May 15, 2011

Lyrikk på ein søndag - Norge

Sidan responsen var god på forrige innlegg, går eg i gang med ein ny runde med søndagslyrikk. Sidan denne runden blir geografisk organisert, har eg bytta ut bokstavane med ein globus.

For å klargjere konseptet for eventuelle nye deltagarar, begynte "Lyrikk på ein søndag"-postane med at eg fekk eit innfall om å lage oppgåver til alle bokstavane i alfabetet og poste dei her på søndagar. Stadig fleire deltakarar har komme til, og om de trykker på fana med "Lyrikk på ein søndag" finn de lenke til alle postane mine. Derifrå kan de, gjennom kommentarfeltet, finne fram til svært mange spennande dikt. Om du har lyst til å vere med på denne reisa, er det bare å svare på spørsmålet i eigen blogg og leggje igjen ein kommentar, slik at vi andre finn posten din. Ta gjerne med deg "logoen" også, om du vil.

Eg var litt usikker på kor eg skulle begynne. Etter å ha tenkt meg litt om kom eg fram til at sidan det er 17. mai denne veka, passar det eigentleg bra å begynne med Norge.

Og oppgåva som kjem til å gå igjen i møte med dei ulike landa, framover lyder som så:
Presenter eit dikt av ein norsk diktar og fortel oss litt om diktaren.

--------------

Det nærmar seg 17. mai, og ingen diktar er vel meir naturleg å tenke på i desse tider, enn sjølve 17. mai-faren, Henrik Wergeland (der fekk eg lurt inn w-en også!). På barneskulen lærte vi at han hadde skrive "Ja vi elsker" og at han var veldig glad i barn og ville at alle barn skulle gå i tog og feire at vi var blitt lausrivne frå Danmark i 1814. Men viss vi ser nærmare på korleis han presenterer seg sjølv, skjønner vi jo at han hadde ei voksen side også. Han var ein kranglefant. Han krangla med Johan Sebastian Welhaven og med Morgenbladet (og ganske mange andre). Riktignok meiner han sjølv at han ikkje er i slet lune, når han kjeftar på journalistane i Morgenbladet:
Som insektets stikk i
muslingen, avler
fornærmelser kun perler i mitt
hjerte.
De skulle engang pryde
min ånds diadem.
Er det ikkje ein fantastisk, pompøs arrogans over ei slik utsegn?

Det er vanskeleg å velje ut eit Wergelands-dikt og presentere det. Men til slutt blei det eit dikt eg har lese mange gonger før, men som eg likevel stopper opp ved kvar gong. Det blir fortald at han skreiv dette på dødsleiet, til blomen, gyldenlakken som veks utføre vinduet hans. Og det er fullt av dei flotte naturskildringane, som er så mykje meir enn naturskildringar, som Wergeland er så kjend for.

"Til min Gyldenlak" (1845)

Gyldenlak, før du din glans har tapt,
da er jeg det hvorav alt er skapt;
ja før du mister din krones guld,
da er jeg muld.

Idet jeg roper: med vindvet opp!
mitt siste blikk får din gyldentopp.
Min sjel deg kysser, idet forbi
den flyver fri.

To gange jeg kysser din søte munn.
Ditt er det første med rettens grunn.
Det annet give du, kjære husk,
min rosenbusk!

Utsprungen får jeg den ei å se;
thi bring min hilsen, når det vil skje;
og si, jeg ønsker, at på min grav
den blomstrer av.

Ja si, jeg ønsker, at på mitt bryst
den rose lå, du fra meg har kyst;
og, gyldenlak, vær i dødens hus
dens brudebluss!Gyldenlak, før du din glans har tapt,
da er jeg det hvorav alt er skapt;
ja før du mister din krones guld,
da er jeg muld.

Idet jeg roper: med vindvet opp!
mitt siste blikk får din gyldentopp.
Min sjel deg kysser, idet forbi
den flyver fri.

To gange jeg kysser din søte munn.
Ditt er det første med rettens grunn.
Det annet give du, kjære husk,
min rosenbusk!

Utsprungen får jeg den ei å se;
thi bring min hilsen, når det vil skje;
og si, jeg ønsker, at på min grav
den blomstrer av.

Ja si, jeg ønsker, at på mitt bryst
den rose lå, du fra meg har kyst;
og, gyldenlak, vær i dødens hus
dens brudebluss!


Det gjekk litt fort i går, og eg skjønner at barnelærdommen ikkje sitt heilt spikra. "Ja vi elsker" er sjølvsagt skriven av Bjørnstjerne Bjørnson.

13 comments:

Elin said...

Flotte greier. :)

Forresten liker jeg veldig godt den nye "looken" til bloggen din. :)

Unknown said...

Hei! Så koselig å lese kommentaren på bloggen min! *smil* Nå har jeg lagt meg til som følger for å holde styr på deg, hehe. Blei veldig nysgjerrig på hvem vi kjenner begge to, jeg?! Tell me, tell me!!

Bai said...

@Elin: Den gamle bloggtemplaten krasja då eg fikla med han, så då blei det ny look. Og eg liker eigentleg den litt stilreine varianten betre, sjølv.

@Karianne: Eg fann jo bloggen din fordi du allereide fulgte min. *forvirra*

Unknown said...

Hm. Jeg la meg da til som følger nå, uten de store protester fra blogger. Men så er blogger til tider ganske kokkeliko..!! Aha, Gravem kjenner jeg godt. Elin og jeg er gamle leirbuddies. Hehe. Åssen kjenner du dem??

torbjørn hauken said...

Kjekt, jeg har valgt på øverste hylle. Og bloggen din er mye stiligere nå ja - omtrent som før du for en stund var ganske kniplingspreget!

Bai said...

@Karianne: Vi har gått på skule saman og delt leilighet og litt sånt forskjellig. Eg har møtt deg også.

@Torbjørn: Eg falt jo litt for dei kniplingane, dei var liksom så annleis. Men eg blei litt lei også, etterkvart. Eg spring inn på bloggen din for å sjå kva du har skrive.

Unknown said...

Næh?! Har vi?! Når da??

Bai said...

Det var jo derfor eg kjende deg igjen på bileta i bloggen din ;)

Unknown said...

Aha! Dette blir morsommere og morsommere *fnis* Hvor er det bilde av deg a?? Hehe

Bai said...

Ikkje her i alle fall. På facebook.

Ingrid said...

Nu har jag lagt upp mitt bidrag- en känd dikt som jag känner väldigt starkt för.
http://ingridsboktankar.blogspot.com/2011/05/lyrik-pa-en-sondag-forsta-anhalten-pa.html

annkolaas said...

Er det ikkje Bjørnstjerne som har skrevet "Ja, vi elsker" da? ;)

Bai said...

Jo, Lena! Sjølvsagt er det det! Eg var litt stressa i går...