Apr 6, 2009

Tematrio - Deckara (eller krim, på godt norsk)

Forrige veke starta Lyran, skribenten bak bloggen Lyrans Noblesser, opp ein tematrio. Kvar veke stiller ho eit spørsmål, kor vi lesarar skal kåre våre topp-tre forfattarar eller bøker innafor denne kategorien.

Forrige veke var det nobelprisvinnarar. Ikkje bare fekk eg mange gode lesetips, men på deltakarlista var det også mange nye, spennande bloggar eg kunne besøke. Så dette synest eg var eit svært godt initiativ frå Lyran.

Eg hadde store forventningar då eg stod opp i dag, og var rask med å finne ut kva som var denne vekas tematrio. Spørsmålet Lyran stiller i dag er:

"Vilka är dina tre favoritdeckare? Presentera en bok, författare eller romanfigur."

1. plassen går til krimdronninga over alle, nemleg Agatha Christie, med romanfiguren Miss Marple. Miss Marple er mi absolutte favoritt-krimheltinne, der ho sullar rundt, går i vegen, irriterar etterforskarane og til slutt løyser saka. Eg liker denne gamle dama. Også liker eg den koselege, litt gammalmodige og saktegåande britiske krimmen godt.

2. plassen går til P. D. James og Dalgliesh. P. D. James. Også her snakkar vi om saktegåande britisk krim, sjølv om handlinga ligger litt nærare oss i tid.

3. plassen er eg litt usikker på. Eg er ikkje overbeigeistra for moderne krim. Det kan vere underhaldande nok, men det er noko med det liksom-realistiske miljøet som blir fyllt med superheltar, action og dramatikk, som eg ikkje klarer å trivst hundre prosent i. Men til tross for dette har eg sansen for Harry Hole, Jo Nesbø sin alkoholiserte politietterforskar. Eg liker denne figuren såpass godt at han fortener den tredje prisen.

5 comments:

Lille søster said...

Vi har jo nesten identiske favoritter!! (1 og 2)

Lyrans Noblesser said...

Jag tycker också om brittiska deckare, gärna Elizabeth George.

Ingrid said...

PD James är en fjärde av mina favoriter- är mycket förtjust i hennes Adam Dalgliesh! Nesbö har jag inte läst men det ska jag se till att göra!!

Bai said...

Elizabeth George har eg faktisk ikkje lese endå. Det må eg hugse å gjere - eg har jo sett Lynley på TV, så eg har tru på henne.

Det er dei britiske forfattarane som fortener å bli kåra. Jo Nesbø har eg bare tatt med, fordi eg trengte ein tredje til trioen. Det er underhaldande, men langt frå dei britiske heltane mine.

Paperback Lover said...

Jag ska läsa den första av Nesbø i påsk - Fladdermusmannen!