Oct 15, 2011

Nifs og spennande ungdomsroman

Johan Harstad
Darlah. 172 timer på månen 
376 sider
Cappelen Damm. 2008



Eg har lese ein del ungdomsbøker i det siste. Litt for å ha nokre lettlesne bøker og kose meg med, når dagane er travle og litt fordi eg som norsklærar kjenner litt på at eg manglar oversikt over bøker som kanskje er aktuelle for elevane mine. Og Brageprisvinnaren Darlah. 172 timer på månen er ei bok eg har hatt lyst til å lese lenge. For nokre år storkoste eg meg med Hässelby, som gjekk frå å vere ein uskyldig oppvekstroman til å bli ein nifs dystopi med Twin-Peaks-liknande trekk. Og Darlah. 172 timer på månen gjer akkurat det same. Boka går frå å skildre ungdommar i eit trygt og gjenkjenneleg miljø, til å bli så nifs at eg kjenner at eg som lesar blir redd. Johan Harstad kan skrive. 

Utgangspunktet for Darlah. 172 timer på månen er at NASA ønsker å arrangere ei ny måneferd. Allereie i forordet får ein vite at det er ei enorm hemmeleghalding rundt denne måneferda. Deltakarane på møtet er forsøkt samla utan at dei skal trekke til seg noko merksemd og ein av møtedeltakarane har fått namnet sitt sladda i forordet. Dei bestemmer seg for å reise til månen igjen. For å finansiere denne ekspedisjonen treng å kommersialisere prosjektet. Det gjer dei ved å utlyse ein konkurranse kor tre ungdommar vinn kvar sin plass på ekspedisjonen som skal tv-overførast som eit kva slags som helst realityshow. 

Vidare blir vi kjende med kvardagen til dei tre ungdommane som etterkvart vinn kvar sin billett til månen. Mia frå Stavanger er ei sint tenåringsjente med svart hår som drøymer om å blir verdsberømt med bandet Rouge Squadron, og som i alle fall ikkje vil reise til månen. Midori frå Tokyo passar ikkje inn saman med dei andre jamnaldrande i nærmiljøet og drøymer om å reise langt bort frå alt og begynne eit nytt liv som kunstnar, helst i New York. Antonie frå Paris har akkurat blitt dumpa av kjærasten sin, som han framleis spionerer på gjennom kikkertane i Eiffeltårnet. 

Etterkvart skjønner vi at det er andre grunnar enn dei reint økonomiske, som gjer at det ikkje har vore sendt folk til månen sidan 70-talet. Ein tidlegare vaktmester i Area 51 veit at det er farleg å reise til månen, men han får ikkje til å varsle nokon. Frykta den senile gamle mannen kjenner når han ser tv-bileta av ungdommane som skal reise til månen, er svært godt skildra. Mia, Midori og Anonie opplever merkelege ting, etter at dei er vald ut til å delta på Darlah-ekspedisjonen og spenninga stig merkbart etter at dei har komme fram til månen og romstasjonen dei skal vere på. 

Boka er blitt kritisert for å vere for langdryg i starten. Og det tar litt tid før boka begynner å bli ordentleg spennande. Samtidig er skildringane av livet til dei tre månefararane i Stavanger, Tokyo og Paris med på gjere boka til noko meir enn ei sci-fi-bok. Og for meg som vanlegvis ikkje er så glad i denne sjangeren, synest eg at den meir jordnære og kvardagslege stemninga i første delen av boka er med på å gjere boka verdt å lese. Eg trur heller ikkje den ekstremt bratte spenningskurva som bare stig og stig over dei siste 100 sidene i boka, ville vore like intenst spennande dersom vi ikkje hadde komme på innsida av karakterane og blitt ordentleg kjend med dei i innleiinga. Det er punkter som kan kritiserast og lause trådar som ikkje blir samla på slutten av boka. Samtidig er det ein velskriven og svært spennande roman, som tek opp spørsmålet om kva vi kan finne ute i verdsrommet på ein ny og interessant måte. 

4 comments:

Elin said...

Likte boka kjempegodt. Jeg er jo generelt glad i science fiction, og denne er på mange måter typisk for genren. Mange av idéene er på ingen måte nye, men det synes jeg ikke gjør noe. "Hva finnes der ute"-idéen er velbrukt innen science fiction. (Jeg er for gjenbruk at idéer, så lenge de er brukt på en god måte).

Silje said...

Jeg synes dette er en veldig bra bok og er glad for å finne ny norsk litteratur som er litt annerledes. Har enda ikke kommet meg til å lese mer av Harstad, men nå fikk jeg veldig lyst til det.

Siljeblomst said...

Flott omtale! Jeg leste Darlah for et par år siden, og husker fremdeles den uhyggen jeg følte da jeg var ferdig med boka. Den var virkelig god og skremmende.

Bai said...

Elin, det kan jo hende at det rett og slett er fordi eg har lese såpass litt science fiction, at eg opplever ideane i Darlah som "nye" og annleis. Eg har aldri lese noko som liknar på dette, men dei gongene eg har prøvd meg på sjangeren, har eg gitt opp etter femti sider fordi det ofte har blitt for mykje teknikk og for verkelegheitsfjerne karakterar for min smak. Og det liker eg veldig godt med denne boka, at karakterane er vanlege folk.

Silje, eg kan anbefale Hässelby. Det er historia om Albert Åberg som voksen, ein ganske fiffig ide, i utgangspunktet. Buzz Aldrin, hvor ble du av i mylderet har eg ikkje rukket å lese endå, men filmatiseringa skal sendast som tv-serie i november, så eg har litt lyst til å lese boka før det.

Siljeblomst, ja, uhygga var sterk. Eg låg lenge etter at eg var ferdig med boka, før eg fekk sove.