May 4, 2009

Mai-lesing

Eg har mange leseplanar for mai, etter å ha meldt meg på fleire leseutfordringar saman med dei andre bokbloggarane.

Eg skal lese månadens lesesirkelbok, Fluenes herre av William Golding. Denne har eg lenge hatt på den mentale vil-lese-lista mi, så eg er veldig glad for at nokon andre har bestemt meg for å lese ho denne månaden.

Eg skal også lese En dag i Ivan Denisovitsjs liv av Alexandr Solzjenitsyn, som er ei reise til Aust-Europa med Lyrans "Jorden rundt på 8 bøker".

Og sist men ikkje minst skal eg lese månadens nobelprisvinnar, Harold Pinter. For nokre dagar sidan fekk eg eit nyheitsbrev frå Nationalteateret, kor det står at dei skal sette opp Hjemkomsten med premiære 22. mai. Så eg vil forsøke å både lese og sjå dette stykket. Det er noko spesielt med det å sjå eit stykke på teater, like etter at ein har lese dramaet. Det blir som å få oppleve teksten frå to ulike perspektiv. Og det liker eg.

3 comments:

Lille søster said...

Så fint å kunne se et stykke av Pinter akkurat nå! Jeg har såvidt begynt å lese litt av ham. Kommer tilbake til det i bloggen min senere.

Janicke said...

Jeg er med på å lese Pinter - han har jeg til gode. Gleder meg!
Fluenes herre var fryktelig - lykke til hvis du ikke har lest den før - du risikerer en sommer-depresjon :-)

Bai said...

Takk for åtvaringa, Janke. Eg er faktisk meir bekymra for fæle bøker i vinterhalvåret, når det er mørkt, enn dei lyse sommarkveldane. Eg trur eg toler meir når det er lyst ute :-)

Så bra at vi blir mange Pinterlesarar!