Eg les Rust av Pedro Carmona-Alvarez. Sjølv om eg seier at eg ikkje bryr meg om kritikarar, at eg vil gjere meg opp ei meining sjølv, kan eg ikkje unngå å leggje merke til at boka har fått sprikande omtaler. Mange seier ho er for mykje, eit heilt bibliotek, skreiv Dagsavisen, full av uredigert tekst. Bergens Tidende kaller ho "en svimlende god bok", "en bok du vil andre skal lese".Eg har passert side 200 i denne underlege mursteinen på over 700 sider. Eg både liker og ikkje liker boka. Det gjer at boka er underleg. Eg pleier å kunne gjere meg opp ei meining om ei bok. Men nå veit eg ikkje. Eg liker ho innimellom og innimellom liker eg ho ikkje. Dagsavisen har rett i at ho er mykje og omfattande. Bergens Tidende har rett i at ho er svimlande. Så langt ser det ut som ein godt fortald og svært detaljert oppvekstroman. Eg føler eg har lese dette før, om kameratgjengen frå Kolbotn som startar band. Likevel vil eg lese vidare. Det er noko som driv meg. Eg veit bare ikkje heilt kva.
Innimellom kjem det avsnitt som svarar til forventningane at Pedro Carmona-Alvarez skulle ha eit språk og eit uttrykk som var godt å lese. Som dette avsnittet her:
Dagen etter, på lørdagen, begynte det å regne. Og det fortsatte. Jeg mener ikke at det betyr noe, men som sagt, døden gjør oss alle så følsomme, dens berøringer er så lette, mer enn noe annet kjennes de som snitt, som papirkutt.
Jeg sier bare at det regnet, det er alt jeg sier.
Lørdagen regnet bort.
Søndagen likeså.
Tunge skyer. Tungt regn.
(s. 189)
Eg trur det er desse avsnitta som gjer at eg må lese vidare i boka.






