Jun 21, 2011

Snart ferie

I morgon er det siste skuledag før ferien. I tillegg til å ha overlevd mitt andre karakteroppgjer og min første runde med munnleg eksamen, som eksaminator, er eg nå ferdig med mitt første år som lærar. Det har tidvis vore hektisk, men nå kan eg sjå fram til belønninga: åtte veker med ei herleg blanding av ferie og avspassering. Det skal bli godt.

Eg ser fram til lange formiddagar med hagearbeid og boklesing. Eg kan sitte ute i sola og kose meg med dei nye tekoppane eg kjøpte i helga. Eg kan gå lange turar i Oslo-Marka, dette vakre naturområdet som eg ikkje har utforska skikkeleg før nå. Eg kan ta meg tid til å bake mitt eige brød igjen. Eg kan slutte å stresse for å rekke både det eine og det andre. Eg kan reise ut til sjøen og ta eit kveldsbad og eg kan nyte dei lyse sommarkveldane, med eit glas rosevin og ei god bok. Det skal bli godt med lange, late sommardagar nå.

Det skal bli godt med ferietid og lesetid!

14 comments:

torbjørn hauken said...

Måtte det bli en fin sommer med solrike dager. Nyt ferien uansett!!

Bai said...

Sol eller regn, det blir i alle fall fridager og mykje lesing. Og nå har jammen dei norske jordbæra komme til butikkane også!

Little Man From Another Place said...

Ah... Lærarferie er ein god ting. Det er bra det er noko som ikkje vert endra på i norsk skule. Kjenner att den gode følelsen det er å endeleg ha hatt den fyrste munnlege eksamenen med elevane. Ekstra godt med ferie då! I morgon fell vel skriftleg sensur også, som er minst like spanande for læraren. Eg skal iallfall på sensurmøte i norsk sidemål. Å vera sensor er spanande og kan anbefalast når du får meir røynsle. God ferie!

Anonymous said...

God sommer! Håper du deler litt med oss; om bøker og sånt.

Bai said...

@Little Man... Trur eg må få litt meir rutine, før eg blir sensor. Foreløpig ville det ikkje vore godt betalt.

@Knirk: ja, eg skal dele det eg les med dykk. Det går visst litt i rykk og napp, både med lesinga og blogginga mi, men akkurat nå gleder eg meg veldig til å bli ferdig med Never Let Me Go av Kazuo Ishiguro, bare for å kunne skrive om ho.

Unknown said...

Hei på du!
Du har en så fin og oversiktlig bloggside med knapper rett under overskriften. Hvordan har du fått til det. Vi har jo begge blogspot, men jeg har ikke klart å lage sånne "knapper". Kan du være så vennlig og forklare meg hvordan ?!

Bai said...

@ Geir Isaxen: Når du går inn på "New posts", er det ei fane kor det står "Edit pages". Dersom du trykker på den, får du opp ein knapp kor det står "New pages". Der kan du legge til opptil 10 faner. Vidare går du på design, kor du kan velje mellom å få fanene som knappar øvst, slik eg har det, eller som liste. Eg irriterer meg foreløpig over at eg ikkje får det til å bli symmetrisk, frå midten av sida, men det finn eg ikkje utav.

annkolaas said...

No er det unekteleg kjekt å vere lærar. Eg har også vore eksaminator i munnleg for første gong - og har også kasta meg på skriftleg sensorarbeid i år. Det gjekk faktisk ganske raskt å rette nærmare 200 eksamenar. Eg likte oppgåvene kjempegodt, og synest det var ei god erfaring. Eg kjem nok til å gjere det fleire gongar.
I morgon er det fellessensur, og eg sit på eit fasjonabelt hotellrom og ser utover Bryggen i Bergen. No skal eg smake på Sjokoladeprinsens melkesjokolade (vi har ikkje slikt fancy snop heime) etter ei lynrask shoppingøkt. Ein aldri så liten husmorferie, dette her;)

Unknown said...

Takk skal du ha!

Bai said...

@Lena: Så spennande med sensurmøte og slikt. Det kan godt hende det å sensurere er ei oppgåve som kan vere interessant på sikt. Men foreløpig har eg hatt nok med det som følgjer jobben.

Ingrid said...

Jag önskar dig en bokrik och avkopplande sommar- med gott om jordgubbar och sköna bad (och kanske hinner du med lite blogg-inlägg också... det ser jag fram emot!

Bai said...

Takk Ingrid.

Anonymous said...

Jeg ønsker deg er riktig god og solrik sommer!

Jeg har min første feriedag i dag og kan formelig kjenne hvordan skuldrene synker tilbake på plass :-) Jeg skal jobbe på hovedbiblioteket hele juli og ha tre uker ferie i august så det er bare en ukes forsmak jeg er i gang med nå :-)
Jeg satser stort på sol i juli likevel (med lange, late dager på terrassen) fordi jeg har klart å gå litt av skaftet og skaffet meg en gigant-stabel bøker jeg har tenkt å lese i sommer :-)

Anonymous said...

Ønsker deg en god og velfortjent ferie! Gleder meg til å lese om hva du leser i ferien.