Til stor glede for alle bokelskarar melder dei norske avisene om at Nasjonalbiblioteket har lagt ut 10 000 bøker tilgjengeleg på nett, på det nye nettstedet bokhylla.no. Tekstane skal representere eit tverrsnitt i den norske litteraturen, og er dermed frå 1690-, 1790-, 1890- og 1990-talet. Dei nyare bøkene kan lesast, medan eldre bøker kor rettigheitstida har gått ut kan lastast ned.
Eg gleder meg over dette tiltaket. Eg gleder meg over at det i større og større grad blir mogleg å få tak i tekstar av ulike slag, elektronisk. Eg må ikkje lenger ut av huset, til bibliotek eller bokhandel for å finne ei bok eg gjerne skulle slått opp i. Eg kan i stadig større grad finne boka på nett.
Likevel er eg framleis veldig glad i å lese bøker på papir som heng saman i bokformat. Dei gongene eg har fått pdf av bøker som ennå ikkje er gitt ut, har eg printa dei ut fordi eg synest det er slitsomt å lese på skjerm. Då har eg endt opp med å sitte med ei lefse med A4-ark, som ikkje er langt unna ei pocketbok i pris. Slike lefser er uhåndterlige og dårleg egna til for eksempel lesing på senga. Eg innser at det er på tide å få tak i eit lesebrett. Eg er litt nysgjerrig på desse. Korleis er dei for eksempel i sterkt sollys? Blir skjermen svart, som på laptopen, eller går det an å ha med lesebrettet på stranda?
Til tross for at eg er av den konservative typen som faktisk liker bøker, som bøker, med papir og papirlukt, spennande omslag og i eit praktisk format, synest eg bokhylla.no er eit flott prosjekt. Eg gleder meg til å kunne hente fram tekstar der.
6 comments:
Jeg klarer (dessverre?) ikke å mønstre den voldsomme entusiasmen for hverken bokhylla.no eller disse lesebrettene. Det er, tja ... sikkert greit at det eksisterer, men det kan man da også si om brennmaneter og rosiner.
Hos meg vil iallfall ikke dette, altså lesning på LCD-skjerm, få vippet de gode, gamle bøkene ned fra tronen. Men som et helt kurant supplement ...? Tja.
Med vennlig hilsen og kongelig bukk: Eders ærbødigst, Den sorte svane.
Får jag skicka det här inlägget till Biblist, en mailinglista som går ut till ungefär 3000 bibliotekarier i Sverige? Det är ju jättespännande!
Kjære sorte svane, eg trur aldri eg kjem til å bli meir begeistra for elektroniske bøker enn papirbøker. Papirbøker er noko heilt spesielt. Likevel er eg begeistra fordi dette med å gjere tekstar allment tilgjengeleg på ein slik måte er eit skritt i ei retning eg liker. Vi kan i langt større grad prøvelese bøker før vi skaffer oss dei, og bøkene er mykje meir tilgjengelege nå. Det liker eg. Men eg gir ikkje slipp på papirbøkene mine med det første.
Ylva, det må du gjerne gjere, dersom du trur bibliotekarane har glede av det.
Halloen!
Eg greier heller ikkje å mønstre noko særleg entusiasme for bokhylla.no. Men det er andre grunnar til det enn papir vs digitalt-diskusjonen (som om filmar er best på VHS framfor DVD liksom...) Det som gjer bokhylla.no ganske daudfødt viss meininga er at vi faktisk skal lese desse bøkene, er at formidlinga sviktar i alle ledd. Det er plent umuleg å finne fram på bokhylla.no (nokon her som likar å skanne hyller på bokhandel og bibliotek? Og bli inspirert til å finne noko du ikkje visste om? Eg gjer det. Det er umuleg her). Men viss du først er ute etter ein tittel du veit om kom på 90-talet, så viser det seg at kvaliteten på innskanninga er elendig. Ikkje minst i forhold til illustrerte verk er dette på skandalenivå.
Det verkar som Nasjonalbiblioteket trur at det å formidle er å sette bøker opp på ei bokhylle, som attpåtil er umuleg å finne fram i.
TCB
Stig Elvis Furset
"Bibliotekaren frå Helvete"
Eg er enig i det, Stig Elvis, at søkeverktya er svake. Ein må vite kva ein er på jakt etter, når ein skal slå opp i bokhylla.no. Eg sakna også ein funksjon for å bla gjennom hyllene.
Jeg syntes det er et flott tiltak(forbedringer kan de alltids gjøre etterhvert)! Takk for at du delte linken, bai!
Post a Comment