Oct 9, 2011

"Der Baader-Meinhof Komplex"

I går såg eg filmen "Der Baader- Meinhof Komplex". Det var ei spesiell oppleving.

Filmen handlar om Rote Armee Fraktion, ei venstreradikal tysk gruppe, som blir danna i tida etter studentopprøret i Berlin i 1967 og som blir lagt merke til av verdssamfunnet etter at Andreas Baader sprenger eit kjøpesenter. Ulrikke Meinhof dekker studentopprøret som journalist, og reagerer på politivold og vidare korleis måten drapet på ein student blir behandla av samfunnet rundt. Etter kvart kjem ho i kontakt med Baader og kjerasten hans, og ho speler ei sentral rolle i frigjeringa av Andreas, då han blir fengsla. Vidare handlar filmen om RAF sin kamp mot det dei kallar eit fascistisk styre i det kapitalistiske Vest-Tyskland, og styresmaktene sine forsøk på å slå ned gruppa. Mot slutten, er det nyare og yngre krefter som tek over i RAF, og desse står blandt Anna bak kapringa av eit Lufthansa-fly i 1977, denne kapringa kjenner vi godt til fordi Sohaila Andrawes er ein av dei overlevande kaprarane.

Tidlegare, når eg har lese om eller sett filmar om ulike former for fridomsforkjemparar, har eg vore fascinert over denne sterke trua dei har på at dei gjer det rette. Nokre gonger har eg vore misunneleg på desse som trur så sterkt på ein sak at dei er villige til å gjere alt! Men i løpet av sommaren har denne beundringa endra seg. Der eg tidlegare blei fascinert over den sterke trua til desse menneska, kjenner eg nå avsky og forakt mot desse terrorhandlingane. Det er ingenting som er beundringsverdig med det å ta livet av eit anna menneske, uansett kva sak ein kjemper for. Og det er heller ingen grunn til å gi terroristar heltestatus, anten dei er venstreradikale eller høyreekstreme!

Derfor blei eg sittande og sjå " Der Baader-Meinhof Komplex" med ei stadig voksande avsky mot dei hovudpersonane, filmregissøren ville eg skulle kjenne sympati for. Når Andreas og Ulrikke blei straffa med isolasjon på kvar si celle, kjende eg at dette var riktig, Vietnamkrig, eller ikkje Vietnamkrig. Dei fortente straffa si.

Eg ser at blikket mitt har forandra seg. Og det kjennest riktig.

2 comments:

Jenny B said...

Jag har aldrig tyckt om dem som manar till revolution, men inte kunnat sätta fingret på varför. Medan jag såg filmen hann jag tänka igenom det litet, och kom fram till några saker.

Dels kunde man höra Ulrike Meinhof peka ut poliser och myndigheter som fiender som förtjänar att dödas utan betänkligheter. Det är en stor varningssignal, när man pekar ut en annan grupp som icke-människor!

Dels hatar jag att man vill starta revolution utan plan för vad som skall komma efteråt, eller kanske med hopp om ett kaos. Men i ett sådant kaos kommer det att råda anarki, och de svagaste kommer att förlora mot de brutala och hänsynslösa. Det kan jag inte acceptera.

I övrigt tyckte jag att filmen var välgjord och gav en god känsla för hur det kan ha varit. Förutom att kläderna var för snygga för att vara trovärdiga! Jag minns hur otroligt fula kläder folk hade på 70-talet, SPECIELLT i Tyskland! Men annars: bra film.

Bai said...

Du har veldig rett i det du skriv, Jenny B. Og eg er einig i det du skriv om Meinhof sitt syn på politiet. Dette reagerte eg også på, og eg tenkte at ho er jammen ikkje betre enn dei ho kritiserer, sjølv. Eg merkar samtidig at ho framstår som ein veldig lite tåleleg figur for meg og eg kjenner at måten eg ser på denne historia har forandra seg. Den dominerande kjensla når eg såg filmen nå, var "kva med ofra, kva med dei som er igjen?", sjølv om filmskaparane vil ha meg til å sjå historia frå Meinhof sitt perspektiv. Og eg trur eg ville latt meg gripe av dette perspektivet, i langt større grad, før 22.07.

Det du seier om revolusjon, har eg ikkje tenkt over før, men du har absolutt eit poeng her også. Og det viser jo også historia!

Akkurat det med 70-talskleda tenkte faktisk eg også på. Dei er ikkje stygge nok i det heile tatt!