Jan 30, 2009

Tilgjengeleg for flest mogleg?

Hovudstyreleiaren i SiO, Egil Heinert, stemmer mot bruk av norsk som akademisk språk under denne veka sitt møte i studentparlamentet, melder Universitas denne veka.

"- Jeg er generelt for ett verdensspråk: Det er engelsk, etter dagens forhold. Og jeg skjønner ikke hvorfor vi absolutt skal prøve å bevare norsk som akademisk språk, sa Heinert."

Stadig fleire argumenterer mot at vi skal ta i vare det norske språket i akademia. Masteroppgåver skal skrivast på engelsk for å vere tilgjengelege for fleire, for å passe inn i den internasjonale forskninga og for at ikkje vi nordmenn skal sitte igjen, isolerte i eit hjørne av verda.

På vegne av kven er det eigentleg Heinert taler?
Heinert representerer Sosialdemokratene og den første setningen i deira partiprogram lyd slik:

"Det er et grunnleggende krav at alle skal ha samme mulighet til å ta høyere utdanning, uavhengig av økonomisk evne, fysisk/psykisk evne eller sosial bakgrunn. Sosialdemokratene mener derfor at høyere utdanning er et offentlig ansvar. Vi mener dette er en rettighet, og ikke et gode du må være heldig å få. Utdanning er et felles gode og skal være gratis og tilgjengelig for flest mulig."

Eg har høyrd mange studentar på lågare nivå kvie seg for å melde seg opp til eit emne kor det er mykje engelsk pensum som skal lesast, fordi dei fryktar at dette vil vere vanskeleg og at dei ikkje vil lære like mykje som dei ville gjort dersom pensum var på norsk.
Dersom alle masteroppgåver og vitskapelege artiklar innanfor norsk akademia skal skrivast på engelsk, trur eg dette vil føre med seg to konsekvensar. For det første vil fagstoffet bli mindre tilgjengeleg, fordi mange opplever engelsk som eit tyngre språk, som det tek lengre tid å lese. For det andre vil fleire frykte at dei ikkje skal beherske språkkrava tilstrekkeleg, og terskelen for å melde seg opp til eit masterprogram, som er høg nok allereie, vil bli betydeleg høgare.
Dei opplevde språkbarriærene vil truleg redusere i kor stor grad den høgare utdanninga er tilgjengeleg for flest mogleg.

Eit rikare språk
Eit av argumenta for auka bruk av engelsk i forskning handlar om at engelsk er "eit rikare språk" enn norsk. Samtidig er det stor forskjell på kva ein person klarer å lese på eit frammandspråk og kva ein person klarer å skrive, dette kallast som oftast passivt og aktivt ordforråd. Ein kan forstå langt meir enn ein klarer å uttrykkje.
Dersom ein har eit gjennomsnitteleg høgt aktivt ordforråd på engelsk, vil det å skulle skrive ei avhandling på engelsk snarare vere hemmande enn berikande, til tross for at engelsk er eit språk med større samla ordmengde. Dette fordi mesteparten av dei engelske glosene, som gjer engelsk til eit rikare språk, ikkje er ein del av den gjengse studenten sitt aktive ordforråd. Eg trur ikkje at ein norsk masterstudent vil vere i stand til å gjere nytte av det store ordrikdommen i det engelske språket, på same måten som han vil kunne gjere nytte av ordrikdommen i sitt eige morsmål.

Stimulering av omsetting og valfridom
I staden for å belaste studentar som ønskar å ta vare på sin norske identitet med krav om å uttrykkje seg skriftleg på engelsk, bør leiinga på universiteta heller stimulere til omsetting av dei avhandlingane det er aktuelt å publisere på engelsk, gjennom til dømes bruk av stipend. Då kan dei som ønsker å skrive avhandlinga si på engelsk gjere det, utan at det blir eit krav som gjelder alle.

Målet med forskninga?
Det er trass alt eit fåtal av norske universitetsstudentar som har eit ønske om å skrive ei masteroppgåve som skal lesast i utlandet. Det er dei færraste studentane som har ambisjonar om å ta Ph.D ved eit amerikansk universitet, og dermed treng at masteroppgåva deira er skriven på engelsk. Skulen skrik etter kvalifiserte folk. Skal vi stoppe folk som ønsker å bli lektorar får å tilegne seg den djubdekompetansen ei mastergrad gjev, med eit krav om at oppgåva skal skrivast på engelsk?

Eit ulese bibliotek
I andre etage på Universitetsbiblioteket i Oslo er står det eit uvisst antal hyllemeter med hovudfag- og masteroppgåver. Dei færraste har blitt lesne, etter at sensor la dei frå seg. Her er det mykje godt stoff som står og støvar ned. Dei akademiske krava til ein tekst er allereie ein av grunnane til at desse tekstane, som forfattarene har brukt mykje tid på å arbeide med, ikkje blir lesne av fleire. Det er ingen rimelege grunnar til å tru at fleire ville ha lese desse arbeida dersom dei var på engelsk, snarare tvert om.
Gjennom publikasjonar som Årbok for litteraturstudier og tilsvarande på andre fagområde, jobbar studentar med å publisere masteroppgåver i forkorta utgåver, som artiklar eller essay, nettopp for at dei skal bli lese av nye grupper og for å auke tilgjengeligheita i tekstane.
Det er trist å sjå at Sosialdemokratene sin øvste talsmann for studentane arbeidar i mot dette ønsket om å auke lesarkrinsen til dei akademiske arbeida.

2 comments:

Anonymous said...

Det første som slo meg var "Hva med alle de med lese- og skrivevansker?" Det er mange som sliter nok med norsk, uten at dette betyr at de er mindre intelligente av den grunn. Hårreisende om vi ikke bevarer norsk som akademisk språk, spør du meg.

Bai said...

Ja, det vil vere tragisk om dei skal få gjennomslag for dette. Det vil redusere tilgangen til høgare utdanning betydeleg, og det vil vere eit ledd i ei skremmande utvikling.