May 18, 2009

Jorda rundt på 8 bøker: En dag i Ivan Denisovitsj liv av Aleksandr Solzjenitsyn

Jorda rundt på 8 bøker starter i Aust-Europa, og eg har vald å lese En dag i Ivan Denisovitsj liv denne månaden. Dette er ei av dei mange bøkene eg lenge har tenkt på at eg skulle ha lese.

Sidan det framleis er mai ei stund til, skal eg ta meg ein tur på biblioteket og sjå om eg får tak i Kafkas Forvandlingen også, og forlenge opphaldet i Aust-Europa med denne.

Men først, litt om En dag i Ivan Denisovitsj liv.

En dag i Ivan Denisovitsj liv
Aleksandr Solzjenitsyn
USSR 1962
Oversatt av Natalia Fredriksen
Tiden Norsk Forlag 1963
214 sider

Ivan Denisovitsj Sjukhov er dømd til ti års straffearbeid i ein russisk fangeleir, etter å ha blitt anklaga for spionasje. En dag i Ivan Denisovitsj liv er historia om ein dag i denne fangeleiren, frå morgonrevelja til sola går ned.

"Klokka fem klang som alltid reveljen - hammerslag mot en skinnestump utenfor stabsbrakka. Kimingen trengte svakt inn gjennom det fingertjukke rimlaget på rutene og stilnet snart. Vokteren var ikke lysten på å slå lenge i denne kulda."

Første avsnittet i boka presenterer lesaren for den uuthaldelege kulda, voktaren og brakkene fangane bur i. Vidare gir boka detaljerte skildringar av livet til fangane sett gjennom Sjukhovs auge. Desse skildringane er til tider i overkant detaljerte for min smak, arbeidet fangane gjer blir for eksempel gjenfortald på eit slikt detaljnivå at det nesten blir litt langdrygt. Samtidig er kanskje dette eit poeng i seg sjølv, murararbeidet Sjukhov gjer denne dagen er langdrygt og hardt i den uuthaldelege kulda. Mykje av dagen til Sjukhov og dei andre fangane går med på å finne på små ting han kan gjere for å gjere dagen lettare og sikre seg goder. Ved å vere hjelpsom og vennleg mot dei rette personane, kan han kanskje skaffe seg ein ekstra porsjon suppe eller brød i løpet av dagen.

Eg lar meg imponere over den usentimentale og nøkterne tonen i forteljinga. Sjukhov ser ikkje på seg sjølv som eit offer, til tross for at han blir drive til slavearbeid i fleire titals minusgrader. Han tar sjølv ansvar for å gjere det beste utav akkurat denne dagen, og denne grunnleggjande haldninga til livet er beundringsverdig. Eg er vanlegvis ikkje så veldig glad i å trekke inn biografiske element frå forfattaren sitt liv i lesinga av bøker, men i forhold til En dag i Ivan Denisjovitsj liv klarer eg ikkje å sjå vekk i frå at denne romanen er basert på forfattaren sine eigne erfaringar frå straffearbeid i fangeleir. Den grunnleggjande positive haldninga til Ivan Denisovitsj gjer romanen til ei sterk lesaroppleving, og lesaropplevinga blir endå sterkare sett i lys av forfattaren si eiga historie.

3 comments:

Anonymous said...

Hei! Fint - dette er et forfatternavn jeg bare har hørt om, men ikke har visst noe om. Nå vet jeg bittelitt mer. Takk!

Solgunn said...

Jeg leste denne boken for mange år siden. Den er veldig godt skrevet og moromst at den er med på jorda rundt turen :-)

L. said...

Jag har också just skrivit om denna bok, och kan hålla med om att vissa partier blev långtråkiga, men precis som du säger så bidrar det till förståelsen av fångvardagen.

Jag kan också tänka mig att en fånge som är såpass berövad på sinnes-stimulans ägnar sig åt att registresa detaljer för att ha något att göra, som en sorts simpel underhållning?