Det har slått meg at dette ordet pensum kan gjere noko med ein elles god roman. Det er eit ord som er med på å definere måten ein les på. Eg kan jo få boka til eksamen, og då må eg hugse detaljane. Eg må lime inn post-it-lappar i teksten, slik at eg finn dei viktige partia tilbake, når eg kanskje skal skrive om boka. Og eg må forsøke å tenke ut ein interessant måte å sette boka i eit teoretisk perspektiv på, som i tillegg kan vere originalt nok til at eg får ein god karakter. Dette er tankar som pregar lesinga.
Brannen av Tarjei Vesaas er eit eksempel på ei bok eg har lese to gonger, fordi ho har stått på pensumlist

Neste gong eg hadde boka på ei pensumliste, var eg litt tidlegare ute med å få tak i boka, og fekk bestillt bind 13 av Skrifter i Samling frå forlaget (så nå har eg 3 eksemplar av Isslottet, for å vere på den sikre sida). Eg hadde god tid til å lese historia om denne Jon som spring rundt i eit surrealistisk draumelandskap, og eg satt igjen med ei svært god lesaroppleving.
Etter å ha lese Brannen for andre gong, og funne ut at ho var verdt å lese likevel, har eg tenkt på dei andre bøkene eg ikkje har likt, som eg har hatt på pensumlista gjennom åra. Har eg ikkje likt dei fordi dei er pensum, og fordi eg ikkje har tatt meg god nok tid til å lese dei, eller har eg ikkje likt dei fordi eg ikkje likte dei? Eg trur at når eg har det travelt med å bli ferdig med ei bok, blir lesaropplevinga amputert av dette hastverket. Eg kan bli meir oppteken av kva for ei side eg har kome til og kor stor brøkdel dette er av heile boka, enn sjølve teksten. Og når dette skjer, mister eg ei viktig del av gleda ved å lese. I forlenginga av dette, kjem eit spørsmål om årsak og verknad. Mister eg gleda ved å lese fordi eg tel sider, eller begynner eg å telje sider fordi boka i utgangspunktet ikkje engasjerer meg?
Eg er litt skeptisk til å konkludere med at bøker som eg har vald å lese sjølv, når eg har god tid, er betre enn bøker som står på ei pensumliste. For eg har lese mange bøker som eg har likt veldig godt, til tross for at dei er pensum. Dersom det hadde vore klart definert at pensumbøker ikkje var gode, ville eg vel neppe ha halde ut med litteraturstudier så lenge som eg har gjort. Men eg trur eg kan konkludere med at det å ikkje ha vald å lese ei bok sjølv og i tillegg ha dårleg tid, kan vere med på å gjere at eg oppfatter ei elles god bok som ei dårleg bok.
4 comments:
Pliktlesning gjør helt klart noe med leseropplevelsen, det krever noe ekstra for å bli fanget av en tekst som man MÅ lese med en deadline for øye. Jeg har iblant lekt med ideen om å studere litteratur av et eller annet slag, men tanken på at lesning skal bli plikt heller enn lyst er en av hovedgrunnene til at jeg har valgt det bort.
Eg har behov for å pressisere at eg har hatt stor glede av litteraturstudiene mine. Gleda over å lese bøker og samtidig gjere det eg "burde" gjere, er større enn frustrasjonen over at lesing blir plikt. Likevel tenker eg på det innimellom.
Dette var et veldig fint innlegg, veldig interessant om det å lese fra en litteraturstudent! Jeg har alltid vært litt "misunnelig" på de som har studerer litteratur og kan lese romaner som en del av studiet, men jeg skjønner jo at det ikke alltid er så enkelt heller. Som økonomistudent kunne jeg stikke hodet ned i en selvvalgt roman når lærebøkene ble litt for kjedelig. Jeg husker tilbake til videregående og at man var litt skeptisk til romaner som stod på pensumlisten. Det tok mange år før jeg leste en bok av Edvard Hoem etter at vi ble pålagt å lese Ave Eva.
Her har du skrevet mye jeg vil skrive under på. Dette gjelder mange andre fag enn bare nordisk som jeg selv har mellomfag. Det er noe mystisk med ordet pensum. På en måte opphøyer det bøker, men samtidig har det en klang av press ved seg som tar bort noe av sjarmen. "Jenny" var en roman jeg leste med dårlig tid, men som likevel klistret seg fast og gjorde det klinkende klart hvorfor den stod på pensumlista mi. Takk for kommentar på kaka mi forresten!
Post a Comment