Jan 31, 2009

Bergtatt

Eg er bergtatt etter å ha sett ein Lykke Li video på Youtube. Også tenkte eg at eg skulle dele denne videoen på bloggen min, slik som så mange andre gjer med youtubevideoar med filmsnuttar og musikkvideoar dei vil dele med andre. Men det var visst lettare sagt enn gjort. (Tek gjerne i mot eit lite kurs i korleis slikt skal gjerast).

Så dersom du har lyst til å sjå kva eg er bergtatt av, får du følgje denne linken og sjå etter sjølv. Og eg anbefaler deg å faktisk gjere det, for bileta, bevegelsane, uttrykket... Det er flott.


4 comments:

Aina said...

Til høgre for videoen, under url-en, er det eit felt der det står embed. Viss du kopierer teksten i det feltet og limer han inn i eit blogginnlegg - i html-modus! - kjem videoen automatisk opp i bloggen din. Lett som smør!

Lille søster said...

Å, er det slik det gjøres! Har lurt på det sjøl.

Bai said...

Jippi! Det var då inga sak. Tenk at det kan vere så vanskeleg å skjønne noko som er så enkelt.

Takk skal du ha, Aina!

Tekoppen said...

Den videon är verkligen något alldeles särskilt!