Mar 31, 2009

Tematrio - Nobelprisvinnarar

TeLyrans Noblesser er ein veldig fin, svensk bokblogg som eg har lese ei stund. Nå har forfattaren av bloggen invitert andre bloggarar til ein "tematrio", noko eg synest høyrest ut som ei morosam utfordring. Den første trioen er:



Vilka är dina tre favoritböcker skrivna av författare som erhållit Nobelpriset?






Eg har på langt nær lese alle nobelforfattarane, og då eg bladde meg gjennom lista på Wikipedia, for å sjekke at eg ikkje bomma fullstendig på valet av forfattarar, slo det meg at dette kanskje hadde vore eit prosjekt for tida framover. Det er i alle fall veldig mange namn på denne lista, som eg kunne tenke meg å ha lese.

Men tilbake til utfordringa, her er mine tre favorittar (eg har tolka spørsmålet til bøker skrivne av nobelprisvinnarar, ikkje utelukkande titlar som har vunne nobelprisen):

1. Kejsarn av Portugalien av Selma Lagerlöf: Dette er ein roman om husmannen som utvikler ei vrangforestilling om at han er ein portugalsk keisar, etter at dottera flytter heimefrå. Selma Lagerlöf har ei heilt spesiell evne til å skildre psykiske forstyrringar frå innsida til hovudpersonen, på ein slik måte at lesaren får vere med og oppleve det som skjer inne i romankarakteren. Dette gjer ho på ein ekstra god måte i denne romanen.

2. Jenny av Sigrid Undset: Jenny var gjennombrotsromanen til Sigrid Undset, og min personlege favoritt. Den handlar om Jenny som reiser til Roma og lever i kunstnarmiljøet der, hennar forhold til kunstnaren Helge Gram og seinare til faren hans. Det er lenge sidan eg las boka, men ho gjorde sterkt inntrykk. Når eg skriv nå, kjenner eg at eg må lese ho om igjen snart.

3. Mitt navn er Karmosin av Orhan Pamuk: Dette er den einaste boka eg har lese av ein nobelprisvinnar før han vann nobelprisen. Handlinga er lagt til 1500-talet i Istanbul, kor både ei kjærleiksforteljing, eit mord og forteljinga om dei muslimske miniatyrmalarane ved Sultanen sitt hoff er sentrale. Kapitla har ulike forteljarstemmer, alt frå liket av den myrda mannen, dei ulike hovudpersonane, til ein mynt får fortelje sine historiar. Dette gjer romanen ei spenning, og ein må som lesar vurdere kven av desse forteljarane ein skal stole på.

4 comments:

Lyrans Noblesser said...

Kejsarn av Portugallien är en av mina favoriter också. Men av Undset har jag bara läst Kristin Lavransdotter. Roligt att du är med på Tematrion :-) Nästa vecka kommer det något ni norrmän är experter på...

Bai said...

Kristin Lavransdatter er kanskje den mest kjente til Undset, men ikkje den beste, etter mi meining.

snowflake said...

Jag har tänkt så länge att jag ska läsa Kristin Lavransdotter, men kanske jag borde börja med Jenny istället då? KL är ju så lång...

Bokmoster said...

Hej, tack för din kommentar hos mig. Alltid kul att hitta en ny bokblogg! Kejsaren av Portugallien är - som du nog vet - också en av mina stora favoriter. Jag gillade också Mitt namn är röd, som den heter på svenska, lite svår att ta sig igenom, men intressant med den gamla konflikten mellan öst och väst. Och alla karaktärer som var så färgstarkt skildrade.

Precis som de tidigare inläggen har jag bara läst Kristin Lavransdotter av Undset, kanske ska jag prova på Jenny också!