Aug 15, 2009

Tilbake frå ferie

Nå har eg hatt eit par vekers ferie. Først biltur i Norge, med stopp innom vakre Sunnmøre og hyttetur på fjellet. Så flytur til Riga. Vi har fått med oss nokre av dei obligatoriske turistsyna på turen, mellom anna eksosen frå cruiseskipa i Geiranger og Okkupasjonsmuseet i Riga. Men vi har slappa mest av og hatt mykje til til å lese bok i sofakroken på hytta eller på ein fortauskafè over eit glas kvitvin. For meg er det å kunne lese bok på kafè og drikke kvitvin på formiddagen, noko av det beste med det å ha ferie.

Eg hadde med meg fleire utlesne bøker heim frå tur, og eit av høgdepunkta var Per Pettersons Jeg forbanner tidens elv, som eg har hatt liggjande på nattbordet sidan desember.

Eg liker Per Petterson. Eg liker måten han skriv på. I denne boka møter vi Arvid som er 37 år og skal skiljast og den kreftsjuke mora hans. Forteljinga om Arvid veklsar mellom nåtid, som er 1989 og 15 år tidlegare, då han var kommunist og slutta å studere, og dermed gir avkall på den moglegheita mora aldri fekk, for å bli arbeidar begynne å jobbe på fabrikk. Han møter jenta med den blå frakken på tbanestasjonen på Økern, og historia om dei to er ei usentimental og nøkternt fortald historie om eit komplisert kjærleiksforhald.

Forhaldet mellom Arvid og mora er heile tida bakteppet for dei andre historiene Arvid fortel gjennom boka. Dette er eit forhald som både er anstrengt og nært på same tid. Eg er fascinert over korleis Petterson klarer å skildre dette komplekse forholdet. Først og framst er det Arvid som fortel si historie. Samtidig får vi som lesarar stadig ei forståing for mora sin synsvinkel, utan at denne blir eksplisitt presentert. Det som har hendt for femten år sidan og det som hender i 1989 blir fortald på ein enkel og rett-fram-måte. Hendingane i Arvid sitt liv blir dermed nærverande, men dei blir ikkje analyserte i hjel, slik eg ofte kan irritere meg over at hendingar i bøker om familiære relasjonar blir. På den måten overlater Jeg forbanner tidens elv mykje av arbeidet med å trekke konklusjonar og sjå samanhengar til lesaren. Eg liker dette.

1 comment:

Anonymous said...

Velkommen tilbake! Jeg likte også denne boka.