Jan 9, 2009

Tore Renberg

Charlotte Isabel Hansen
Oktober 2008
354 sider




Charlotte Isabel Hansen var den einaste boka på juleønskelista mi, som eg fekk. Eg har gleda meg til å lese denne boka, fordi eg har vore spent på korleis det gjekk med Jarle Klepp, den unge, usikre, leitande, men samstundes impulsive, ernergiske og til tider uheldige tenåringen frå Mannen som elsket Yngve og Kompani Orheim. Eg har gleda meg litt for mykje, skjønner eg, eg har latt fallhøgda bli for stor. Og eg må seie meg einig med Marita Norheim i NRK som anmelder boka under overskrifta "Nedtur med Jarle Klepp". For eg blei skuffa. Som Norheim skriver i denne anmeldinga:

"Der ”Mannen som elsket Yngve” var morosam, er ”Charlotte Isabel Hansen” parodisk. Der ”Kompani Orheim” var gripande, er ”Charlotte Isabel Hansen” sentimental. Der dei to andre bøkene var visuelle, tangerer denne manus i ein slap-stick-komedie. Ikkje eit vondt ord om verken parodiar eller sentimentalitet eller slapstick i og for seg, men her tek det brodden av historia."

Jarle er 25 år gammal litteraturstudent i Bergen. Han har eit utelukkande fysisk forhold til Herdis Snartemo, rettleiaren hans Robert Göteborg meiner at han jobber med eit lysande hovudfagsprosjekt om onomastikken i Marcel Prousts forfattarskap og på fritida drikker han stort sett øl med studiekameratane Hasse Ognatun og Arild Bømlo. Det er vanskeleg å la vere å trekke parallellar til Ask Burlefot si studietid i Bergen, men eg vil seie at Mykle sin roman er langt meir vellukka. Det blir for eksempel litt påtrengande, korleis denne litteraturstudenten som jobbar med namnebruk hos Proust bare omgås folk som er oppkalla etter plassen dei kjem i frå. Når han i tillegg får ei dotter med namnet Hansen og bruker mykje plass på å reflektere over kor "alminnelig" dette namnet er, blir forsøket på å skape og skrive fram ein intertekstuell analogi, som ikkje fungerer, veldig påtrengande. Det same er Adorno og Derrida, som henger på veggen på det rommet Jarle donerer til den 7-år gamle jenta si, dei blir påtrengande i romanen. Og dei blir ikkje mindre påtrengande av at Jarle innser at han må bli ein god far, og bytter ut Adornoplakaten sin med ein Spice-Girl-plakat.

Sjølvsagt er det ikkje lett å plutseleg få vite at ein har ei 7 år gammal dotter, i ein alder av 25 år. Dette tar på og Jarle gjer ganske mykje dumt, før han mot slutten av romanen gjev lesarane håp om at han ikkje kjem til vere ein slik far som den vi blei kjent med i Kompani Orheim. Boka har ein optimistisk, og delvis rørande slutt, men likevel er heilskapsinntrykket at ho er litt for platt.

Jarle er til dels den same gamle, den litt korttenkte og egoistiske, men likevel gode guten som han var i tenåra. Men i Mannen som elsket Yngve og Kompani Orheim gjer han ein sympatisk figur, trass i dei noko uheldige episodane han rotar seg borti. Som lesar får eg ikkje same sympatien for han i Charlotte Isabel Hansen. Sjølvsagt var det episodar eg humra litt av innimellom, Renberg har ikkje mista humoren sin, men totalt sett sakna eg noko av den gode stemninga frå dei tidlegare bøkene om Jarle. Som også Norheim har peika på, det blir for parodisk og for sentimentalt.

Tore Renberg har jo vist at han kan, tidlegare, men eg synes denne siste Jarle-boka blei eit uheldig forsøk på å strekke Mannen som elsket Yngve- suksessen litt i lengste laget.

1 comment:

Solgunn said...

Heisann, fant bloggen din på Knirk sine sider, og har nå lagt din blogg til mine sider :-)
Jeg er ganske enig med deg når det gjelder Charlotte Isabel Hansen, men jeg er nok enda mer skuffet enn deg. Jeg syns det ble en stor nedtur, og var fra meg av irritasjon store deler av boka. Den er navlebeskuende og samtidig helt uten logikk. Hvilken mor vil vel sende sin lille datter alene for å møte en far hun ikke kjenner? Og etter en uke er vi alle så gode venner? Nei, dette var ikke en god bok!