Boktyven
Damm forlag 2007
538 sider
I Boktyven møter vi den vesle jenta Liesel, som blir plassert i fosterfamilie hos ein pappa med sølvauge og ei mamma med kartongansikt, i ein forstad til München like før andre verdskrigen. Broren til Liesel døyr på toget, den dagen ho og mora og broren skal reise til fosterforeldra, og dette er det første møtet mellom Liesel og forteljarstemma, Døden. I gravferda til broren, mister den eine assistenten ei lita bok, Graverens håndbok. Liesel tar bok med seg, og motivert av denne boka lærer ho å lese og skrive.
Liesel er ei av dei andre ungane i Himmelgaten, som sparker fotball og går på epleslang. Samtidig er ho ei vanleg tysk jente under andre verdskrigen. Eller, ho er ei vanleg tysk jente heilt til den jødiske Max Vandenburg bankar på døra heime hos fosterfamilien hennar. Etter det blir ho ei tysk jente som er redd for at nokon skal finne ut at det bur ein jøde i kjellaren deira.
Språket i boka er rett og slett nydeleg. Eg veit ikkje om eg skal rose forfattaren Markus Zusak eller oversetjaren Henning Hagerup for å ha fått fram denne forteljinga i ei så flott språkdrakt. Men eg kan bli betatt av setningane i denne boka, som for eksempel denne:
"Ordene ble gitt fra jenta til jøden. De klatret opp på ham. Neste gang hun snakket, snublet ordene ut av munnen på henne. Tårene sloss om plassen i øynene, siden hun ikke ville slippe dem ut. Bedre å stå her bestemt og stolt. La ordene ta seg av saken. Hun sa: "Er det virkelig deg? spurte den unge mannen" Er det fra kinnet ditt at jeg tok frøet?"" (s. 502)
Eg synest det er heilt nydeleg skildra.
Grepet med å la Døden vere forteljaren gjer også boka noko nytt og annleis. Døden skriver om alle sjelane han rydder vekk under andre verdskrigen og midt oppi dette fortel han historien om den vesle jenta som har gjort så stort inntrykk.
Det er ei bok som gjer eit slikt inntrykk at det er vanskeleg å skrive om ho. Det er vanskeleg å forklare kva det er som gjer at boka gjer eit slikt sterkt inntrykk på meg. Men det er heilskapen, av stemning, språk og forteljing.
4 comments:
Jeg er helt enig med deg! Boken gjorde et sterkt inntrykk på meg og:)
Denne har jeg lurt på om jeg skulle lese. Nå vet jeg at jeg skal. Takk!
Jeg er helt enig med deg. Ei alle tiders bok.
Jeg forsøkte meg på den for en tid siden, men kom ikke skikkelig i gang. Men kanskje jeg skal prøve den igjen. Kjøpte den som gave på et boksalg i dag forresten.
Post a Comment