Mar 8, 2011

Dei beste kvinnene


Det er 8. mars, kvinnedagen, ein dag eg vil markere med å trekke fram nokre kvinnelege forfattarar eg meiner fortener å bli lagt merke til i det store mylderet. For meg er dette kvinnelege forfattarar, altså damer som fortener å bli lesne, ikkje bare fordi dei er damer, men fordi dei har skrive gode bøker.

I vilkårleg rekkefølgje vil eg trekke fram dei kvinnene eg meiner er flinkast til å skrive:

  • Ingeborg Bachmann. Her har eg omtalt diktsamlinga Böhmen ligg ved havet.
  • Cora Sandel. Forfattar av ei av favorittbøkene mine, Kranes konditori og den svært gode Alberte-trilogien.
  • Sigrid Undset. Ho treng kanskje ikkje ein nærare introduksjon, men Jenny er ein stor favoritt for meg.
  • Bergljot Hobæk Haff. Forfattar av Skammen og Renhetens pris.
  • Dorris Lessing. Forfattar av The grass is singing og ei rekke andre bøker.
  • Helle Helle, den dyktige, danske kvinna som skriv om kvardagar på ein måte ingen andre har skrive om kvardagar, blant anna i Hus og hjem og Rødby-Puttgarten.
  • Irène Némirovski, som har skrive Storm i juni, ei bok som har gitt meirsmak.
  • Siri Hustvedt som fortener ei plassering på ei kvar favorittliste, med bøkene What I loved, The Blindfold og Sorrows of an American.
  • Karin Boye, for dei mange vakre dikta ho har skrive.
  • Sara Stridsberg, for Drömfakulteten og den sterke lesaropplevinga denne boka gav.
  • Sofi Oksanen, for Utrenskning. Og for ein svært god kronikken i Dagbladet i dag.
  • Selma Lagerlöf, sjølvsagt. For Keiseren av Portugalia, Gösta Berlings saga og så mange fleire gode bøker.
  • Sylvia Plath, for dei mange, nydelege dikta ho har skrive.
Kven meiner du er dei beste kvinnelege forfattarane?

10 comments:

Kristin H said...

Nydelig liste! Gratulerer med dagen!

Anonymous said...

Gratulerer med dagen. Doris Lessing har du nevnt ja, jeg er glad i Kate Morton - hun er av en lettere type - og så er jeg glad i Robin Hobb og Trudi Canavan innefor fantasysjangeren. Carol Shields! Alice Hoffman! Margit Sandemo! Astrid Lindgren! Maria Gripe!

sl said...
This comment has been removed by the author.
sl said...

Eg tek sjansen på at også menn kan kommentere, og nemner Alice Munro, Flannery O'Connor og Jayne Anne Phillips for prosa og Cecilie Løveid og Kate Næss for poesi.

Bai said...

@ Knirk: Kate Morton er ikkje eg så begeistra for. Eller, eg har bare lese dei 140 første sidene av Tilbake til Riverton før eg gav opp heile boka, men ho fallt liksom ikkje heilt i smak. Elles var det fleire namn her eg ikkje kjenner, som eg må finne ut meir om. Også er eg litt flau over at eg gløymde Astrid Lindgren. Ho fortener absolutt ein plass på mi liste også.

@sl: Cecilie Løveid er eg einig med deg i at burde fått vere med. Ho er ein svært god lyrikar. Alice Munro tenkte eg også på, men eg har foreløpig lese litt for lite av henne til å meine noko om henne, trur eg. Men eg har likt det eg har lese.

Ugla said...

Maria Parr, tar barnelitteratur til nye høyder. Jeg elsker boka om Tonje Glimmerdal.

Vet du at jeg skrev særoppgaven min om Cora Sandel?

Bai said...

Tonje Glimmerdal har eg heller ikkje fått lese ennå, men eg har jo skjønt at eg må gjere det, snart.

Så morsomt at du skreiv særemne om Cora Sandel. Eg er veldig glad i hennar bøker. Eg har faktisk tatt eit 10 studiepoengsemne om henne ein gong i tida. Kranes konditori er veldig fin.

Anna said...

Alice Munro,
Jhumpa Lahiri (en helt fantastisk novelleforfatter som ingen i Norge har hørt om, på tross av at hun har vunnet Pulitzer)
Annie Proulx (nok en utrolig novelleforfatter),
Siri Hustvedt,
Helen DeWitt (som har skrevet en av mine absolutte favoritter; The Last Samurai, som handler om en veldig språksmart liten gutt i USA),
Selma Lagerlöf (Gösta forever!),
J. K. Rowling,
Astrid Lindgren,
Doris Lessing,
Halldis Moren Vesaas,
Olaug Nilsen,

Anonymous said...

Veldig gode navn! Jeg har bare lest Bachmann, Undset, Nemirovsky, Plath og Lagerlöf av de du nevner, men de er store favoritter her også. De andre du nevner er navn jeg har lagt meg på minnet og gleder meg til å lese. Flere favoritter er Emily Dickinson, Margaret Atwood, Jane Austen, Inger Hagerup og Toni Morrison.

Det er fint å samle navn på denne måten, for da blir man påminnet om at mennene ikke har enerett på å skrive de gode bøkene;-)

Strindin said...

Vil slå et slag for den unge norske Mirjam Kristensen. Syne hun har skrevet flere gode romaner og er en spennende forfatter å følge videre.