Mar 12, 2009

Stieg Larsson

Her kjem ein liten rapport frå sjukesenga. Eg har ikkje hovudet mitt på plass for tida, så eg orkar rett og slett ikkje lese bøker der eg må ha overskot til å oppleve språket for å ha glede av boka. Derfor har eg gått laus på Stieg Larsson bøkene. Dei er veldig velegna sjukelektyre. Dei er handlingsdrivne "pageturnerar" og eg slepp å tenke. Akkurat det eg treng nå.


Menn som hater kvinner
Gyldendal 2007
560 sider.

Som eg har nevnt i ein tidlegare post, blei eg raskt oppslukt av denne boka. Det var spennande lesing, truverdige karakterar og eit nytt og interessant plott som gjorde boka verdt å lese.

Eg reknar med dei fleste har lese boka, men kort fortald handlar ho om journalisten Mikael Blomkvist som blir dømt for injurier etter eit oppslag om ein finanskjempe, som han ikkje kunne dokumentere. Blomkvist får i oppdrag av ein eksentrisk, rik, gammal mann å finne løysninga på ei 35 år gammal mordgåte, kor niesa hans forsvann. Som assistent bruker han den 25 år gamle Lisbeth Salander, som har ein svært fascinerande karakter i boka. Ho er ein inneslutta, folkesky men likevel svært dyktig researcher, med metodar som er litt på kanten. Særleg Salander-karakteren er med på å gjere boka god. Ho er skildra på ein truverdig måte og blir akkurat passe mystisk til at eg får lyst til å finne ut meir om henne.


Jenta som lekte med ilden
Gyldendal 2007
624 sider.

Eg var positivt overraska over Menn som hater kvinner. Og eg var tilsvarande skuffa over Jenta som lekte med ilden. Her blei karakterane for stereotype og det blei litt i overkant mange supermenneske.

Vi følger nok ein gong Blomkvist og Salander, men denne gongen er Salander mistenkt for eit dobbeltdrap på ein journalistkollega av Blomkvist. Salander er etterlyst i media, og går i dekning, medan Blomkvist har ei til tider naiv tru på Salander si uskuld. Her møter vi ein blond kjempe på over to meter, som er ute av stand til å føle smerte og eit par andre karakterar som blir lite truverdige, rett og slett.

Salander er særleg skuffande, kanskje mest fordi eg blei så fascinert over hennar karakter i den første boka. I Jenta som lekte med ilden, kor Salander si oppvekst og fortid har ein dominerande plass, synest eg Lisbeth blir for stereotyp. Dei sidene av henne, som gjorde henne til ein fascinerande karakter i første boka blir for mykje i den andre boka. Ho er ikkje lenger passe mystisk og dette var noko av det eg likte best i Menn som hater kvinner. Ho blir også litt for mykje supermenneske og ho overlever litt for mykje, noko boka taper truverdigheit på.

Eg liker heller ikkje den åpne slutten på boka (vi kan kanskje forklare dette med at forfattaren døydde før utgivinga, eg veit ikkje), fordi dette tvinger meg til å lese den tredje boka også.

Eg kjem aldri til å skjønne dei som seier at dette er dei beste bøkene dei har lese i heile sitt liv, men som lett underhaldning i sjukesenga er dei spennande og underhaldande nok.

3 comments:

Stine Marie said...

Jeg leser også veldig lite krim, men har tenkt å gi denne trilogien en sjanse. Godt å høre at den første boka er fengende og bra ihvertfall :)

Lille søster said...

Bøkene er veldig spennende og fengende, men jeg er enig med deg i kritikken av Salander i andreboka.

Jeg synes også språket av og til blir litt ufrivillig komisk. Litt sånn "han gransket hendene sine".

Men man blir jo oppslukt da!

Bai said...

Ja, Lille søster. Eg flirte av mange av setningane, og tenkte eg skulle notere dei ned for å bruke dei som eksempel i bloggen. Men eg gløymde det. Men det er ein del ufrivilleg komisk språkbruk.