May 17, 2011

Eit nasjonaldagsinnlegg, i all hast


Det burde ha ringt ei bjelle, då alle bloggane eg abonnerer på og alle mine bekjente på facebook skreiv om ferdigstrykne bunadsskjorter og ferdigbakte kaker i går. Og likevel står eg her i dag, med krøllete skjorte og kakeingrediensene liggjande kvar for seg i kjøleskapet.

Som de sikkert skjønner, blir det ingen bilete av ferdigpynta festbord her. Det er godt eg ikkje skriv ein interiørblogg, det kunne fort ha blitt stusseleg. Heldigvis skal vi bort om nokre timar, så eg er ikkje så bekymra for det festbordet. Det viktigaste er å få bakt kaka som eg har lova å ta med til selskapet.

I år droppar vi å ta turen ned til Oslo sentrum, til Karl Johan og til Slottsplassen, og nøyer oss med bileta på tv. Det er mykje folk i byen, og med dårlig rygg, er det ikkje noko særleg å gå i kø på bunadskor utan demping. Derfor blir det 17.mai-tog på NRK til morgonkaffien i år - og ein roleg morgon på 17. mai - det er kanskje eit av privilegia med å ikkje ha forventningsfulle ungar i hus. Men nå er det tid for å stryke skjorter og flagg og få kaka inn i ovnen. Det blir heilt sikkert ein fin dag, sjølv om ingenting var klart, kvelden før.

Gratulerer med dagen og ha ein god 17. mai, kjære lesarar!


"Millom bakkar og berg"
av Ivar Aasen

Millom bakkar og berg ut med havet

heve nordmannen fenget sin heim,

der han sjølv heve tufterna gravet

og sett sjølv sine hus uppå deim.


Han såg ut på dei steinutte strender

det var ingen, som der hadde bygt.

"Lat oss rydja og bygja oss grender,

og so eiga me rudningen trygt".


Han såg ut på det bårutte havet;

der var ruskutt å leggja ut på;

men der leikade fisk ned i kavet,

og den leiken den vilde han sjå.


Fram på vetteren stundom han tenkte:

Giv eg var i eit varmare land!

Men når vårsol i bakkarne blenkte,

fekk han hug til si heimlege strand.


Og når liderna grønka som hagar,

når det laver av blomar på strå,

og når næter er ljosa som dagar,

kann han ingenstad vænare sjå.


2 comments:

Marianne said...

Det blir aller best når ingenting er planlagt ;-) Gratulerer med dagen! Den blir garantert fin uansett :-)))

Kristin H said...

Gratulerer med dagen! Og ja takk til Ivar Aasen!