Jan 28, 2009

Er det meg det er noko gale med?

Nå sitter eg her og lurer på om det er noko alvorleg gale med meg og mi forståing av meg sjølv som litteraturstudent. Eg har alltid sett på meg sjølv som relativt veltilpassa. Eg kommuniserer godt med dei andre studentane og forelesarane på instituttet. Eg skriver oppgåver som får karakterar på øvste halvdel av karakterskalaen og eg har ei oppleving av at eg er sånn passe oppdatert på kva som rører seg innanfor fagfeltet. Eg trur eg kan passe mykje om dei mest sentrale teoretikarane, nok til å skjønne kva folk meiner når dei referer til dei i samtalar (det skjer ikkje så ofte), men ikkje meir enn at eg må slå opp i bøkene deira før eg kan skrive eit essay der eg sjølv brukar teoriane deira. Og det reknar eg som passeleg kunnskap. Sjølvsagt er det nokre teoretikarar eg kan meir om og ikkje minst, liker betre enn andre, men i det store og det heile trur eg eg har tilstrekkeleg god oversikt. Eg skriver også tilstrekkeleg gode tekstar om litteratur og er tilstrekkeleg godt oppdatert på kva som rører seg på i dei litterære områda for tida. Eg trur i alle fall det sjølv, og eg forsøker så godt eg kan å følgje godt nok med.

Men den siste tida har eg begynt å tvile litt på mi forståing av meg sjølv som ein tilstrekkeleg gjennomsnitteleg litteraturstudent. Den siste tida har eg nemleg lese to romanar der eg har møtt andre litteraturstudentar.

Den første romanen eg snakkar om er Charlotte Isabel Hansen av Tore Renberg. Her møter vi Jarle Klepp som blir framstilt som ein gjennomsnitteleg litteraturstudent, og eg leser:

"Da Jarle viste hvor hun skulle sove, det han kalte "rommet ditt" ble Lotte taus. På gulvet inne på det lille kontoret lå en gammel madrass. Rommet luktet gammel nikotin selv om han hadde luftet i flere dager. På veggen hang en plakat av en skranglete Giacometti-figur, som Jarle la merke til at jenta syntes var skummel. Ved siden av hang en plakat av Blur som viste glefsende hunder i sprang. Og på døra hang et stort portrett av Teodor W. Adorno. Ved siden av pc-en sto et innrammet portrett og da Charlotte Isabel spurte om det var faren til Jarle eller noe, måtte han medgi at nei, det var det ikke; det er en mann som heter Marcel Proust".
(s. 89)

Då eg las dette avsnittet, rista eg litt på hovudet og tenkte at det er vel ingen som har eit portrett av Adorno på ein plakat på rommet sitt. Eg trur til og med at eg syntest det var så far out at eg kommenterte det i blogginnlegget om denne boka. Men så jobbar eg meg vidare gjennom mitt noko forseinka forsøk på å halde tritt med bokhausten, og kjem til Gunnhild Øyehaugs Vente, blinke, som eg framleis held på å lese. Her møter vi litteraturstudenten Sigrid, og det er når eg leser om henne eg lurer på om det er noko gale med meg:

"Her sit ho, på rommet sitt, med ei bok i hendene. Her sit ho: på veggen framfor henne heng eit bilete av Paul de Man, ein belgisk litteraturteoretikar, på veggen ved sida av henne heng ein spegel som ho kan sjå seg sjølv i, på skråveggen bak henne er det klistra opp eit bilete av van Gogh sine solsikker, som betyr noko for henne, og i hendene held ho ei bok."
(s.21)

Det store sjølvransakande spørsmålet som dukker opp hos meg etter å ha lese desse to bøkene, er korleis kan eg sjå på meg sjølv som ein alminneleg, tilstrekkeleg og tilfredsstillande litteraturstudent, når eg ikkje har eit bilete av ein litteraturteoretikar på veggen over skrivebordet mitt?
For å bøte litt på dette, er det på tide at eg spanderer litt plass her i bloggen min til to av dei litteraturteoretikarane eg ser på som viktige i mitt arbeid.

Til venstre: Hans Ulrich Gumbrecht (1948-)
Biletet er lånt frå Stanford si side om Gumbrecht.
Til høgre: Maurice Merleau-Ponty (1908-1961)
Biletet er lånt frå the iep si side om Merleau-Ponty.














Desse to litteraturteoretikarane er viktige fordi dei er opptekne av det kroppslege og det sanselege i litteraturen. Gumbrecht kritiserar den vestlege metafysikken for å vere for fokusert på å leite etter meining i kunsten, til at det reine nærveret kjem fram. Gjennom å fokusere på nærver, altså dei intense augeblikka av oppleving som ein opplever i møte med objektet eller teksten, vil ein ikkje lengre bare vere oppteken av å leite etter det som er under overflata, men også i stand til å oppleve det som overflata er. Dette kan ein lese meir om i boka Production of Presence. What Meaning cannot Convey. Merleau-Ponty er oppteken av måten vi sansar verda på. Han ønsker å sjå på ein opprinneleg måte, slik at ein kan sjå verda slik ho er. Dette eksemplifiserar han med malaren, som ser på tingen for å gjenskape han og dermed må ha eit blikk for tingen slik han er. Kvardagsmennesket ser oftast på tingen for å kjenne han igjen og for å skape ei meining og sette tingen inn i ein samanheng. Dersom vi ser med dette hastverket etter å skape meining, vil vi ikkje sjå tingen på same måten. Dette kan ein lese meir om i The Phenomenology of the Perception.

Eg synes det er fint å lese med sansane av og til, å bare oppleve teksten og ikkje alltid skulle leite etter meining og tolke verkemiddel. Nokre gonger kan dette å skulle tolke og forklare teksten øydeleggje heile stemninga i teksten.
Eit dikt eg synes det er fint å lese med sansane, utan å skulle tolke hente så mykje meining ut i frå, det er

Rolf Jacobsen: "Signaler" (Jord og jern, 1933)

Det er ikke
bilhjulets smatt over regnvåt asfalt
som er byens signaler.

Det er ikke
melkevognenes gniss mot fortaugskanten
i overskyede morgener. Pilende tog.

Det er ikke
lysreklamenes stille flam-flam
over de levende elver
eller buelampenes glitrende
perlebånd.

Ikke glassets klirr
i store larmende restauranter.
Dampskibenes rå tut på havnen,
to korte og et langt, to korte og et langt.

Det er ikke natt-trikkens
døvende sang mot gater du ikke kjenner.
Saksofonen i femte etasje.

Nei -
Byens signaler,
byens jagende pulsslag
vil du fornemme en natt: -
den natt
du første gang
går ensom og uten håp, -
stige som gjaldende hån bak dig
fra gatenes sten:
- Dine egne klaprende fottrin.

Her er så mange flotte lydar, som eg synest det er fint å bare lytte til, medan eg les diktet.


4 comments:

Aina Basso said...

Nei, eg trur ikkje det er deg det er noko gale med. Eg er historikar, men eg har aldri hatt nokon plakat med bilete av store historikarar eller historiske hendingar på veggen. Eg seier ikkje at det ikkje finst dei som har det. Men eg har aldri hatt det. Og eg tenker at det er eit sunnheitsteikn. Verda og livet er trass alt meir enn dette eine faget.

Bai said...

Det er beroligande. Eg skal ikkje henge opp bilete av litteraturteoretikarar, og sjå på meg sjølv som sunn :-)

Janicke said...

Det finnes altfor mange selvhøytidlige og småpompøse personer innenfor akademia! Og de to eksemplene du trekker frem er så utrolig typiske. Folk snakker ikke selv, men gjennom teorier de kan litt om, det er masse namedropping hele veien. Men jeg tror det er litt på vei ut, jeg blir hvertfall optimistisk av å lese Uri og Langeland, og til dels Hjort (Hjulskift) Endelig noen som kritiserer åndssnobberiet! De representerer en ny generasjon akademikere som har et skrått blikk på selvhøytidligheten.

Det er ikke noe galt med deg - og du skriver veldig bra om de teortikerne du støtter deg til!!

Bai said...

Sidan eg lo godt av Uri, tek eg deg på ordet. Eg har nå bestilt "Francis Meyers lidenskap".

Eg kjenner det er litt deilig å ha blitt vaksen nok og trygg nok til å kunne gjennomskode det pompøse. Då eg var yngre og meir usikker kjende eg meg dum i møte med slike folk, nå ler eg av dei. Og det er litt godt.

Takk for at du ler med meg, Janke.