jeg vil komme med et lite tips når det gjelder å lære elevene digitale verktøy og spesielt kildekritikk: Rott dere sammen med bibliotekaren. En av de store frustrasjonene da jeg jobbet som skolebibliotekar var å forsøke å samarbeide med lærere, jeg ville så gjerne hjelpe og formidle av min kunnskap, men når man er fastlåst alene på et bibliotek er det ikke alltid like lett å nå fram. Bibliotekarer er eksperter bl. a. på dette med kildekritikk, så benytt skolebibliotekaren for hva h*n er verdt!

Bai said...

Ja, Elin! Vi har ein fantastisk skulebibliotekar, hos oss, med masse kunnskap både om informasjonssøking og kjeldebruk! Vi har brukt dei mykje til slikt! Dei hjelper elevane med ein-til-ein-rettleiing, og dei kjem innom. Vi har nettopp hatt kurs i eit kjeldeprogram som heiter zotero, med bibliotekaren vår. Det er veldig flott å kunne spele på slike ressurser!

Og du er inne på noko viktig med innspelet ditt, ikkje bare med tanke på bibliotekarar, men med tanke på lærarstaben som heilskap. Vi burde trene oss på å bruke kvarandre meir. I vinter oppdaga vi at ein av kollegaene mine satt og las seg opp på modernistisk lyrikk (som eg har skrive mi masteroppgåve innanfor), medan eg prøvde å lese meg opp på språkhistorie før 1800 (kor ho har si master). Vi forsøkte å bytte klassar eit par timar, noko både vi og elevane opplevde at fungerte godt. Vi burde vere flinkare til å bruke kvarandre sine ressursar, både oss lærarar i mellom og også å trekke inn bibliotekarane.