Mar 24, 2009

Om islam og integrering

Eg setter stor pris på at det endeleg er nokon som seier det eg også har tenkt den siste tida. Henrik Thune er ute i dagens Aftenposten og seier at det ikkje er islam, som den religionen islam er, som skaper integreringsproblemer for innvandrarar i Norge:

"Jo, det betyr at det vi ser som uttrykk for islam i Norge, stort sett er uttrykk for noe helt annet enn religion. Det er helt avgjørende å huske at det flerkulturelle Norge nesten utelukkende har rekruttert borgere med muslimsk bakgrunn enten fra områder kjennetegnet av svake statsstrukturer og sterke tradisjonelle landsbykulturer, eller borgerkrig og kaos. Vi tror vi ser islam, men det vi ser er i stor grad overføringer av patriarkalske samfunnssystemer fra deler av Somalia, Nord-Irak og Punjab i Pakistan, eller krigsflyktninger som trenger omsorg. Det er motsetningene by/land eller krig/fred som skaper integreringsproblemer i Norge. Ikke islam."

Somaliarar er ei gruppe innvandrarar som særlig blir trekt fram i integreringsdebattane, fordi dei ser ut til å ha store problem med å tilpasse seg det norske samfunnet. Men er det så rart, at dette nomadefolket som er vandt til å dele med storfamilien og leve frå hand til munn, har problem med å tilpasse seg eit samfunn kor dei skal bu på same plassen, tene pengar, betale rekningar og ikkje minst lære seg å lese for å leve opp til dei krava samfunnet stiller til dei? For Somalia har eit konstruert skriftspråk, som nærmar seg 30 år gammalt, mange har ikkje lært dette språket. Bare dette, viser kor enorme forskjellane på den norske og den somalske kulturen eigentleg er. Og på toppen av dette kjem det faktum som Thune peiker på, dei fleste som kjem til Norge er krigsflyktningar. Eg har ikkje grunnlag for å forestille meg korleis dei har hatt det, der dei har vekse opp med krigen som ein del av kvardagen sin.

Kontrastane til Norge, til alle lovane vi må forhalde oss til, til dei uskrivne normene for normal atferd i samfunnet er enorme. Ikkje minst for dette nomadefolket. Og kva slags apparat blir dei eigentleg tatt i mot med? Kva slags oppfølging og hjelp får dei, for å lære språk for å kunne delta i samfunnet? I kor stor grad får dei eit fullgodt tilbod i opplæring i desse lovane og uskrivne normene, som folk dei møter forventer at dei skal kjenne til?

Det norske samfunnet trenger hjelp til å ta i mot desse menneska, som har ein kulturell bakgrunn og ei verkelegheitsforståing som er så langt unna det samfunnet dei brått befinner seg i. Eg trur det er på tide å slutte å rope om snikislamisering og radikal islam. Denne begrepsbruken bekrefter bare det Thune kaller "en kollektiv avsporing" og heller bruke ressursane på å ta i mot dei menneska som kjem med den bakgrunnen dei har. For det er ikkje religionen islam, som sådan, som er den største utfordringa. Det er dei konfliktane, som så mange einskildpersonar står i, når dei skal tilpasse seg eit samfunn og ein kultur som er så ulik det dei har vekse opp i og det dei kjenner.

2 comments:

Lille søster said...

Enig, enig, enig. Jeg leste også innlegget i dag, og tenkte at han hadde helt rett. Selv om jeg ikke hadde formulert det slik for meg selv før.

Anonymous said...

Bai, dette er det jeg kaller et knakende godt innlegg - det er så riktig det du og Aftenposten skriver.